Dyster stemning i etterkant av orkanen Dagmar. |
Bilete tatt på oppdrag frå media; resultat av ryddig kommunikasjon med skadestadsleiar. |
Generell førstevurdering
Sikring av skadestad
Godt råd ved sterk vind. |
Varsling
Om du har fått førespurnad frå media, er som oftast redningspersonell (politi, ambulanse, brannvesen) underretta allereie. Er du førstemann til skadestaden, skal hjelp tilkallast om det er behov for det. Om det er fleire tilstades, er det lurt å delegere ansvaret rundt slik at ting skjer raskast mogleg. Om ingen andre tek kommando, ta kommando! Det verste er når ingen tek ansvar, og ein mister verdifull tid.
Handling
Om personar er skada, start behandling. Fotograferinga har alltid mindre prioritet.
Oppførsel på skadestad
Om situasjonen er under kontroll, er det på tide å gjere jobben. Media ynskjer som oftast eit mms/e-postbilete så raskt som mogleg. Kampen mellom ulike media er stor! Ta gjerne kontakt med oppdragsgjevar for å oppdatere denne om situasjonen. Om du ynskjer å få fleire oppdrag seinare, ikkje send til fleire media samtidig! Då vert det med denne eine gongen; media ynskjer eksklusivitet!
Gjer deg kjend for redningspersonell/skadestadsleiar, og følg instruksjonane/begrensingane frå denne. Det er viktig at du ikkje går i vegen, då endar du opp med å bli forvist frå staden og oppdragsgjevar får seg ein smekk.
Etter at mms/e-postbilete er sendt, bør du sikre deg nokre oversiktsbilete og nokre nærbilete. Du veit aldri når du må trekke deg tilbake, og då gjeld det å ha eit representativt utval. Spar dei krevande og meir spesielle bileta til etterpå. Unngå stilliserte bilete ("mann framfor hus"), prøv å få med handling ("fotografere verb").
Lokalt store øydeleggingar i Loen sentrum. |
Orkanen Dagmar slo laust på nordvestlandet litt ut på kvelden 1.juledag. Eg var ute ein tur på kvelden for å sikre nokre lause gjenstandar, og erfarte raskt at fotografering vart uaktuelt. Når det bles så mykje at det er vanskeleg å trekke pusten, og vindkasta kastar store gjenstandar opp i lufta, er det lurast å søke tilflukt innandørs. Når furustammar med 30 cm diameter knekk tvers av i vinden, er det uansvarleg å bevege seg utandørs, sjølv med bil som framkomstmiddel. Som familiemann og småbarnsfar var det uansett uaktuelt å forlate familien. Utan straum, vatn og kommunikasjon vert kvardagen litt endra, og ein lyt ha andre prioriteringar.
Morgonen etter hadde vinden løya nokonlunde, og eg kunne ta meg ein tur utandørs. Heldigvis var det kun moderate skadar i vårt nabolag, samanlikna med stadar der vinden verkeleg hadde tatt godt tak. Ein biltur innover i fjorden avslørte kor tilsynelatande vilkårleg vinden hadde råka. Det var lett å sjå kvar vindkulene hadde herja.
Det er lett å la seg rive med når det skjer dramatiske og spennande hendingar, men det er fort gjort å sette seg sjølv i farlege situasjonar. Ein bør difor ha tryggleiksvurderinga i bakhovudet til ei kvar tid.
Det minner meg om den gamle fotograf vitsen: "Dersom du har valget mellom å redde et menneske som holde på å drukne i en stri elv, eller ta et bilde som du vil vinne første-premie i verdens mest presitisjetunge fotokonkurranse.....
SvarSletthvilken film ville du bruke?