tirsdag 22. mai 2012

Canon 60Da

I april kom Canon med ein arvtakar til 20Da. For dei som ikkje veit det, er dette eit spegelreflekskamera som er modifisert for å fungere betre til fotografering av astronomiske objekt. Kameraet ligg nok i ei nokså smal nisje, og det er såleis beundringsverdig at Canon vel å bruke tid og ressursar på utvikling av eit slikt kamera. Så; kva er Canon EOS 60Da?
Fotografar som ynskjer å fotografere objekt på stjernehimmelen har mange utfordringar:


Stabilitet
Når ein opererer med lang brennvidde og lange eksponeringstider, er det viktig med solid montering og motorisert drivverk.

Intervall
Kameraet bør ha høve til intervallfotografering, enten via laptop eller ekstern trådutløysar.

Fokusering
Det er utfordrande å fokusere på så lyssvake objekt. Mattskiva i kameraet stjel mykje lys. Ofte kan det vere greit å ta testeksponeringar, og finjustere fokus. Live-view fungerer faktisk ganske bra, særleg om du har nokre middels sterke stjerner i feltet og køyrer litt høg ISO.

Støy
Lange eksponeringstider fører til mykje bildestøy. Mykje av dette skuldast elektronisk støy frå kameraet, samt at varme frå kameraet skapar ytterlegare støy på bildebrikka. I dedikerte astronomiske kamera vert bildebrikka kjølt ned med Peltier-element, noko som minimerer støyen betrakteleg. I tillegg er ofte kamera utstyrt med monokrom CCD-brikke.

Den raude fargen skuldast lys i bølgelengda hydrogen-alfa (656,28nm).
Motivet er den kjente hestehaudtåka i Orion (svart, liten siluett i midten).
Biletet er tatt med original Canon 20D, 6x5 min kombinert eksponering.
Modifikasjon
Astrofotografar har lenge sjølv modifisert spegelreflekskamera for å forbetre eigenskapane til astronomisk bruk. Denne operasjonen har ofte gått ut på å fjerne/bytte IR-filteret framfor bildebrikka, noko som krev at kamerahuset vert opna (med påfølgande tap av garanti!). Naturleg nok var ikkje alle komfortable med å opne, skru, lodde og fikle på kamerahus sjølv! Ein fekk dog kjøpt spesielt modifiserte kamera, modifisert av tredjeparts leverandør, faktisk med garanti! Canon ville nok kapre litt av denne marknaden sjølv, og lanserte dermed 20Da i si tid. Det var det første Canon-huset med live-view. No er oppfølgaren komen, basert på Canon 60D. Forutan endring av IR-filter, er kameraet no utstyrt med tiltbar skjerm som kan roterast ut frå kamerahuset. Dette gjer at ein kan få skjermen vekk frå kamerahuset under langtidseksponering, noko som er nyttig for å avgrense støy. I tillegg er det enklare å sjå skjermen, sidan kameraet ofte står i ein litt vanskeleg posisjon når det står montert på teleskop.

Kvifor?
Mange astronomiske objekt sender ut lys i ei spesifikk bølgelengde som ligg i det infraraude området. Dette er hovudsakleg snakk om lys frå gasståker. Bølgelengda ligg heilt i utkanten av auget sitt synsområde (656,28 nm), og dei fleste kamera har nokså dårleg sensitivitet i dette området pga det originale IR-filteret på bildebrikka. Ved å bytte ut dette filteret, får ein signifikant betre sensitivitet.
Dette påverkar dog bruken av kamera til fotografering av vanlege objekt, sidan IR-filteret naturleg nok har ein funksjon for vanleg fotografering. Dette kan ein løyse ved å montere eit tilsvarande IR-filter framme på objektivet. (Utan dette filteret får du kraftig raudstikk på bileta).

Gasståka M42 i Orion, fotografert med original Canon 20D.
5x5min kombinert eksponering, 800 ISO, 540mm brennvidde.
Japan Photo sin spesialbutikk for kikkertar, teleskop, mikroskop og spottingscope, dinkikkert.no, har no Canon 60Da på lager! Ta kontakt for meir informasjon. Eg kjem tilbake med ein meir utførande test av dette kameraet etterkvart.

onsdag 25. april 2012

Venuspassasje - siste sjanse i vår tid

6.juni 2012 er ein stor dag for alle astronomiinteresserte. Venus passerer framfor sola, ei hending som sist skjedde i 2004. Neste passasje er i 2117, så dette er siste sjanse for vår del. Her er nokre tips for den store dagen!

Venus passerer framfor sola 8.juni 2004. Biletet er teke av underteikna
med eit spegelteleskop på 800mm brennvidde og opningsforhold f/4.
Kva skjer?
Venus si bane har ein vinkel på ca 3.5 grader i forhold til jorda si bane, noko som medfører at planeten stort sett passerer over eller under sola når den passerer mellom jorda og sola. Men ein sjeldan gong stemmer alt perfekt, og planeten kan sjåast som ei lita svart skive på sola. Kontrasten mellom den lyse sola og siluetten til Venus er ekstrem!

Når?
Planeten vert først synleg i kanten på sola onsdag 6.juni kl 00:04, og står lengst inne på sola kl 03:29. Siste rest av planeten er synleg kl 06:53. Folk flest får kun med seg den siste delen av passasjen, fordi sola først står opp over horisonten litt ut på morgonkvisten. Skal du få med deg mest mogleg, må du reise nordover i Noreg.

Korleis?
Observasjon av objekt på/mot sola er svært skadeleg, med mindre ein tek sine førehandsreglar. Det enklaste er å bruke solformørkingsbriller. Denne metoden er trygg, og ein ser då Venus som ein liten svart flekk mot sola.
Venuspassasjen i 2004 observert ved hjelp av solformørkingsbriller.

Om du ynskjer å forstørre bilete noko, må du bruke eit dedikert solfilter. Ikkje fall for freistinga å bruke sota glas, firedoble lag med solbriller, fotografisk film eller andre typar improviserte medium som solfilter. Sjølv om lysstyrka kanskje verkar behageleg nok, er det stor sjanse for at desse filtera slepp gjennom skadelege bølgelengder som ein ikkje umiddelbart merkar. Synet er for dyrebart til å ta sjansen.

Mitt teleskopoppsett under Venuspassasjen i 2004. Heimelaga solfilter,
basert på godkjent og 100% sikker solfilterfolie. Ei billig og sikker løysing.

Den flottaste løysinga er å bruke eit dedikert solteleskop, gjerne eit hydrogen alfa-teleskop som lar deg sjå ein heilt spesiell del av solatmosfæren. Med eit slikt teleskop kan du sjå gasstunger som strekk seg ut  i rommet som små "armar" eller filament. I tillegg kjem soloverflata verkeleg til live!

Fotografere?
Ja, det går veldig fint! Berre hugs solfilter! Bruk gjerne manuelle innstillingar, sidan den lyse sola mot den mørke himmelbakgrunnen kan lure lysmålaren. Du treng ikkje lange brennvidda for å få med deg Venus. Ta gjerne bilete i råformat, så har du litt meir å jobbe med i etterkant! Du får ikkje ein ny sjanse!

Som med dei fleste astronomiske observasjonar, er det vèret som er den usikre faktoren. Vi får håpe at alle er heldig denne dagen!

tirsdag 17. april 2012

God atmosfære

Atmosfæren vår er ei kjelde til mange flotte fotomotiv. Kombinasjonen mellom luft, vassdamp, iskrystallar og sollys kan føre til eit utal optiske fenomen. Av og til må ein klø seg litt i bakhovudet, for så å google litt på internett for å finne ut kva ein eigentleg har sett. Heldigvis lar dei fleste fenomena seg fotografere! Her er eit knippe fenomen, med ei enkel forklaring!

Halo: Lav terrengskodde framfor meg, med sola i ryggen. Eg står i vegen for sola,
og kastar dermed ein skugge ut i lufta. Denne skuggen treff veggen av tåke, og teiknar 
dermed siluetten min på tåka. Litt flott lysbryting i ein halo rundt meg! Du kan ofte sjå 
noko liknande når du er ute og flyr, og ser skuggen til flyet mot skyene under.

Solhalo: Dette fenomenet skuldast lysbryting i iskrystallar høgt oppe i atmosfæren,
og ein kan ofte sjå dette fenomenen sommartid. Du oppdagar ofte ikkje ringen før ev.
sola er skjult bak eit objekt, td eit hushjørne eller ein lyktestople. I tillegg ser du to
"solhundar" på kvar side. Desse skuldast òg lysbryting, og opptrer på heilt spesielle
plassar og avstandar i forhold til sola. Av og til ser ein kun "solhundane".


Måneboge: Alle har høyrt om regnboge. Dette er ein regnboge fotografert midt på
natta, med månen som lyskjelde. Ikkje ofte at ein ser slike så skarpt derfinerte.

Månehund: Litt det samme som "solhund", bortsett frå at det her er månen som
er primærlyskjelda. Du er avhengig av nokså full måne for å få kraftig nok lys.

Perlemorsskyer: Skuldast lysbryting høgt oppe i atmosfæren, og kan ofte sjåast
midtvinterstid under kalde forhold. Dette biletet er ikkje særleg spektakulært, men
viser litt det flotte lysspekteret som opptrer.

torsdag 22. mars 2012

Følgefokus - øving gjer meister

Følgefokus er eit kamera si evne til å fokusere kontinuerleg på eit objekt som bevegar på seg. Dette stiller store krav til både kamera, objektiv og fotograf. Under Fagernes Flyshow forrige helg fekk utstyr og teknikk brynt seg. Modellfly går raskt, modellfly med jetmotor går veldig raskt...
Lowpass med røyk, eit utfordrande fotomotiv!

  • Kameraet må ha ei autofokusalgoritme som er god nok til å måle og tolke rørslene, slik at det kan estimere korleis objektet bevegar seg. Denne informasjonen brukar kamera til å kalkulere korleis objektet truleg kjem til å bevege seg. Dette gjer det enklare å få eit større antal skarpe bilete. Nokre fotografar brukar kun eit fokuspunkt i sentrum, medan andre vel å bruke fleire fokuspunkt samtidig. Her må ein berre finne ut kva som fungerer for kvar enkelt fotograf.
  • Objektivet må ha ein rask og nøyaktig autofokusmotor, som klarer å justere fokusen jamnt basert på informasjon frå kamera. Det kan vere ein fordel med litt tyngde i objektivet, sidan dette jamnar ut rørslene litt. Men pass på, det vert fort for tungt! Nokre objektiv har i tillegg ei eiga panoreringsinnstilling på bildestabilisatoren, denne kan vere gull verdt.
  • Fotografen må velge riktige eksponeringsverdiar (rask lukkartid, stor blendar), riktig fokuseringsmetode (kontinuerleg fokus), og i tillegg fysisk følge motivet i søkaren. Litt av trikset er å kunne forutsjå korleis motivet kjem til å bevege seg.

Til desse bileta brukte eg eit Canon 7D kamerahus. Dette har svært god autofokusfunksjon, nesten på høgde med proffserien 1D. I tillegg har den nokså rask skuddtakt, ca 9 bilder pr sek. Dette kjem godt med for å sikre seg skarpe bilete. Eg brukte eit fast teleobjektiv med 200mm brennvidde og stor blendaropning. Canon EOS 200mm f/2 IS er sylskarpt, ekstremt lyssterkt og har god bildestabilisator. Objektivet ligg nok i den øvre prisklassa, men du kan òg få svært gode resultat med rimelegare objektiv. Fotograferingsteknikken har mykje å seie for sluttresultatet.

Autofokusen må jobbe hardt her! (Til info, modellflyet er omlag 2 meter langt)
Korrekt og bra panorering er ei stor utfordring. Det er ein fordel å ha god fotstilling, samt å plassere kroppen slik at du ikkje "kjem til kort" under panoreringa. Om du har kroppen vendt mot den plassen du forventar næraste passering, har du høve til å vri kroppen 90 grader i begge sideretningar. Då er du stort sett sikra. Kameraoppsettet veg ofte litt, (i mitt tilfelle over 3 kg), så det lønner seg å halde armane tett inntil kroppen og bruke kroppen som støtte. For å få godt resultat, er det stort sett ein ting som gjeld. Øving. Det er ikkje lett i starten, men etterkvart får du inn teknikken. Då klarer du å følge objektet med rolige jamne rørsler. Hugs: Kameraet må halde fram og følge objektet når du tek bilete, på samme måte som når ein skyt med hagle.

Lang lukkartid, kombinert med panorering på bilen, gjev god kjensle av fart.
Om du vel litt lengre lukkartider, får du ein meir diffus og utvaska bakgrunn. Det kan gje eit god kjensle av fart. Merk at det vert litt vanskelegare å få perfekt fokus på motivet. Når ein jobbar med stor blendar og lange brennvidder, er djubdeskarpleiken i tillegg nokså avgrensa.

torsdag 8. mars 2012

Konsertfotografering - enklare enn du trur

Mange ferske fotografar møter veggen på sin første konsertfotoshoot. Utfordringane står i kø: Lite lys, masse rørsler, folk i vegen heile tida, fargane vert rare, bileta vert uskarpe. Frustrerande. Her skal du få nokre gode tips på vegen. Det er enklare enn du trur.

Ikkje vanskeleg å tenke seg til kva band dette er.
Motlys og røyk skapar stemning.
Noko av det artigaste eg gjer innan fotografering, er konsert/festivalfotografering. Eg har i mange år dekka ulike typar konsertar og festivalar for media. Dei ynskjer ofte biletseriar, med ei fornuftig fordeling mellom scene og publikum. Det er kanskje meir viktig å dekke folkelivet enn artistane! 

Som akkreditert fotograf kjem ein nærare artistane. I tillegg skjer det alltid mykje. Ikkje berre på scena, men òg blant publikum. Å dekke heile pakken er krevande, men belønnande når det klaffar. Konsertfotografering treng ikkje vere vanskeleg. Men nokre grunnreglar er verdt å få med seg:

Akkreditering
Har du presseakkreditering, får du ofte tilgang til området mellom scena og publikumsgjerdet. Dette gjev deg ein eksklusiv tilgang til artistane, og lar deg få gode nærbilete. Men i tillegg får du òg ein ypperleg sjanse til å få tatt bilete av folkemassa og jublande personar som heng over gjerdet. Ikkje la denne sjansen gå frå deg! Akkreditering får du som oftast ved å ta oppdrag for ei avis eller nyhetsmedium, men du kan òg bli akkreditert ved å ta kontakt med arrangøren. Fotoklubbar har av og til avtalar som kan gje deg betre betingelsar. Det skadar uansett ikkje å undersøke! Hugs at når du har presseakkreditering, representerer du arbeidsgivar utad. Oppfør deg deretter!
Fotovinklar ein kun får rett framfor scena. Her er 24mm til god hjelp!
Fotorestriksjonar
Dei fleste konsertar og musikkfestivalar har ei eller annan form for fotorestriksjon. Av og til får du eit ark med oppsett, av og til vert informasjonen formidla munnleg. Dei første gongane er det litt provoserande når det kun er  tillatt  med fotografering under dei tre første låtane, spesielt når det står hundre tilskodarar og fyrer laus med kompaktkamera og blitz under heile konserten! Likevel; berre ta det til etteretning. Det er liten vits i å kverulere på dette. Finn du manageren til artisten, kan du ev. spørre vedkommande om løyve til å fotografere meir. Om du bryt reglane, kan du (og ev. oppdragsgivaren din) bli vist vekk frå området. Det tener ingen på. Om artisten/managaren totalnektar fotografering, eller ber deg skrive under avtale som gjev retten på bileta vidare til artisten, så håpar eg at du har mot nok til å seie "nei, takk". Slike artistar fortener ikkje mediaomtale eller merksemd på nokon som helst måte! 

Øyrepropper
Personleg er dette noko av det viktigaste utstyret ein tek med seg på konsert. Når ein står så nært scena, er lydvolumet signifikant! Beskytt hørselsen din med øyrepropper. Legg gjerne litt pengar i skikkeleg kvalitetspropper som beheld lydbiletet nokså uendra. I tillegg vert det meir behagleg å utføre jobben. Eg vert stadig skremt av unge folk som står heilt framme med gjerdet utan propper. Øyresus varer livet ut.

Bilete av personar, særleg ungar
For min del består festivalfotografering ofte meir i å dokumentere stemninga, både på scena og blant publikum. Personar gjer mykje rart og artig på festivalar, mykje kan forevigast på bilete. Nokre hendingar registrerer ein, men lar kamera klokt ligge! Av og til spelar lys og skugge på lag, slik at ein får vakre motiv med siluettar.
Av og til oppstår det søt musikk på festival.
Du kan i utgangspunktet ta bilete av kven du vil når folk er på offentlege stadar og arrangement, men ver varsom med fotografering av mindreårige og ungar. Særleg dersom bileta skal publiserast. Om du ser eit potensielt blinkskot, sørg for å sikre deg det! Deretter tek du kontakt med ungen, og ber om å få snakke med foreldra. Dei fleste foreldre synest det er greit at ein publiserer bileta av ungane, men respekter dei som IKKJE synest det er ok. Slett då bileta med ein gong.

To kamerahus
Personleg køyrer eg oftast to kamerahus, eit med vidvinkel (35mm) og eit med medium tele (85mm). I tillegg har eg med meg ein 24mm og ein 200mm, alt fastoptikk med stor lysopning. 90% av bileta vert likevel tatt med 35 og 85mm. Kamerahusa har eg hengane i eit selesystem (eg brukar Black Rapid), som gjer at eg raskt kan veksle mellom dei to brennviddene.

Lyssterk optikk
Som sagt; eg køyrer fastoptikk. Du kan godt bruke zoom, men eg likar (som referert i tidegare blogginnlegg) den ekstreme lysstyrken, den snevre djubdeskarpleiken og måten fastoptikk påverkar måten ein fotograferer på. Vel objektiv med blendar på f/1.8 eller raskare. Gjerne f/1.2-1.4.
Av og til legg ein merke til eit fyrverkeri av fargar!
35mm f/1.4 hjelp på for å isolere motivet frå bakgrunnen.
Kamerainnstillingar
Eg brukar manuell innstilling, eller blendarprioritet. Som oftast klarer eg meg godt med blendarprioritet! Full, eller nesten full blendar, relativ høg ISO (800-1600) og punktlysmåling. Som regel er det meir enn nok lys, men utfordringa er at lyset er konsentrert på små flater, og at lyset ofte vekslar. Bildestabilisator høyrest i utgangspunktet fornuftig ut, men den hjelp lite når motivet er i rask rørsle. Det er ein fordel å bruke RAW-format, for kvitbalansen vil ofte endre seg mykje. Spesielt under arrangement utandørs, der ein har mange ulike typar lysforhold og lyskjelder.

Blitz
Nei

Feel the rhythm
Mange av dei som køyrer lyset under konsertane legg på litt ekstra guffe og effektar under dei første låtane. Eg likar å tru at det er til ære for fotografane! Bruk dette høvet godt, og legg merke til samspelet mellom musikk og lys. Ofte finn du mønster og rytmar som gjer at du kan forutseie når eit spesifikt lys kjem. Pyroteknikk er heller ikkje vilkårleg lagt på. Eg brukar av og til å snakke med lysmannen på førehand for å få nokre tips om kva som kjem til å skje og korleis lyset vert. Som fagfolk flest elskar dei å snakke om faget sitt, og det er ikkje vanskeleg å få gode råd! Konfettikanona vert som oftast berre fyrt av  ein gong, og då gjeld det å stå klar med kameraet.

Stopp rørsler
Vokalistar og gitaristar har det med å bruke heile scena, og det kan såleis vere vanskeleg å finne augneblikk der dei står stille nok. Bruk difor desse høva godt. Om du tek bilete av motiv som rører på seg, prøv å ta biletet akkurat der rørsla stoppar. Eit eksempel på dette kan vere når gitaristen klatrar opp på ei høgtalar og hoppar høgt opp i lufta. Ta biletet når tyngdekrafta vinn over spensten.
Bruk gjerne litt lengre eksponeringstid for å slurre ut rørsler. Ca 1/8 til 1/25 sekund fungerer ofte bra.
Litt lengre lukkartid, for å skape fin effekt i biletet.
Kjapp oppsummert
Førebu deg godt, ta med deg kun det du treng. Bruk føtene og augene. Ta hensyn til publikum og artistar. Følg med på lyset, bruk det når du har sjansen. Tenk kreativt, og sjekk bakgrunnen for forstyrrande element. Leik deg med lengre lukkartider! Hald deg unna fulle personar som snøvlar og siklar på kamerautstyret ditt. Kos deg med musikken!

tirsdag 14. februar 2012

Format på bilete - kva skal ein velje?

Eit spørsmål som vår kundeservice ofte får frå kundar, er kva format dei skal bestille bileta i. 10x15cm var standard storleik for 135-film. Mange vel dermed automatisk denne storleiken, men fleire vert skuffa. Bileta vert kutta oppe og nede. Kvifor skjer dette, og korleis unngår ein det? Og korleis fungerar ulike format?




Formatet på papirbilete og forstørringar har mykje å seie på korleis ein oppfattar biletet. Berre tenk på rektangulært, kvadratisk og avlangt (panorama) format.
Gjennom historia har ulike produsentar nytta fleire ulike format på sine kamera. Sjølv om ein ofte har forholdt seg til bransjestandardar, er det alltid nokon som har ei god forklaring for kvifor akkurat DETTE formatet er det beste. Mykje av teorien bak bildeformat dreiar seg om korleis mennesket (og kanskje spesielt auget) les og tolkar eit bilete.

Phi (Φ)
Eit mykje kjent begrep i antikken og renessansen innan målarkunst og arkitektur, er begrepet phi (Φ). Dette er eit forholdstal som ein finn over alt i naturen, og som dermed ubevisst er ein del av vår oppfatting og tolking av ting vi ser.
Phi er òg kalla det gyldne snitt, og er definert i talet 1,618 (vi held oss til tre desimalar). Det gyldne snitt kan forklarast slik:
Deling av ei linje eller ei flate i to delar, slik at den minste delen forheld seg til den største delen, slik denne forheld seg til heile linja eller flata.
Dette høyrest kanskje litt kryptisk ut, men hugs talet 1,618! Delingforholdet finn ein att mange stadar i naturen, eit enkelt døme er menneskekroppen. Lengda frå skuldra til fingertuppane sett i forhold til lengda frå albogen til fingertuppane er eit mykje brukt eksempel.

Innan fotografering og bildeformat er det lettast å bruke det gyldne snitt som ei rettesnor. Prøv å beskjær eit bilete slik at forholdet mellom lengda og høgda er ca 1,6. Du vil truleg oppfatte biletet som behageleg proporsjonert. Dersom du òg plasserer sentrale element i biletet basert på dette forholdstalet, har du eit klassiske eksempel på det gyldne snitt. Mange av bildeformata våre baserer seg på det gyldne snitt, men har nokre små avvik. Dette kan skuldast praktiske grunnar, og at ein ynskjer å avrunde til standardmål som allereie vert nytta i andre situasjonar. (Tredeling vert òg mykje brukt i samband med det gyldne snitt, men dette er ikkje heilt det samme. Tredelingsregelen er ei forenkling av phi.)

Korleis eit 3:2 utsnitt (10x15) kan sjå ut på ulike format.
Nokre forholdstal
For å finne forholdstalet, delar du lengste mot kortaste side.
Døme på forholdstal på nokre klassiske film og papirformat:
4x5 = 1,25
6x6 = 1
6x7 = 1,16
6x9 = 1,5
10x15 = 1,5 (3:2)
10x13 = 1,33 (4:3)
15x20 = 1,33
10x18 = 1,8
10x25 = 2,5
Eldre tv-skjerm (PAL-systemet) = 1,33 (4:3)
Widescreen-skjerm (HDTV) = 1,77 (16:9)

Som vi ser, er 10x15 det formatet som passar best med phi, og det er vel kanskje ikkje utan grunn at dette formatet har vore eit av dei mest brukte. 10x15 tilsvarar 4x6 tommar, noko som gjer det lett å rekne på både i metrisk- og tommemål.

Kvadratisk format
Eit kvadratisk utsnitt har vore mykje brukt innan fotografi. Særleg har Hasseblad og andre produsentar av mellomformatkamera brukt dette formatet (6x6).  Fordelen med eit slikt format er at ein ikkje treng å bytte mellom liggande og ståande format. Dette forenklar konstruksjonen av kameraet, sidan ein kun treng å lage eit kamera som kan brukast ein veg. I tillegg står fotografen fritt til å ev. velge utsnitt under kopieringa i etterkant. Sjølv om avviket frå forholdstalet phi er stort, fungerer formatet veldig bra likevel. Dette skuldast at kvadratisk form òg er ei sterk form innan geometri og arkitektur.

Panorama
Dette formatet har ei form som tilsvarar den opplevinga ein har når ein panorerer hovudet frå side til side, td når ein står og nyt ei storslagen utsikt. Formatet passar sjølvsagt best når du har eit motiv som er enten veldig høgt eller avlangt. Ved å kutte vekk unødig himmel og forgrunn, får du fullt fokus på hovudmotivet. APS-filmen hadde eit eige format på 10x25 som mange syntes var spennande. I dag vert panorama brukt mykje innan produksjon av bilete på lerret. Det å få eit bilete i panoramaformat i stor storleik på veggen gir eit flott inntrykk!

Uheldig beskjæring
Vår kundeservice får som sagt mange spørsmål knytta til beskjæring. Ofte kan vi oppsummere desse i to problemstillingar:
  • Val av feil format
Kompaktkamera har oftast bildebrikke i formatet 4:3 (1,33). Om du ynskjer å bestille papirbilete av bilete tatt med eit slik kamera, må du ofte velje 10x13cm.
(Legg merke til at nokre kompaktkamera kan ta bilete i ulike format, for å gjere forvirringa litt større). 
Du kan bestille desse bileta på 10x15cm òg, men då vert biletet kutta litt oppe og nede fordi formatet på fila og fotopapiret ikkje stemmer overeins.

Om du er usikker på formatet, sjå høgde- og breiddetala (i pixlar) på bildefila. Del høgaste pixeltal med lågaste, og du får eit forholdstal. (td 3200:2400 = 1,33). Vel 10x13cm om dette talet er 1,33. Vel 10x15cm om talet er 1,5.
Spegelreflekskamera har tradisjonelt sett hatt formatet 3:2 (1,5). Dette formatet er det samme som var standard på 35mm (135-film). Om du vel 10x15cm fotopapir på desse filene, passar formatet perfekt!

Dei grå felta oppe og nede viser kva som forsvinn
om du kopierer ei 10x13 fil på 10x15cm papir.
Bestillingssida på nettsida vår vil automatisk foreslå det formatet som passar best til filene dine. Om du stoler på denne, vil du få korrekt format utan kutting. Endrar du på dette forslaget, kan du risikere at bileta dine vert uheldig kutta.
  • beskjært av kunde i feil format
Vi har hatt mange saker der kundar klagar over kutting av bilete. Når vi har sett nærare på bildefilene, har det synt seg at filene ofte har svært ulike filstorleik og bildeforhold. Kunden har då ofte vore inne og kutta til bileta, utan å ta hensyn til formatet. Dei har kort og godt berre kutta vekk det som ikkje passar.
Det er då stor fare for at bileta ikkje passar til nokon av våre format. Systemet vårt vil då foreslå det formatet som ligg nærast, men uansett kan bileta bli kraftig kutta.

Kjapp oppsummert
- Forholdstalet er forholdet mellom lengste og kortaste sida.
- Det gyldne snitt er definert med phi, som har forholdstal på 1,618.
- Kompaktkamera har stort sett 10x13cm som småbileteformat.
- Spegelreflekskamera har stort sett 10x15cm som småbildeformat.
- Nokon kamera lar ein velje mellom ulike bildeformat.
- Om du er usikker på format, sjekk bildefila og sjå kva forholdet mellom lengde og høgde tilsvarer.
- Uheldig kutting av bilete skuldast som oftast val av feil format.
- Om du skal beskjære bildefilene dine sjølv, sørg for at formatet stemmer overeins med utskriftsformat.

tirsdag 31. januar 2012

Kvitbalanse - har du kontroll?

Fargetemperatur og kvitbalanse er begrep som vert brukt mykje innan fotografering. Korrekt bruk av fargetemperatur kan gjere underverk for eit bilete, men kva er riktig innstilling? Og kva er kvitbalanse eigentleg?
Ein enkel måte å sjå effekten av ulik fargetemperatur.
Ulike typar gatelampar skapar ulike fargar i biletet.
Vi som vaks opp med film (om du ikkje veit kva dette er, snakk med nokon som er skikkeleg gamle!), hadde ofte problemstillinga med at bilete teke innandørs i stova vart gule. Bilete teke utandørs derimot vart heilt ok. Dette skuldast at folk stort sett brukte filmar med dagslystemperatur. Dette kunne til ei viss grad korrigerast med fargefilter, men dette vart sjeldan gjort hjå den vanlege forbrukaren.


Forklaring for folk flest
Kvitbalansen ("white balance/WB") er ei innstilling på kameraet som gjer at bilete tatt under ulike typar lyskjelder likevel kan få naturlege fargar. Om du tek bilete i lyset frå eit stearinlys, eller ute i skuggen ein knallfin dag med blå himmel, så vil desse bileta ta seg veldig ulikt ut om du brukar samme fargetemperatur. Difor kan det vere lurt å stille på kvitbalansen alt etter type lys. Alle kamera har ei "auto"-innstilling, som oftast fungerer heilt ok. Ser fargane på biletet litt unaturleg ut? Då er det truleg kvitbalansen som er feil.
Tek du bilete i direkte sollys? Bruk innstillinga SOL
Tek du bilete i lyset frå glødelampar? Bruk innstillinga GLØDELAMPE
Du forstår truleg poenget.

Forklaring for nerdar
Fargetemperatur er det lyset ein får når ein varmar opp ein svart lekam til ein gitt temperatur (målt i Kelvin). Ein svart lekam er eit teoretisk objekt som absorberar absolutt all stråling som treff den, uavhengig av vinkel. I tillegg vil ein svart lekam sende ut termisk stråling, der frekvensspekteret er avhengig av temperaturen på lekamen. Sola er eit døme på ein lekam som er tilnærma lik ein svart lekam. Kelvin (K) er ein temperaturskala som har det absolutte nullpunkt (-273 grader Celsius) som nullpunkt på skalaen. 273 grader K vert då 0 grader C.

Omtrentleg fargetemperatur og ulike lyskjelder
Forenkla litt: Om du har ein glødelampe med dimmefunksjon, så vil du sjå at lyset er raudt på lavaste stille. Når du skrur opp på brytaren, vert fargen lysare og lysare. Standard glødelampar har ein temperatur på rundt 2500-3000K. Om du skrur opp temperaturen enno meir, vil lyset etterkvart bli meir kvitfarga. Wolframtråden i glødelampar likar ikkje uhorveleg høge temperaturar, så etterkvart vil glødetråden brenne av. Men om du kunne ha skrudd opp denne enno meir, ville fargen ha gått over mot blått.

Fargetemperatur er ikkje alt
Sola er ei fin lyskjelde. Den sender ut elektromagnetisk stråling (td synleg lys) i omlag alle bølgelengder som eksisterer. Vårt auge er i stand til å oppfatte ein liten del av dette strålingsspekteret, den delen vi kallar synleg lys. Auget vårt har dermed ein naturleg referanse på korleis ting skal sjå ut.
Men diverre har ulike lyskjelder ulik transmissjon av stråling. Dei fleste lysstoffrør sender ut eit nokså begrensa spekter. Normalt vil vi ikkje merke noko til dette, fordi hjernen vår har ei fenomenal evne til å omkalibrere synet vårt slik at ting ser normalt ut.

Prøv dette sjølv. Sjå på eit kvitt papirark i glødelampelys. Det er eigentleg heilt normalt ut. Ta så med deg dette arket utanfor døra di. Arket ser i starten litt blått ut. Etter nokre minutt legg du ikkje merke til denne blåfargen lengre; arket er kvitt ut. Dette fordi hjernen har ei svært god automatisk kvitbalanse.

Sjølvportrett tatt på eit offentleg toalett, med tilsynelatande monokromatisk lys!
Den einaste fargen som dette biletet tydelegvis innheld, er blått.
Tilbake til lysstoffrøret vårt. Sjølv om auget vårt tilsynelatande oppfattar dette lyset som normalt, kan du få nokre utfordringar om du skal fotografere i eit slikt lys. Bileta vil ofte bli litt grønaktig, alt etter type lysstoffrør. Sidan dette lyset manglar mange fargar, vil du raskt få problem med å korrigere bileta. Lyset vert veldig monokromatisk, nesten på grensa til svart/kvitt under enkelte forhold. Gatelyslampar har òg veldig spinkelt spektrum. Dette skuldast at dei har lysstoffrør med natrium eller kvikksølvgass i. Riktig nok får du lysstoffrør med såkalla fullspektrumfargar. Desse innheld ei gassblanding som sender ut eit tilnærma fullt spektrum innan synleg lys. I allefall godt nok til vårt bruk.

I praksis
Ein treng ikkje gjere det meir problematisk enn det er. Om du brukar innstillinga Auto, vil kameraet stort sett korrigere til korrekt kvitbalanse sjølv. Om du vil vere sikrare, bruk gjerne dei predefinerte innstillingane. Dette gjeld oftast i lys frå glødelampar og lysstoffrør, der kamera kan bli lurt. Om du i tillegg tek bileta i råformat, kan du lett fikse kvitbalansen i ettertid. Tek du i jpg-format, kan du likevel korrigere bildefila i ettertid. Men legg då merke til at fargane allereie er hardkoda i bildefila, og resultatet vert då på langt nær så bra...
 Sjølv dei enklaste kompaktkamera tek i utgangspunktet ei råfil som innheld kun rådata frå bildebrikka. Prosessoren i kameraet prosesserer så denne informasjonen etter beste hensikt, og lagrar informasjonen til minnebrikka som ei jpg-fil. Den originale råfila blir då ikkje brukt vidare. Om du har eit kamera som let deg lagre biletet som råfil, kan du sjølv prosessere fila og endre på alle parametera ein raw-konverter FØR du lagrar resultatet ut som ei jpg-fil. Dette gjer at du kan sette deg sjølv meir i førarsetet på korleis bileta skal sjå ut.

Korleis få korrekt fargetemperatur
Ein enkel måte å få korrekt fargetemperatur på, er å ta bilete i råformat. Då kan du nemleg sette fargetemperaturen i etterkant! Til dette kan du bruke eit kvitbalansekort. Dette er eit kort (ofte grått på farge) som har ei overflate som er laga av eit materiale som er svært spektrometrisk reint. Dvs at overflata er kalibrert til å gjengi ein viss farge, med stor grad av nøyaktighet. På mange av desse får du opplyst om RGB eller Lab-verdien på fargen. Då har du eit genialt hjelpemiddel!
Når du skal bruke dette kortet, tek du kort og godt bilete av det! Du opnar så biletet i raw-konverteren, og trykker på kortet med eit kvitbalanseverktøy. Då definerer du at gråfargen på dette kortet skal brukast som referanse, og at gråfargen er heilt nøytral. Raw-konverteren stiller så på fargane slik at dette kortet vert heilt nøytralt grått. No er det berre å bruke desse innstillingane på andre bilete tatt under tilsvarande lysforhold, og bileta vert heilt nøytralt justert.
Her stod kvitbalansen dessverre på lysstoffrør...
Heldigvis var det med eit kvitbalansekort på biletet!

Eit klikk på gråfargen med kvitbalanseverktøyet, og vips er biletet nøytralisert!
Av og til ynskjer du likevel naturlegvis å overstyre fargane litt. Bruk td. ikkje kvitbalansekort om du ynskjer stemningsfulle solnedgangsbilete. Mange likar i tillegg å legge på litt varm tone på portrett. Dette er individuelle vurderingar som du må gjere. Men eit kvitbalansekort er genialt til å fjerne uønska fargestikk. Legg merke til at begrepa gråkort og kvitbalansekort vert brukt litt om kvarandre.
Eit gråkort har tradisjonelt sett ein fast, grå farge, men denne gråfargen er svært ofte ikkje rein nok. Då kan det gi eit litt dårleg resultat. Gråkort brukar ein for å få korrekt eksponering, eit kvitbalansekort brukar ein for å få korrekt kvitbalanse.

mandag 23. januar 2012

Nordlysfotografering for dummies

Den siste tida har det vore forholdsvis lav nordlysaktivitet sør i Noreg, sjølv om solsyklusen eigentleg burde tilseie noko anna. Natt til mandag 23.januar fekk vi derimot vere vitne til eit naturleg fyrverkeri. Å fotografere nordlys er faktisk ikkje så vanskeleg, her er ei kjapp oppskrift.


Canon 7D, 24mm, 1600 ISO, 10 sek lukkartid, blendar f/3.5
Stativ
Sidan vi opererer med lange lukkartider, må vi bruke stativ eller legge kamera på eit fast underlag. Du treng ikkje ha det mest stødige stativet på marknaden, alt er betre enn å halde kamera med handa.

Utløysar
Det er ein fordel, men ikkje krav, med fjernutløysar på kamera. Då står du friare til å komponere biletet, sette opp faste innstillingar, og observere showet med eigne auge medan du eksponerer med tommelen. Det er ikkje eit sjakktrekk å trykke direkte på kamerautløysaren med fingeren, då rørsla er nok til å gjere biletet uskarpt med så lang lukkartid.

Kamera
Spegelrefleks er best, men kompaktkamera med manuelle funksjonar fungerer òg bra.

Brennvidde
Ingen grunn til å bruke lange brennvidder. Sats på vidvinkel eller ultravidvinkel. Då får du dekka ein større del av himmelen, og slepp å stille på stativhovudet heile tida. I tillegg bidrar den korte brennvidda til å gjere rørslene litt mindre tydelege i biletet. Minst 24mm (135-film ekvivalent) er passeleg, men gå gjerne for enno kortarte brennvidder om du har.

Blendar
Du kan sjølvsagt bruke svært raske blendarar til nordlys (td f/1.4), men då vert det kritisk med fokuseringa. I tillegg yt ofte ikkje objektiva maksimalt på slike store blendarar. Eg brukar rundt f/2.2 - 3.5, alt etter kva objektiv eg brukar. Då har eg eit godt kompromiss mellom lysstyrke og bildekvalitet.

Lukkartid
Nordlyset har ofte ganske raske rørsler. Målet er å halde lukkartida så kort som mogleg, men likevel så lang at du får med nok lys. Start med 10 sek, og gå kortare om du ynskjer å fryse meir av rørsla (du bør då kompensere med auka ISO). Du må ofte eksperimentere litt for å finne den optimale eksponeringa.

ISO
Bruk høg ISO. Moderne kamera har så lågt støynivå at du kan bruke 1600-3200 ISO utan store problem. Om det er kaldt ute, bidreg dette òg til å kjøle ned bildebrikka. Då blir det mindre støy. Start på 1600 ISO, og sjå om du treng meir etterkvart.

Fokus
Fokus er kritisk. Ikkje gjer tabben med å stille kameraet på uendeleg og så tru at fokusen vert perfekt! Dei fleste objektiv har eit uendeleg-punkt (stjernefokus) som ikkje samsvarar med uendeleg-teiknet på objektivet. Bruk gjerne live-fokus, og fokuser manuelt på eit lyspunkt som ligg langt unna. (Sterk stjerne, gatelys langt unna). På ein liten kameraskjerm ser ofte bileta veldig skarpe ut, men det skal ikkje mykje til før stjernene vert skiveforma.

Komposisjon
Tenk gjerne litt kreativt under fotograferinga. Ikkje ta berre bilete av himmelen, men få med litt terreng, busetnad eller andre element. Dette gjer mykje for biletet. Om du legg på ein blitz i tillegg, kan du få med  personar i framgrunnen (desse vert skarpe pga blitzen) og nordlyset i bakgrunnen.

Og nordlys; kva er det?
Kort fortalt så er det partiklar frå sola som vert styrt inn mot polane pga jorda sitt magnetfelt, og som eksiterer atom i atmosfæren slik at dei sender frå seg monospektralt lys i ulike bølgelengder (avhengig av kva gass som vert eksitert).

Kort oppsummert:
- vidvinkel
- stativ
- fjernutløysar
- 10 sek lukkartid
- blendar f/3.5
- 1600 ISO
- fokus på uendeleg
- idyllisk komposisjon

tirsdag 17. januar 2012

Portrettfotografering - val av objektiv

I utgangspunktet fungerer dei fleste objektiv til portrettfotografering, i allefall til ei viss grad. Likevel snakkar vi gjerne om "portrettobjektiv". Kva er det som kjenneteikner eit portrettobjektiv, og kva er det som gjer slike betre eigna til denne type fotografering?
Eit heilportrett, tatt med 50mm fastoptikk med blendar f/1.2.
Legg merke til den svært avgrensa djupteskarpleiken.
Det vert feil å kategorisk dømme eit objektiv som "mindre eigna" til portrettfotografering enn andre. Det finst mange ulike typar fotografar, med svært ulike fotografiske uttrykk og preferansar. Nokon køyrer forutsigbart etter klassiske reglar og prinsipp, medan andre eksperimenterer meir og bryt grenser. Innan fotografi er det meste lov, og vi som betraktar eit fotografi kan godta ganske mykje om fotografen gjev inntrykk av å ha ei djupare meining bak. Ei rekkje med ikoniske og historiske portrettfoto er tatt med ordinært utstyr. Berre tenk på det legendariske biletet av Che Guevara, reprodusert på millioner av t-skjorter verden over. Av og til har historisk betydning større effekt enn det reint kameratekniske.

Likevel. Om ein er ute etter eit forutsigbart resultat, er det nokre prinsipp og retningslinjer som kanskje kan vere til hjelp. Dette gjeld spesielt for dei som jobbar profesjonelt, eller har større krav til eit forutsigbart sluttresultat.

Brennvidder
Tradisjonelt sett er brennvidder på rundt 85mm reknar som gode portrettobjektiv. Dette avheng sjølvsagt etter kva utsnitt ein er ute etter. Ofte er gode portrettbilete eit resultat av kommunikasjon mellom fotograf og modell, og dette legg såleis ei viss føring på komfortabel avstand mellom desse.
For nær avstand medfører ofte at ansiktsproporsjonar vert fordreidd og lite flatterande, samt at den korte avstanden ofte kan gjere modellen litt usikker og nervøs.
For lang avstand gjev kanskje meir korrekt avteikning av modellen, men samstundes mister ein nærleiken og intimiteten som er med å forme eit godt portrettfotografi.
Til heilfigur er brennvidder på rundt 35mm godt eigna. 50mm gjev gode halvportrett, medan 85mm gjev eit tettare utsnitt. Nære portrett med kun skuldrar og ansikt oppnår ein lett med 100-150mm brennvidde eller meir. Men brennvidde er ikkje alt. I tillegg kan ein regulere utsnittet med fysisk avstand til modellen.
85mm objektiv er flott til nære og tette portrett. Dette portrettet av
mi bestemor (her 98 år) er tatt med naturleg lys som kjem inn eit vindauge.
Zoom- eller fastoptikk?
Klassisk kjelde til konflikt. Kva er best? Fastoptikk eller zoomoptikk? Ingen fasit, då begge har sine styrker. Personleg brukar eg hovudsakleg fastoptikk, sjølv om eg godt kan forstå at nokon føretrekk zoom. Her er mine argument for fastoptikk:

  • enklare og lettare konstruksjon
  • færre linseelement , betre bildekvalitet (generelt mindre sjanse for linserefleksjonar)
  • oftast meir lyssterke, med til dels stor blendaropning (f/1.4 til 1.2)
  • svært god optikk for pengane
  • DU MÅ BRUKE FØTENE MEIR (og ja, dette er positivt).

Hovudgrunnen til at eg brukar fastoptikk, er at det krev litt meir av meg. Eg kan ikkje lengre stå stille på samme plassen og håpe at utsnittet kjem til meg. Eg må fysisk flytte på meg for å endre utsnitt. Dette medfører at eg får sjå modellen frå fleire vinklar, og såleis kanskje finn ein vinkel som passar litt betre. Om ein brukar zoomoptikk, vert ein gjerne litt blind på dette om ein ikkje har det i bakhovudet. Dette gjeld ikkje spesielt portrettfotografering, men eigentleg generelt innan fotografering. Ein mister sjølvsagt fleksibiliteten med å kunne zoome inn og ut, men ein kjem som regel godt ut av det ved å ha to kamerahus tilgjengeleg med ulike brennvidder på.

50mm f/1.4, blenda ned eit par steg, tatt i gangfart.
Kanskje ikkje eit heilt standard portrett?
Blendar
Om ein jobbar i studio med hovudsakleg kunstig lyssetting, får ein sjeldan bruk for store blendarar. Det vert rett og slett for mykje lys! Ofte ligg ein i området f/8-16. I slike tilfeller kan ein klare seg godt med god zoomoptikk. Om ein jobbar mykje med naturleg lys, er stor blendaropning derimot ein fordel. God fastoptikk har ofte største blendar på f/1.4 eller f/1.2. Om du ikkje har brukt så store blendarar før, kjem du til å oppleve ei ny verd; ei verd med svært avgrensa djupteskarpleik.  Legg merke til at god fastoptikk med så stor blendaropning gjerne kostar ein god slump. Men dette er objektiv du har lenge, og brukar mykje! Personleg har eg mine favorittar i Canon 35mm f/1.4L, 85mm f/1.2L og 200mm f/2 L IS. Om eg har desse tre objektiva på eit oppdrag, har eg som oftast det eg treng. Desse objektiva ligg dog i den øvre prisklassa... (Andre objektivprodusentar har sjølvsagt sine eigne objektiv med tilsvarande kvalitet).

Ein fordel med gode portrettobjektiv er at dei ofte har blendar med avrunda blendarlameller. Dette gjer at blendaropningen får ei nærast perfekt sirkulær form. Dette gjev størst resultat på kvalitet og utsjånad på uskarp bakgrunn, kalla bokeh på fagspråket. Eit objektiv med god bokeh, gjev ein herleg, jamn og diffus uskarp bakgrunn på stor blendar (sjølvsagt avhengig av avstand til bakgrunnen). Dårleg bokeh viser td. lyspunkt i bakgrunnen som uregemessige skiver, noko som sjeldan er veldig flatterande for biletet.

Stor blendaropning krev dog stødig fokuskontroll. Fokusplanet er ofte berre på nokre få mm, og det er ikkje store rørsla som skal til for at motivet vert uskarpt. I tillegg må ein gjere eit meir beviss val om kva som skal vere i fokus. Heldigvis, fordelen med fastoptikk er at du har høve til stor blendaropning. Men det ER lov å blende ned for å få meir djubteskarpleik! Bruk riktig blendar til riktig føremål!

Prøv sjølv!
Heldigvis finst det billige og gode alternativ for deg som ynskjer å prøve fastoptikk. Dei fleste produsentar har td. 35mm f/250mm f/1.4 og 85mm f/1.8 i sitt sortiment. Prøv desse, og oppdag ei ny verd!

fredag 6. januar 2012

Når tryggleik er viktigast

Som nokre kanskje har fått med seg, har vi på nordvestlandet i romjula hatt besøk av eit kvinnfolk med sinne og krefter. Ruskevér og ekstreme hendingar er tradisjonelt sett attraktive fotoobjekt. Det kan både vere motiva i seg sjølv, samt sjølve tilhøva rundt som skapar utfordringa. Men av og til bør ein kaste inn handkledet og innsjå at tryggleiken trass alt har prioritet.
Dyster stemning i etterkant av orkanen Dagmar.
I løpet av dei siste åra har eg dekka ei rekkje med natur- / trafikkhendingar for ulike media. Enten det har vore snakk om lokale overflaumingar, skred, brann, vindskadar, haglstormar, kollisjonar eller snøkaos. Av og til dukkar ein opp i situasjonar når ein er på vegen, medan andre gongar vert ein ringt opp og må oppsøke skadestaden. Heile tida bør ein ha tryggleik i bakhovudet. Kor langt er ein villig til å gå for å få bileta ein ynskjer? Når bør ein trekke seg attende? Kva type bilete forventar oppdragsgjevar?
Bilete tatt på oppdrag frå media; resultat av ryddig kommunikasjon med skadestadsleiar.

Generell førstevurdering
  Sikring av skadestad
Godt råd ved sterk vind.
Det første ein bør gjere, er å ta ei rask vurdering av lokaliteten. I kva retning ligg næraste trussel, og kor enkelt er det å trekke seg attende? Er personar skada? Kan andre personar kome i skade ved at du posisjonerer deg (ev.bilen) på skadestaden? Er det lett for ev. andre bilistar å oppfatte situasjonen i god tid? Er det andre tilstades på staden? Set gjerne ut ein varseltrekant/naudblink, eller få andre til å gjere det.

  Varsling
Om du har fått førespurnad frå media, er som oftast redningspersonell (politi, ambulanse, brannvesen) underretta allereie. Er du førstemann til skadestaden, skal hjelp tilkallast om det er behov for det. Om det er fleire tilstades, er det lurt å delegere ansvaret rundt slik at ting skjer raskast mogleg. Om ingen andre tek kommando, ta kommando! Det verste er når ingen tek ansvar, og ein mister verdifull tid.

  Handling
Om personar er skada, start behandling. Fotograferinga har alltid mindre prioritet.

Oppførsel på skadestad
Om situasjonen er under kontroll, er det på tide å gjere jobben. Media ynskjer som oftast eit mms/e-postbilete så raskt som mogleg. Kampen mellom ulike media er stor! Ta gjerne kontakt med oppdragsgjevar for å oppdatere denne om situasjonen. Om du ynskjer å få fleire oppdrag seinare, ikkje send til fleire media samtidig! Då vert det med denne eine gongen; media ynskjer eksklusivitet!
Gjer deg kjend for redningspersonell/skadestadsleiar, og følg instruksjonane/begrensingane frå denne. Det er viktig at du ikkje går i vegen, då endar du opp med å bli forvist frå staden og oppdragsgjevar får seg ein smekk.

Etter at mms/e-postbilete er sendt, bør du sikre deg nokre oversiktsbilete og nokre nærbilete. Du veit aldri når du må trekke deg tilbake, og då gjeld det å ha eit representativt utval. Spar dei krevande og meir spesielle bileta til etterpå. Unngå stilliserte bilete ("mann framfor hus"), prøv å få med handling ("fotografere verb").

Lokalt store øydeleggingar i Loen sentrum.
Kva med Dagmar?
Orkanen Dagmar slo laust på nordvestlandet litt ut på kvelden 1.juledag. Eg var ute ein tur på kvelden for å sikre nokre lause gjenstandar, og erfarte raskt at fotografering vart uaktuelt. Når det bles så mykje at det er vanskeleg å trekke pusten, og vindkasta kastar store gjenstandar opp i lufta, er det lurast å søke tilflukt innandørs. Når furustammar med 30 cm diameter knekk tvers av i vinden, er det uansvarleg å bevege seg utandørs, sjølv med bil som framkomstmiddel. Som familiemann og småbarnsfar var det uansett uaktuelt å forlate familien. Utan straum, vatn og kommunikasjon vert kvardagen litt endra, og ein lyt ha andre prioriteringar.

Morgonen etter hadde vinden løya nokonlunde, og eg kunne ta meg ein tur utandørs. Heldigvis var det kun moderate skadar i vårt nabolag, samanlikna med stadar der vinden verkeleg hadde tatt godt tak. Ein biltur innover i fjorden avslørte kor tilsynelatande vilkårleg vinden hadde råka. Det var lett å sjå kvar vindkulene hadde herja.

Det er lett å la seg rive med når det skjer dramatiske og spennande hendingar, men det er fort gjort å sette seg sjølv i farlege situasjonar. Ein bør difor ha tryggleiksvurderinga i bakhovudet til ei kvar tid.