tirsdag 23. august 2011

Månefotograferingslynkurs


Månen fotografert med 540mm brennvidde.
På sommaren står sola høgt på himmelen, og månen står difor tilsvarande lågt. Du har kanskje lagt merke til ein blodraud, lav fullmåne i sør? No utover hausten synk sola lågare, og månen stig på himmelen. Klar for eit kjapt månefotograferingslynkurs?

Månen er eit fasinerande objekt, men mange har problem med å få gode bilete av den. Problemet knyttar seg ofte til lysstyrke og brennvidde. Enten blir den for liten, eller så blir den for lys. 

Eksponering
Kort fortalt er månen ganske lyssterk. Utfordringa er ofte at folk har så låg brennvidde ("forstørring") at månen kun blir ein liten del av bildeflata. Om du ikkje brukar spotmåling, vert dermed lysmålaren lurt til å tru at himmelbakgrunnen ikkje skal vere svart. Kameraet peiser eksponeringa opp, og månen blir overeksponert. Løysing; bruk spotmåling på måneskiva (eller bruk manuell innstilling) og få korrekt eksponerte bilete.
Lukkertida skal vere nokså kort. Som eit utgangspunkt, kan du forsøke ISO 200, f/4, og 1/250 sek. Hugs at det sjeldan er lurt å sette fokusen på uendeleg; bruk manuell fokus slik at du slepp at autofokusen jagar ut og inn i håp om å finne fokus. 

Brennvidde
For å få detaljerte bilete av månen, bør du helst opp i 4-500mm brennvidde. Ein 200mm kan til ei viss grad vise detaljar på måneoverflata, men denne brennvidda fungerer best dersom du i tillegg kombinerer motivet med litt landskap (sjå bilete under). Lengre brennvidder kan du oppnå ved bruk av fast-/zoomoptikk, tele-konverter eller teleskop.

Rørsler
Månen bevegar seg på himmelen. Når du brukar lang brennvidde, er denne rørsla ganske tydeleg. Du må difor rekne med å måtte følge etter månen med stativet. (Handholdt er ikkje anbefalt)

200mm fungerer fint når du kombinerer månen med landskap!
Her ser du den tynne ne-månen, samt den jordopplyste delen
av månen (også kalla askelys). 
Månen kan fotograferast med fleire ulike teknikkar:

Afokalt
Dette betyr at du rett og slett fotograferer gjennom td. ein vanleg prismekikkert (eller spottingscope). Sett kikkerten på eit stativ, eller legg den frå deg slik at du får eit stabilt bilete. (Hugs at månen bevegar seg ganske raskt). Legg objektivet på kameraet (mobil fungerer òg fint!) inntil okularer på kikkerten, og trykk av! Høyrest ut som ei enkel og dårleg løysing... Løysinga er enkel, men den kan faktisk fungere overraskande bra!

Objektiv
Om du har zoomoptikk eller fastoptikk med lang brennvidde (400mm+), kan du bruke dette. Ulempen med zoomoptikk er at du ofte har veldig mange linseflater involvert i konstruksjonen. Dette kan skape problem med intern refleksjon og kontrasttap. Dess færre linseflater, dess betre. Såleis er fastoptikk bedre enn zoom.

Primærfokus
Dette betyr at du koplar kameraet til eit teleskop slik at teleskopet fungerer som objektiv. Har du spegelreflekskamera, får du kjøpt ein overgang som passar til ditt systemkamera. Du treng eit kameraadapter og ein T-ring, og så er du i gang! Då kan du oppnå brennvidder på 4-1000mm forholdsvis rimeleg. Primærfokus er den beste måten å ta bilete av månen på. Astronomiske teleskop er optimalisert for observasjon av svake og kontrastsvake objekt. Difor innheld teleskopa få linseelement (ofte 2 eller 3), men med nokså dyrt og bra optisk glas. Astronomiske teleskop har ikkje autofokus, og er såleis ikkje særleg egna til å fotografere objekt som bevegar på seg, men gir mykje for pengane. Du får ein god linsekikkert med 600mm brennvidde for ein billig penge, spesielt samanlikna med fastoptikk for systemkamera. Ta kontakt med underteikna om du treng hjelp med å velge teleskop, eller sjekk ut Japan Photo sin spesialbutikk for kikkertar, teleskop, mikroskop og spottingscope, dinkikkert.no.
Billig og bra 600mm teleskop!
Kort oppsummering:

  • kamerastativ (fjernutløysar kan vere lurt!)
  • lang brennvidde (400mm+)
  • bruk spotmåling eller manuell eksponering
  • kort lukkartid
  • manuell fokus
  • utgangspunkt: 200 ISO, f/4, 1/250s

fredag 19. august 2011

"Back-button AF" - ein smart funksjon



Nokre funksjonar på spegelreflekskamera er meir opplagte enn andre, og diverre er manualane ofte litt mangelfulle på detaljerte funksjonar. Ikkje alle likar å lese manualar heller, så då må ein bruke prøve-/feilemetoden. Ein svært nyttig funksjon er gøymt litt ned i menysystemet. Vi snakkar her om splitting av eksponering og fokusering. Ofte kalla "back-button AF".  Litt kryptisk? 

Flesteparten brukar eit spegelreflekskamera på denne måten:
  • Ser inn i søkaren.
  • Zoomar.
  • Komponerer biletet (sørger for at både tante Gudrun, onkel Agnar OG kamelen får plass i biletet).
  • Trykker på utløysarknappen.
Det som skjer når du trykker på knappen, er følgande:
  • Kameraet fokuserer og måler lyset i samme operasjon når du trykker knappen halvvegs ned.
  • Kameraet tek biletet når du trykker knappen heilt ned.
Kurrant nok! Du kan finne tante Gudrun i søkaren, trykke knappen halvvegs ned for å fokusere slik at Gudrun blir skarp, og deretter rekomponere motivet slik at Agnar og kamelen får plass i biletet, men IKKJE er i fokus. (Tydelegvis tek kamelen og Agnar seg betre ut litt uskarpe....)


Dei fleste spegelreflekskamera let deg sjølv spesifisere kva funksjonar du vil ha på utvalde knappar. Dette gjev høve for å tilpasse kameraet til eige bruk og behov. På mitt kamera (Canon 7D) har eg valt å splitte default-funksjonar opp på ulike knappar:
  • Når eg trykker utløysarknappen halvvegs ned, måler eg lyset og låser eksponeringa (dvs at kameraet kun måler lyset ein gong).
  • Når eg trykker utløysarknappen heilt ned, tek eg biletet.
  • Når eg trykker på ein knapp bak på kameraet med tommelen, fokuserer kameraet og måler lyset kontinuerleg så lenge du held knappen inne.
(Hugs at du med AF-Drive knappen kan bestemme om kameraet skal fokusere kontinuerleg eller kun ein gong (AI Servo vs One-Shot)).
Mitt val av fokusknapp

    Hmm... Kameraet fokuserer ikkje lengre med utløysarknappen? Kva er vitsen med det?
    Ofte kan det vere ein fordel å splitte fokus og eksponering slik at desse kan utførast uavhengig av kvarandre:

    Enklare å låse fokus
    Om du tek portrettbilete der motivet er utanfor sentrumspunkta (særleg når du har valt fast fokuspunkt i sentrum), kan du fokusere ein gong, og deretter ta så mange bilete du vil utan å måtte fokusere kvar gong. Med normal innstilling vil kameraet fokusere kvar gong du trykker ned utløysarknappen. Sportsfotografar brukar dette ofte, fordi funksjonen gjer det mogleg å stoppe autofokusen når noko uønska kjem inn i (eller passerer gjennom) biletet, UTAN at du treng å stoppe biletetakinga.

    Enklare å ta bilete under kontinuerleg fokus
    Når du fokuserer med kontinuerleg fokus, er det veldig sytalaust å kunne halde fokusknappen på baksida inne heile tida, medan du brukar peikefingeren for å ta bileta når du vil.

    Enklare å overstyre autofokus ved full-time manuell fokus
    Mange objektiv har høve til å fokusere objektivet manuelt, utan å måtte skifte mellom AF/MF på objektivet (overstyre autofokus med fokuseringsringen). Når du flyttar fokuseringa bak på kameraet, vert dette no enklare. No kan du fokusere manuelt, utan at utløysarknappen vil trigge autofokuseringa!

    På Canon 7D kan du endre funksjonen ved å utføre følgande steg:
    • Meny
    • C.Fn IV: Operation
    • Menypunkt 1
    • Shutter butt. half-press: AE lock
    • AE Lock button: Metering and AF start
    Andre modellar kan ha funksjonane liggande i andre menyar. Leit litt rundt, så finn du det!

    Poenget med dette blogginnlegget er å opplyse deg om at du kan endre på funksjonsknappane om du vil. Kva som fungerer best, kan variere frå person til person. Prøv deg litt fram!
    Hugs at det kan vere eit poeng å opplyse dine pårørande om endringane du har gjort. Elles risikerer du at alle andre enn deg får uskarpe bilete med kameraet (personleg erfaring!).

    onsdag 10. august 2011

    Lyden er halve opplevinga

    Den innebygde mikrofonen i spegelreflekskameraet fungerer forsåvidt greit til heimebruk, men er sårbar på fleire måtar. Mikrofonen er ikkje spesielt sensitiv, og plukkar òg opp mykje støy frå kamera og håndteringa av dette. Om du filmar mykje med spegelreflekskamera, kan difor ein ekstern mikrofon vere ei nyttig oppgradering.

    Eg har i fleire år brukt Røde VideoMic, både på DV-kamera og på spegelrefleks. Røde er eit australsk firma som har spesialisert seg på mikrofonar. Dei har eit bredt utval med mikrofonar til alle formål, òg kameramikrofonar til DV- og spegelreflekskamera. Eg har i tillegg brukt min som ekstern mikrofon på min digitale lydopptakar.
    Mikrofonen har eit frekvensområde frå 40 Hz til 20 kHz, og har eit valbart high-pass filter på 80 Hz. Dette kan vere greit å ha dersom du ynskjer å filtrere vekk lavfrekvent lyd (motorstøy etc.). Mikrofonen har god sensitivitet, og taklar relativt høge lydstyrker utan å klippe frekvensar. Motorsport og konserter taklar den fint! I tillegg er den av typen shotgun-mic, med super cardioid polart mønster. Dette vil seie at den hovudsakleg fangar opp lyd rett framover. I videosammenheng fungerer dette fint, den fangar i praksis opp lyden til det du filmar! Praktisk!
    Røde VideoMic er ein monomikrofon med 3.5mm minijack-plugg. Om du ynskjer stereolyd, har Røde òg laga ein stereoversjon av VideoMic. Den er noko dyrare, men litt meir kompakt. Du plasserer VideoMic i hotshoe- (blitz) kontakta på kameraet, og pluggar minijack-pluggen inn på sida av kameraet. Mikrofonen sit fast i eit gummistrikkoppheng som dempar støy frå kamera og håndteringa av dette.
    Om du vil, kan du skaffe ei lengre ledning og montere mikrofonen på ein bom. Då treng du gjerne eit par hender til...

    Eit generelt tips kan vere å filme lengre sekvensar (spesielt der lyden inneheld mykje informasjon), og deretter trekke ut lyden på eit eige lydspor. Deretter kan du klippe saman fleire videosekvensar, med eit sammenhengande lydspor i botnen. Dette fungerer spesielt bra på tale- og kommentatorsekvensar. I tillegg vert resultatet mykje meir profesjonelt!

    mandag 1. august 2011

    Filming med spegelrefleks - vert DET bra, då?

    Canon EOS 7D med filmfunksjon
    Då dei store kameraprodusentane introduserte videofunksjon på spegelreflekskamera, var det mange som rista på hovudet. Dette var jo funksjonar som kompaktkamera hadde hatt lenge, men med heller middelmådig kvalitet. Kva var forskjellen no? Og kvifor i alle dagar skulle vi ha bruk for noko slikt?

    Nyhenda har revolusjonert marknaden!
    Spegelrefleksar har nokon svært nyttige eigenskapar sammenligna med konvensjonelle dedikerte videokamera. To av eigenskapane er stor bildebrikke og høg sensitivitet på sensor.
    Stor bildebrikke med store pixlar fører til at forholdet mellom signal (lyset som skal registrerast) og støy (elektronisk støy som kameraet sjølv genererer) aukar. Meir signal, mindre støy! Samtidig samlar store pixlar meir lys pr pixel (grunna større areal), noko som gjer at sensitiviteten aukar. Fleire foton treff kvar enkelt pixel, sammenlikna med ei mindre brikke.
    Ei stor bildebrikke gjer det òg mogleg å få snevrare djubdeskarpleik, noko som gjer det enklare å isolere hovudmotivet frå bakgrunnen. Høve for begrensa djubdeskarpleik opnar ein ny, kreativ verden.

    Filmfunksjon på spegelrefleks tillet bruk av eit større utval optikk, men kan vere litt uvant sammenlikna med vanlege videokamera. Grunna oppbygginga til spegelrefleksane, bør ein bruke manuell fokus. Ein må tenke litt på bildefrekvens (24, 25, 30, 50 eller 60 bilder pr sek), og videoformat (720x1280, 1080x1920). Kva medium skal eg bruke materialet på? Har eg behov for å kunne lage bra slow motion? Kva kvitbalanse skal eg bruke? Kvifor kan det vere lurt å investere i ND-filter? Korleis får eg betre lyd?

    Nokre kamera- og filmingstips:
    • Til bruk på internett, youtube, vimeo etc. så held 720p (720x1280) rikeleg. Video tek mykje plass!
    • Lukkartida bør vere dobbelt så rask som frame rate`n, for å unngå uheldige effektar under panorering og raske rørsler. Td. 1/50s på 24/25 bilete/s, og 1/60s på 30 bilete/s.
    • Tek du opp film med 50 eller 60 bilete pr sek, kan du med eit konverteringsprogram gjere dette om til 25/30 bilete pr sek, og såleis få slow-motion.
    • Bruk fast eller eigendefinert kvitbalanse, slik at denne ikkje endrar seg under opptak som skal vere like.
    • Korte klipp, prøv å hald klippa på 5-10 sekund, med mindre det skjer noko spesielt spennande. Studer gjerne ein spelefilm, og legg merke til kor korte klippa er der!
    • Start filminga ca 5 sek før handlinga startar, og stogg 5 sek etter at handlingen har stogga. Dette gjer det enklere å klippe sammen ulike klipp. Du kan no nemleg velje om du vil bruke starten, heile opptaket, eller kun slutten av opptaket. Det er trasig dersom du kuttar heilt tett inntil handlinga, særlig om du i tillegg ikkje klarer å halde kamera heilt stabilt når du trykker på opptaksknappen. Då er det greit å ha litt ekstra opptak å klippe på.
    • Ikkje følg hovudmotivet slavisk heile tida. Tillat deg å la motivet gå inn eller ut av biletet.
    • Unngå zoom under opptak. Endre heller brennvidda mellom opptaka. Det er slitsomt å sjå zooming og overdriven panorering.
    • Bruk ulike utsnitt. Store oversiktsbilete (Total), nære utsnitt (Nær) og små detaljar (Ultranær). Ved å veksle mellom ulike utsnitt, får du ein video som er meir behageleg å sjå på. Igjen; studer ein spelefilm, og legg merke til den bevisste bruken av utsnitt.
    • Røde Video Mic
    • Stor blendar (lågt blendartal) gjev den minste djubdeskarpleiken. Utandørs på dagtid kan det ofte vere problematisk med FOR mykje lys om du ynskjer å bruke stor blendar, sjølv med ISO 100. Då kan det vere kjekt å ha eit nøytralt gråfilter (ND-filter) eller polaroidfilter som "tek" lys.
    • Kjøp ein ekstern mikrofon med hotshoe-kontakt. Den innebygde mikrofonen vil fange opp støy frå kamera, f.eks. zoom-mekanikk, bildestabilisator, fokusering og handrørsler. I tillegg er mikrofonen av heller laber kvalitet. Ein anbefalt modell er den eksterne mikrofonen Røde Video Mic. Denne har 3.5mm plugg, og gjev deg ei heilt ny lydoppleving.
    • Planlegg opptaka. Tenk på dei ulike klippa du treng for å skape resultatet du ynskjer. Sørg for å få nok representative opptak.
    • Gå gjennom råmaterialet, og slett dårlege opptak FØR du startar redigeringa. Då er det lettare å få oversikt, og du slepp å fylle harddisken med opptak som ikkje skal brukast. 
    Neste gong skal vi sjå litt meir på lyd!