Formatet på papirbilete og forstørringar har mykje å seie på korleis ein oppfattar biletet. Berre tenk på rektangulært, kvadratisk og avlangt (panorama) format.
Gjennom historia har ulike produsentar nytta fleire ulike format på sine kamera. Sjølv om ein ofte har forholdt seg til bransjestandardar, er det alltid nokon som har ei god forklaring for kvifor akkurat DETTE formatet er det beste. Mykje av teorien bak bildeformat dreiar seg om korleis mennesket (og kanskje spesielt auget) les og tolkar eit bilete.
Phi (Φ)
Eit mykje kjent begrep i antikken og renessansen innan målarkunst og arkitektur, er begrepet phi (Φ). Dette er eit forholdstal som ein finn over alt i naturen, og som dermed ubevisst er ein del av vår oppfatting og tolking av ting vi ser.
Phi er òg kalla det gyldne snitt, og er definert i talet 1,618 (vi held oss til tre desimalar). Det gyldne snitt kan forklarast slik:
Deling av ei linje eller ei flate i to delar, slik at den minste delen forheld seg til den største delen, slik denne forheld seg til heile linja eller flata.
Dette høyrest kanskje litt kryptisk ut, men hugs talet 1,618! Delingforholdet finn ein att mange stadar i naturen, eit enkelt døme er menneskekroppen. Lengda frå skuldra til fingertuppane sett i forhold til lengda frå albogen til fingertuppane er eit mykje brukt eksempel.
Innan fotografering og bildeformat er det lettast å bruke det gyldne snitt som ei rettesnor. Prøv å beskjær eit bilete slik at forholdet mellom lengda og høgda er ca 1,6. Du vil truleg oppfatte biletet som behageleg proporsjonert. Dersom du òg plasserer sentrale element i biletet basert på dette forholdstalet, har du eit klassiske eksempel på det gyldne snitt. Mange av bildeformata våre baserer seg på det gyldne snitt, men har nokre små avvik. Dette kan skuldast praktiske grunnar, og at ein ynskjer å avrunde til standardmål som allereie vert nytta i andre situasjonar. (Tredeling vert òg mykje brukt i samband med det gyldne snitt, men dette er ikkje heilt det samme. Tredelingsregelen er ei forenkling av phi.)
Korleis eit 3:2 utsnitt (10x15) kan sjå ut på ulike format. |
For å finne forholdstalet, delar du lengste mot kortaste side.
Døme på forholdstal på nokre klassiske film og papirformat:
4x5 = 1,25
6x6 = 1
6x7 = 1,16
6x9 = 1,5
10x15 = 1,5 (3:2)
10x13 = 1,33 (4:3)
15x20 = 1,33
10x18 = 1,8
10x25 = 2,5
Eldre tv-skjerm (PAL-systemet) = 1,33 (4:3)
Widescreen-skjerm (HDTV) = 1,77 (16:9)
Som vi ser, er 10x15 det formatet som passar best med phi, og det er vel kanskje ikkje utan grunn at dette formatet har vore eit av dei mest brukte. 10x15 tilsvarar 4x6 tommar, noko som gjer det lett å rekne på både i metrisk- og tommemål.
Kvadratisk format
Eit kvadratisk utsnitt har vore mykje brukt innan fotografi. Særleg har Hasseblad og andre produsentar av mellomformatkamera brukt dette formatet (6x6). Fordelen med eit slikt format er at ein ikkje treng å bytte mellom liggande og ståande format. Dette forenklar konstruksjonen av kameraet, sidan ein kun treng å lage eit kamera som kan brukast ein veg. I tillegg står fotografen fritt til å ev. velge utsnitt under kopieringa i etterkant. Sjølv om avviket frå forholdstalet phi er stort, fungerer formatet veldig bra likevel. Dette skuldast at kvadratisk form òg er ei sterk form innan geometri og arkitektur.
Panorama
Dette formatet har ei form som tilsvarar den opplevinga ein har når ein panorerer hovudet frå side til side, td når ein står og nyt ei storslagen utsikt. Formatet passar sjølvsagt best når du har eit motiv som er enten veldig høgt eller avlangt. Ved å kutte vekk unødig himmel og forgrunn, får du fullt fokus på hovudmotivet. APS-filmen hadde eit eige format på 10x25 som mange syntes var spennande. I dag vert panorama brukt mykje innan produksjon av bilete på lerret. Det å få eit bilete i panoramaformat i stor storleik på veggen gir eit flott inntrykk!
Uheldig beskjæring
Vår kundeservice får som sagt mange spørsmål knytta til beskjæring. Ofte kan vi oppsummere desse i to problemstillingar:
- Val av feil format
(Legg merke til at nokre kompaktkamera kan ta bilete i ulike format, for å gjere forvirringa litt større).
Du kan bestille desse bileta på 10x15cm òg, men då vert biletet kutta litt oppe og nede fordi formatet på fila og fotopapiret ikkje stemmer overeins.
Om du er usikker på formatet, sjå høgde- og breiddetala (i pixlar) på bildefila. Del høgaste pixeltal med lågaste, og du får eit forholdstal. (td 3200:2400 = 1,33). Vel 10x13cm om dette talet er 1,33. Vel 10x15cm om talet er 1,5.
Spegelreflekskamera har tradisjonelt sett hatt formatet 3:2 (1,5). Dette formatet er det samme som var standard på 35mm (135-film). Om du vel 10x15cm fotopapir på desse filene, passar formatet perfekt!
Dei grå felta oppe og nede viser kva som forsvinn om du kopierer ei 10x13 fil på 10x15cm papir. |
- beskjært av kunde i feil format
Det er då stor fare for at bileta ikkje passar til nokon av våre format. Systemet vårt vil då foreslå det formatet som ligg nærast, men uansett kan bileta bli kraftig kutta.
Kjapp oppsummert
- Forholdstalet er forholdet mellom lengste og kortaste sida.
- Det gyldne snitt er definert med phi, som har forholdstal på 1,618.
- Kompaktkamera har stort sett 10x13cm som småbileteformat.
- Spegelreflekskamera har stort sett 10x15cm som småbildeformat.
- Nokon kamera lar ein velje mellom ulike bildeformat.
- Om du er usikker på format, sjekk bildefila og sjå kva forholdet mellom lengde og høgde tilsvarer.
- Uheldig kutting av bilete skuldast som oftast val av feil format.
- Om du skal beskjære bildefilene dine sjølv, sørg for at formatet stemmer overeins med utskriftsformat.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar