mandag 17. oktober 2011

Kunsten å fotografere grupper

Er det noko vi likar å ta bileta av, så er det grupper! Berre tenk på bursdagar, konfirmasjonar, bryllaup, kongressar, sosiale samankomstar etc... Men vert det eigentleg så bra? Kvifor ser folk i alle retningar? Kvifor skal det vere så vanskeleg å ta bilete av mange samtidig?

Lang, lang rekke...NEI
Om du har 20 stk i ei gruppe, er det ein heller dårleg idè å stille alle på ei lang rekke. Du får riktignok truleg alle med på biletet om du går langt nok unna. Men du sløsar mykje med plassen, og det vert vanskeleg å sjå kven som er med på biletet. Og ikkje minst; bilete vert ganske så stygt!
Tenk heller på at du har eit utsnitt i 4:3 format (kompaktkamera) eller 3:2 format (spegelrefleks) som skal fyllast ut. Du må dermed stille folk i fleire rekker, gjerne minst tre rekker.

Klassisk vs moderne
Det klassiske gruppebiletet er kjenneteikna ved rektangulært oppsett, sortert på kjønn og farge på kleder, nøytrale ansiktsutrykk, lik plassering av føter og hender.
Biletet vert fint, offisielt, ryddig, strukturert...men litt kjedeleg i nokon situasjonar.
Då er det er lov å tenke litt moderne, ved å sørge for at alle ansikta i allefall er med, og deretter sortere armar og bein slik at folk ser nokonlunde naturlege ut. Prøv gjerne litt henslengt oppsett, der folk støttar seg på skuldrane til kvarandre, ser avslappa ut, og der det går an å sjå at vi har ei gruppe med personar som er trygge på kvarandre.
Vel stil etter kva type gruppe du skal fotografere. Sjølvsagt passar ikkje alle stilar i alle situasjonar.

Begynn heilt nederst
Eit klassisk trekk er å fotografere personar i ei trapp. Det er naturlegvis ganske logisk, sidan vi då får stabla personane i høgda på ein enkel måte. Men mange gjer ein stor feil her. Feilen skuldast ofte at personane stiller seg opp sjølv. Og då vil INGEN stå heilt framme, noko som medfører at folk ofte vert ståande veldig høgt oppe i trappa.
Ta kommandoen, dirigèr folk dit du vil ha dei, og start å plassere personane heilt nederst i trappa; ja faktisk heilt nede på bakkeplan. Kvifor? Det forstår du snart.

Kom deg opp
Har du lagt merke til at dei som skal fotografer ofte automatisk hukar seg litt saman (og ned)? Gjerne med ein fot litt fram i skikkeleg stilreint telemarknedslag? Det som skjer då, er at kameraet kjem lavare ned. Vondt vert då verre.
Kom deg opp! Du har sikkert lagt merke til at røynde fotografar står på ein krakk, stol eller stige. Det er ikkje utan grunn! Det viktigaste med eit gruppebilete er at alle personane sitt ansikt er med på biletet, og at dei er skarpe.
Då treng du:

  • fri sikt til alle ansikt
  • tilnærma lik fokusavstand til alle ansikt

Tenk på tverrsnittet på gruppa. Den er ofte ein rettvinkla trekant, der den lengste sida (hypotenusen) består av hauda til personane i gruppa. Kanskje er vinkelen på denne sida 60 grader. For å få lik avstand frå kameraet til alle hauda, må du kome deg i ein vinkel slik at kameraet siktar mot hypotenusen med ein tilnærma rett vinkel (eller i det minste så bra du får det til). Då forstår du kanskje kvifor det ein idè å kome seg litt opp! Teikninga oppsummerer prinsippet ganske greit.


Når du no kjem deg opp, er det ingen som har ansiktet skjult bak andre personar (hurra!) og alle er skarpe (hurra!) sidan alle står like langt unna kameraet. Du slepp å bruke blendar f/22 for å få alle i fokus...

Siluett og vinkling
Ok, no har alle kome seg opp i trappa og du har funne deg ein krakk å stå på. Då kan du sjekke siluetten, eller korleis den bakerste rekka avteiknar seg mot bakgrunnen. Det ser mest ryddig ut om alle på bakerste rad er nokså like høge. Om høgda varierer ein del (noko den ofte gjer), så plasser dei høgaste i midten, og gradèr høgda utover mot sida. Det ser sjeldan fint ut dersom siluetten ser taggete ut grunna stor ulikskap i høgder. I radene framfor er dette ikkje like synleg, men prinsippet gjeld eigentleg her òg.

I tillegg kan det ofte vere fint om du klarer å vinkle personane litt slik at dei blir ståande med flatsida litt inn mot midten (skulder bak skulder), mot fotografen. Då vert gruppa ramma litt betre inn, og du får plass til enno fleire personar sidan folk no ikkje står skulder i skulder.

Armar og føter
Det ser ein smule uryddig ut om alle held armane på ulik måte, og føtene sprikar i alle retningar. Bli samde om noko som ser fint ut. Alle på samme rad kan i allefall med fordel ha armar og føter stokka nokonlunde likt. Du TRENG ikkje gjere dette, resultatet kan bli skikklege bra likevel, om du berre sørger for at det ser naturleg ut.

Sortering
På meir formelle bilete kan det vere nuftig å stokke om på folk alt etter td. kva farge dei har på kleda.
Om du har to personar med rosa dunjakke, treng dei ikkje stå ved sidan av kvarandre ut mot eine sida. Då vere biletet ubalansert og virkar tungt mot ei av sidene. Ei praktisk eksempel kan vere fotografering av folk i bunad. Desse har ofte ulike grunnfargar, og då kan det vere lurt å stille desse litt opp symmetrisk etter fargar.

Blitz
Om du har ein blitz, bruk den! Både for å få fram blitzrefleksen i auget ("glimt i auget"), for å få lysna opp ev. skuggar i ansiktet, og fordi blitz i seg sjølv er ein indikator for å vise at biletet blir tatt. Det siste høyrest kanskje litt søkt ut, men etter fleire år bak meg i skulefotobransjen, har eg erfart at blitzlyset er med på å skjerpe forsamlinga og få gruppa til å konsentrere seg. Barnehagefoto utan blitz vert ofte litt ukonsentrert, fordi du ikkje får oppmerksomheta til ungane på riktig måte. Når det smell i blitzen, ser dei framover!

Vèr
Solrike dagar fungere sjeldan optimalt til gruppefotografering. Det vert mykje skuggar og hard kontrast.
Sats på overskya dagar, der sola lyser på eit jamnt skydekke og spreier lyset fin utover. Då kjem lyset frå alle kantar, og alle vert korrekt eksponert.

Sjiraff
Om du skal ta bilete av barnegrupper eller vaksengrupper, så er ein liten søt sjiraff frå Biltema uvurderleg! Den har fire lange bein, slik at du kan sette den opp på haudet ditt medan du fotograferer. Sjølvsagt vil sjiraffen ramle ned, til alle si store begeistring! (JA, dette fungerer VELDIG bra på vaksne òg!) Ta sjiraffen ramle ned ein gong først, og ta så biletet når alle følgjer intenst med når du plasserer sjiraffen på haudet igjen. Om du har ei litt stiv og formell gruppe med vaksne personar, skal du sjå at stemninga stig nokre hakk når du leitar fram sjiraffen (min heiter forresten "Sjiraffen Slaraffen").

100 kamera, 40 ulike blikkretningar
Du kjenner truleg til problemstillinga.
Ei konfirmantgruppe der ein skokk med foreldre, tanter og onklar skal ta bilete av 40 forskremte ungdommar samtidig. Alle ropar og skrik, og blikka går i alle retningar. Om du då skal få eit offisielt bilete av god kvalitet, må du rett og slett ta kontrollen. Klapp i hendene, få alle si merksemd, forklar at du skal ta eit offisielt bilete, og at ALLE tantene får ta sine bilete ETTERPÅ. Få fokus på gruppa di, og ver myndig og tydeleg slik at dei veit at det er DEG dei skal sjå på.

Eg kjenner til ein norsk pressefotograf som i lang tid gjekk rundt med ei gul påskefjøyr festa på blitzen sin. Ja, det såg håplaust barnsleg ut, men kven trur du den kjente politikaren såg på? Dei 99 med kamera, eller han eine med ei dustete gul fjøyr på blitzen? Point taken?

Siste tips
Det er mange som er ukomfortable og usikre i gruppefotosamanhengar.
Gjer dei ei teneste ved å ta kommandoen, sei kva du ynskjer, diriger folk rundt (ta tak i dei og skubb dei gjerne rundt!). Folk er stort sett som ein saueflokk, du må vise korleis du vil ha det.
Du får aldri eit bra resultat ved å stå stille med kameraet og håpe at folk stiller seg opp korrekt og ser pynteleg i kameraet. Skal du ha eit bra gruppebilete, må du jobbe for det!

tirsdag 11. oktober 2011

When you wish upon a star...

I starten av oktober kvart år, er meteorsvermen Draconidane aktiv. Normalt er denne svermen nokså middelmådig, men i år vart showet ganske så bra. Då måtte eg sjølvsagt fram med kameraet.

Eit utsnitt som viser ein meteor på veg gjennom atmosfæren.
Meteorsvermar for dummies
Skulda for denne meteorsvermen skal i all hovudsak leggast på kometen 21P/Giacobini-Zinner. P`n i kometnamnet indikerer at dette er ein periodisk komet, dvs at den har ei fast bane rundt sola (i motsetning til kometar som kun streifar innan solsystemet og forsvinn vidare ut i rommet).
Denne kometer brukar omlag 6.6 år på ei runde rundt sola, og legg etter seg eit støvband på si reise. Dette støvbandet har størst tetthet når den nærmar seg sola. På eit gitt tidspunkt kvart år kolliderer jorda inn i denne støvskya, og vi opplever ein meteorsverm. Du kan samanlikne det med å køyre bil i snøvèr. Snøfnugga står stille (relativt sett) i forhold til bilen si frontrute, men likevel ser det ut som om snøfnugga stråler mot ein frå eit punkt framfor bilen. Det samme skjer med jorda; vi kolliderer inn i støvskya, og meteorane strålar tilsynelatande ut frå eit stjerneteikn på himmlen. I dette tilfellet er stjerneteiknet Dragen, Draco, derav Draconidane.
Skjønt, sverm og sverm...
Folk har ofte litt store forhåpningar til meteorsvermar. Ein typisk meteorsverm har ein aktivitet på ca 10-15 meteorar pr time under ideelle forhold (mørk himmel utan dis og måne). Ikkje akkurat spektakulært. Ein rutinert meteorobservatør ser dog erfaringsmessig mykje meir enn ein nybegynnar. Du må vite kva du skal sjå etter.

Men ein meteorsverm kan òg vise kraftige musklar. I enkelte år kan aktiviteten på enkelte svermar vere tildels heftig. Dei kraftigaste utbrota til svermen Leonidane nådde i 1833 faktisk over 100.000 pr time! Det vert nesten 30 meteorar pr. sekund. DÅ regnar det meteorar! Slike hendingar er likevel ganske sjeldne.

Kva med i år?
I år var det bra "meldingar" for Draconidane. Forskarar estimerte timeratar på over 500. Men ein nesten full måne i sør vaska ut kontrasten på himmelen, slik at dei svake meteorane drukna. Likevel vart det eit ok show. På det meste talte eg 5 meteorar innan eit 10 sek. intervall. Fleire gongar såg eg skurar på 3-4 meteorar samtidig. Men det kunne òg gå fleire minutt mellom kvar gong eg såg noko. Slik er det med meteorar, dei er uforutsigbare.

Ein Draconide mot himmelbakgrunnen.
Legg merke til den oransje støvskya som meteoren etterlot seg.
Korleis fotografere meteorar?
Stativ og tråd/fjernutløysar er eit must. I tillegg treng du lyssterk optikk (gjerne f/1.8 eller større), høg ISO (1600++), lang eksponeringstid, moderat vidvinkel (ca 24-35mm og flaks!
Her nyttar det ikkje å sitt med fingeren på utløysar knappen. I det du ser meteoren, er det for seint å trykke på knappen. Trikset er å sette i gang kontinuerlege eksponeringar, slik at lukkaren stort sett er open heile tida. Om du brukar for lang eksponeringstid, risikerer du at himmelen vert for lys. Du må difor prøve deg litt fram.

Under meteorsvermen natt til laurdag brukte eg Canon 7D med Canon 24mm f/1.4L objektiv.
Lukkartida satt eg på 30 sek, ISO var 1600, og blendar f/2.2. Dette gav eit godt kompromiss mellom skarpt bildefelt, høg nok sensitivitet og passe eksponert himmelbakgrunn. Eg brukte ein programmerbar fjernkontroll (Canon TC-80N3) som automatisk eksponerte 30 sek eksponeringar med 2 sek mellom kvart bilete. Då kunne kameraet stå og jobbe sjølv, medan eg observerte meteorsvermen visuelt. Du må rekne med å slette mange bilete, her er det definitivt prøve-og-feile-metoden! Eventuelt "hit-or-miss".
Sjølv ved å bruke 24mm objektiv, er det litt begrensa kva synsfelt ein får på himmelen. Om du brukar ekstrem vidvinkel, får du riktig nok dekka større delar av himmelen, men meteorane blir veldig små. Brukar du større brennvidde, vil du få store, men få meteorar på bildebrikka. Du må difor òg ta eit val sjølv. Og utsnittet er uansett eit sjansespel. Det typiske er sterke meteorar som akkurat IKKJE går inn i synsfeltet på kameraet. Men kven kan vite?


Resultatet
Om du brukar stativ, kan du sette saman fleire eksponeringar med meteorar til eit bilete, og såleis få ein god visuell representasjon av svermen og utstrålingsmønsteret.

Dette biletet er satt saman av 10 bilete, og viser tydeleg at meteorane stråler ut frå eit punkt på himmlen.
Trykk på biletet for ein større versjon.
Neste forutsigbare meteorsverm av betydning er Gemindane rundt 13-14.desember. Den har ein nokså stabil timerate på ca 50-60 (ca 1 pr. min), og har nokså klare og sterke meteorar. I år vil månen øydelegge ein del, men merk deg datoen og gjer klar kamera!

torsdag 6. oktober 2011

To UV or not to UV...

Ikkje for å starte ein større diskusjon, men Eurofoto fekk eit spørsmål på Facebook-sida som eg tenkte at eg skulle utdjupe litt. Spørsmålet gjeld i utgangspunktet UV-filter, og i kva grad desse fungerer saman med polaroidfilter eller ikkje. Eg dreg poenget litt vidare, og skal prøve IKKJE å slå eit slag for UV-filter generelt sett.

Litt UV-historikk
I den tid fotografisk film hadde si storhetstid, vart UV-filter brukt hyppig for å forhindre blåstikk
på bilete pga ultrafiolette bølgelengder (<400nm). Fotografisk film hadde som oftast tre emulsjonar (lyssensitive lag), som kvar for seg var sensitiv for raudt, grønt og blått lys. Det blå laget var dog ikkje kun sensitiv for blått lys, men òg til ei viss grad ultrafiolett. Dette medførte at det blå laget ofte fekk meir eksponering, noko som gav eit blåstikk på bileta. For å forhindre dette, brukte mange eit UV-filter som kutta alle bølgelengder under ca 400nm (nanomenter). Filteret hadde særleg stor effekt på disige dagar, der objekt laaangt vekk i bakgrunnen nesten kunne bli usynleg pga overeksponering av UV-lys.

I dag har digitalkamera UV-filter plassert framfor sensorbrikka, og såleis er det ikkje lenger behov for denne filterfunksjonen i kombinasjon med dagens objektiv. Ok, så UV-filterfunksjonen er ikkje-eksisterande.

Kvifor ikkje?
Men kvifor kjøper så folk UV-filter? Jo, det blir brukt som eit beskyttelsesfilter framfor frontlinsa, i tillfelle ein skulle vere vere uheldig. Grei nok tankegang, men det er nokre svake punkt her:

  • UV-filter vert ofte brukt (og selde) i kombinasjon med billige (og dårlege) kit-objektiv. Med andre ord; gjer eit dårleg objektiv enno dårlegare ved å plassere eit ubrukleg filter framfor. 
  • Dersom du er så uheldig at objektivet går i bakken, og UV-filteret tek støyten; trur du ikkje at frontlinsa uansett ville ha blitt skada?
  • Kva trur du at solblendaren er til, bortsett frå å skugge for sola? La solblendaren stå på konstant.
  • Kvifor risikere strølys, kontrastfall og interne refleksjonar på eit dyr og bra objektiv? Min Canon 85mm f/1.2L har aldri sett eit UV-filter, for å seie det slik!
  • Optikkprodusentar brukar ikkje enorme ressursar på å få perfekt optikk med så få linseelement som mogleg, for at du skal plasser eit stykke med middemådig glas framfor frontlinsa.
  • Dersom du stadig vekk skadar frontlinsa på objektivet ditt, bør du sjå litt på korleis du behandlar utstyret ditt. Etter å ha fotografert tildels mykje i 15-16 år, har eg personleg aldri fått skade på ei frontlinse.

Men...
Eg skal innrømme at eg har opptil fleire UV-filter. Dei har faktisk ein brukandes funksjon. Veldig mange objektiv, som i utgangpunktet har vèrtetting, MÅ kombinerast med filter i front for å få fullstendig beskyttelse mot støv og fuktighet. Dette gjeld òg dei dyrare objektivseriane. Når du fotograferer i støvete omgjevnader, er det greit å kunne skru av filteret etter ein hard dag på jobb, og berre skylle det i vatn for å få vekk støvet.

Polaroidfilter derimot, kan vere stas.
Om ein ikkje vert for ivrig.
Men det får eg sjå på ein annan gong...