Mange ferske fotografar møter veggen på sin første konsertfotoshoot. Utfordringane står i kø: Lite lys, masse rørsler, folk i vegen heile tida, fargane vert rare, bileta vert uskarpe. Frustrerande. Her skal du få nokre gode tips på vegen. Det er enklare enn du trur.
Ikkje vanskeleg å tenke seg til kva band dette er. Motlys og røyk skapar stemning. |
Noko av det artigaste eg gjer innan fotografering, er konsert/festivalfotografering. Eg har i mange år dekka ulike typar konsertar og festivalar for media. Dei ynskjer ofte biletseriar, med ei fornuftig fordeling mellom scene og publikum. Det er kanskje meir viktig å dekke folkelivet enn artistane!
Som akkreditert fotograf kjem ein nærare artistane. I tillegg skjer det alltid mykje. Ikkje berre på scena, men òg blant publikum. Å dekke heile pakken er krevande, men belønnande når det klaffar. Konsertfotografering treng ikkje vere vanskeleg. Men nokre grunnreglar er verdt å få med seg:
Akkreditering
Har du presseakkreditering, får du ofte tilgang til området mellom scena og publikumsgjerdet. Dette gjev deg ein eksklusiv tilgang til artistane, og lar deg få gode nærbilete. Men i tillegg får du òg ein ypperleg sjanse til å få tatt bilete av folkemassa og jublande personar som heng over gjerdet. Ikkje la denne sjansen gå frå deg! Akkreditering får du som oftast ved å ta oppdrag for ei avis eller nyhetsmedium, men du kan òg bli akkreditert ved å ta kontakt med arrangøren. Fotoklubbar har av og til avtalar som kan gje deg betre betingelsar. Det skadar uansett ikkje å undersøke! Hugs at når du har presseakkreditering, representerer du arbeidsgivar utad. Oppfør deg deretter!
Fotovinklar ein kun får rett framfor scena. Her er 24mm til god hjelp! |
Fotorestriksjonar
Dei fleste konsertar og musikkfestivalar har ei eller annan form for fotorestriksjon. Av og til får du eit ark med oppsett, av og til vert informasjonen formidla munnleg. Dei første gongane er det litt provoserande når det kun er tillatt med fotografering under dei tre første låtane, spesielt når det står hundre tilskodarar og fyrer laus med kompaktkamera og blitz under heile konserten! Likevel; berre ta det til etteretning. Det er liten vits i å kverulere på dette. Finn du manageren til artisten, kan du ev. spørre vedkommande om løyve til å fotografere meir. Om du bryt reglane, kan du (og ev. oppdragsgivaren din) bli vist vekk frå området. Det tener ingen på. Om artisten/managaren totalnektar fotografering, eller ber deg skrive under avtale som gjev retten på bileta vidare til artisten, så håpar eg at du har mot nok til å seie "nei, takk". Slike artistar fortener ikkje mediaomtale eller merksemd på nokon som helst måte!
Øyrepropper
Personleg er dette noko av det viktigaste utstyret ein tek med seg på konsert. Når ein står så nært scena, er lydvolumet signifikant! Beskytt hørselsen din med øyrepropper. Legg gjerne litt pengar i skikkeleg kvalitetspropper som beheld lydbiletet nokså uendra. I tillegg vert det meir behagleg å utføre jobben. Eg vert stadig skremt av unge folk som står heilt framme med gjerdet utan propper. Øyresus varer livet ut.
Bilete av personar, særleg ungar
For min del består festivalfotografering ofte meir i å dokumentere stemninga, både på scena og blant publikum. Personar gjer mykje rart og artig på festivalar, mykje kan forevigast på bilete. Nokre hendingar registrerer ein, men lar kamera klokt ligge! Av og til spelar lys og skugge på lag, slik at ein får vakre motiv med siluettar.
Av og til oppstår det søt musikk på festival. |
Du kan i utgangspunktet ta bilete av kven du vil når folk er på offentlege stadar og arrangement, men ver varsom med fotografering av mindreårige og ungar. Særleg dersom bileta skal publiserast. Om du ser eit potensielt blinkskot, sørg for å sikre deg det! Deretter tek du kontakt med ungen, og ber om å få snakke med foreldra. Dei fleste foreldre synest det er greit at ein publiserer bileta av ungane, men respekter dei som IKKJE synest det er ok. Slett då bileta med ein gong.
To kamerahus
Personleg køyrer eg oftast to kamerahus, eit med vidvinkel (35mm) og eit med medium tele (85mm). I tillegg har eg med meg ein 24mm og ein 200mm, alt fastoptikk med stor lysopning. 90% av bileta vert likevel tatt med 35 og 85mm. Kamerahusa har eg hengane i eit selesystem (eg brukar Black Rapid), som gjer at eg raskt kan veksle mellom dei to brennviddene.
Lyssterk optikk
Som sagt; eg køyrer fastoptikk. Du kan godt bruke zoom, men eg likar (som referert i tidegare blogginnlegg) den ekstreme lysstyrken, den snevre djubdeskarpleiken og måten fastoptikk påverkar måten ein fotograferer på. Vel objektiv med blendar på f/1.8 eller raskare. Gjerne f/1.2-1.4.
Av og til legg ein merke til eit fyrverkeri av fargar! 35mm f/1.4 hjelp på for å isolere motivet frå bakgrunnen. |
Kamerainnstillingar
Eg brukar manuell innstilling, eller blendarprioritet. Som oftast klarer eg meg godt med blendarprioritet! Full, eller nesten full blendar, relativ høg ISO (800-1600) og punktlysmåling. Som regel er det meir enn nok lys, men utfordringa er at lyset er konsentrert på små flater, og at lyset ofte vekslar. Bildestabilisator høyrest i utgangspunktet fornuftig ut, men den hjelp lite når motivet er i rask rørsle. Det er ein fordel å bruke RAW-format, for kvitbalansen vil ofte endre seg mykje. Spesielt under arrangement utandørs, der ein har mange ulike typar lysforhold og lyskjelder.
Blitz
Nei
Feel the rhythm
Mange av dei som køyrer lyset under konsertane legg på litt ekstra guffe og effektar under dei første låtane. Eg likar å tru at det er til ære for fotografane! Bruk dette høvet godt, og legg merke til samspelet mellom musikk og lys. Ofte finn du mønster og rytmar som gjer at du kan forutseie når eit spesifikt lys kjem. Pyroteknikk er heller ikkje vilkårleg lagt på. Eg brukar av og til å snakke med lysmannen på førehand for å få nokre tips om kva som kjem til å skje og korleis lyset vert. Som fagfolk flest elskar dei å snakke om faget sitt, og det er ikkje vanskeleg å få gode råd! Konfettikanona vert som oftast berre fyrt av ein gong, og då gjeld det å stå klar med kameraet.
Stopp rørsler
Vokalistar og gitaristar har det med å bruke heile scena, og det kan såleis vere vanskeleg å finne augneblikk der dei står stille nok. Bruk difor desse høva godt. Om du tek bilete av motiv som rører på seg, prøv å ta biletet akkurat der rørsla stoppar. Eit eksempel på dette kan vere når gitaristen klatrar opp på ei høgtalar og hoppar høgt opp i lufta. Ta biletet når tyngdekrafta vinn over spensten.
Bruk gjerne litt lengre eksponeringstid for å slurre ut rørsler. Ca 1/8 til 1/25 sekund fungerer ofte bra.
Litt lengre lukkartid, for å skape fin effekt i biletet. |
Kjapp oppsummert
Førebu deg godt, ta med deg kun det du treng. Bruk føtene og augene. Ta hensyn til publikum og artistar. Følg med på lyset, bruk det når du har sjansen. Tenk kreativt, og sjekk bakgrunnen for forstyrrande element. Leik deg med lengre lukkartider! Hald deg unna fulle personar som snøvlar og siklar på kamerautstyret ditt. Kos deg med musikken!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar