tirsdag 31. januar 2012

Kvitbalanse - har du kontroll?

Fargetemperatur og kvitbalanse er begrep som vert brukt mykje innan fotografering. Korrekt bruk av fargetemperatur kan gjere underverk for eit bilete, men kva er riktig innstilling? Og kva er kvitbalanse eigentleg?
Ein enkel måte å sjå effekten av ulik fargetemperatur.
Ulike typar gatelampar skapar ulike fargar i biletet.
Vi som vaks opp med film (om du ikkje veit kva dette er, snakk med nokon som er skikkeleg gamle!), hadde ofte problemstillinga med at bilete teke innandørs i stova vart gule. Bilete teke utandørs derimot vart heilt ok. Dette skuldast at folk stort sett brukte filmar med dagslystemperatur. Dette kunne til ei viss grad korrigerast med fargefilter, men dette vart sjeldan gjort hjå den vanlege forbrukaren.


Forklaring for folk flest
Kvitbalansen ("white balance/WB") er ei innstilling på kameraet som gjer at bilete tatt under ulike typar lyskjelder likevel kan få naturlege fargar. Om du tek bilete i lyset frå eit stearinlys, eller ute i skuggen ein knallfin dag med blå himmel, så vil desse bileta ta seg veldig ulikt ut om du brukar samme fargetemperatur. Difor kan det vere lurt å stille på kvitbalansen alt etter type lys. Alle kamera har ei "auto"-innstilling, som oftast fungerer heilt ok. Ser fargane på biletet litt unaturleg ut? Då er det truleg kvitbalansen som er feil.
Tek du bilete i direkte sollys? Bruk innstillinga SOL
Tek du bilete i lyset frå glødelampar? Bruk innstillinga GLØDELAMPE
Du forstår truleg poenget.

Forklaring for nerdar
Fargetemperatur er det lyset ein får når ein varmar opp ein svart lekam til ein gitt temperatur (målt i Kelvin). Ein svart lekam er eit teoretisk objekt som absorberar absolutt all stråling som treff den, uavhengig av vinkel. I tillegg vil ein svart lekam sende ut termisk stråling, der frekvensspekteret er avhengig av temperaturen på lekamen. Sola er eit døme på ein lekam som er tilnærma lik ein svart lekam. Kelvin (K) er ein temperaturskala som har det absolutte nullpunkt (-273 grader Celsius) som nullpunkt på skalaen. 273 grader K vert då 0 grader C.

Omtrentleg fargetemperatur og ulike lyskjelder
Forenkla litt: Om du har ein glødelampe med dimmefunksjon, så vil du sjå at lyset er raudt på lavaste stille. Når du skrur opp på brytaren, vert fargen lysare og lysare. Standard glødelampar har ein temperatur på rundt 2500-3000K. Om du skrur opp temperaturen enno meir, vil lyset etterkvart bli meir kvitfarga. Wolframtråden i glødelampar likar ikkje uhorveleg høge temperaturar, så etterkvart vil glødetråden brenne av. Men om du kunne ha skrudd opp denne enno meir, ville fargen ha gått over mot blått.

Fargetemperatur er ikkje alt
Sola er ei fin lyskjelde. Den sender ut elektromagnetisk stråling (td synleg lys) i omlag alle bølgelengder som eksisterer. Vårt auge er i stand til å oppfatte ein liten del av dette strålingsspekteret, den delen vi kallar synleg lys. Auget vårt har dermed ein naturleg referanse på korleis ting skal sjå ut.
Men diverre har ulike lyskjelder ulik transmissjon av stråling. Dei fleste lysstoffrør sender ut eit nokså begrensa spekter. Normalt vil vi ikkje merke noko til dette, fordi hjernen vår har ei fenomenal evne til å omkalibrere synet vårt slik at ting ser normalt ut.

Prøv dette sjølv. Sjå på eit kvitt papirark i glødelampelys. Det er eigentleg heilt normalt ut. Ta så med deg dette arket utanfor døra di. Arket ser i starten litt blått ut. Etter nokre minutt legg du ikkje merke til denne blåfargen lengre; arket er kvitt ut. Dette fordi hjernen har ei svært god automatisk kvitbalanse.

Sjølvportrett tatt på eit offentleg toalett, med tilsynelatande monokromatisk lys!
Den einaste fargen som dette biletet tydelegvis innheld, er blått.
Tilbake til lysstoffrøret vårt. Sjølv om auget vårt tilsynelatande oppfattar dette lyset som normalt, kan du få nokre utfordringar om du skal fotografere i eit slikt lys. Bileta vil ofte bli litt grønaktig, alt etter type lysstoffrør. Sidan dette lyset manglar mange fargar, vil du raskt få problem med å korrigere bileta. Lyset vert veldig monokromatisk, nesten på grensa til svart/kvitt under enkelte forhold. Gatelyslampar har òg veldig spinkelt spektrum. Dette skuldast at dei har lysstoffrør med natrium eller kvikksølvgass i. Riktig nok får du lysstoffrør med såkalla fullspektrumfargar. Desse innheld ei gassblanding som sender ut eit tilnærma fullt spektrum innan synleg lys. I allefall godt nok til vårt bruk.

I praksis
Ein treng ikkje gjere det meir problematisk enn det er. Om du brukar innstillinga Auto, vil kameraet stort sett korrigere til korrekt kvitbalanse sjølv. Om du vil vere sikrare, bruk gjerne dei predefinerte innstillingane. Dette gjeld oftast i lys frå glødelampar og lysstoffrør, der kamera kan bli lurt. Om du i tillegg tek bileta i råformat, kan du lett fikse kvitbalansen i ettertid. Tek du i jpg-format, kan du likevel korrigere bildefila i ettertid. Men legg då merke til at fargane allereie er hardkoda i bildefila, og resultatet vert då på langt nær så bra...
 Sjølv dei enklaste kompaktkamera tek i utgangspunktet ei råfil som innheld kun rådata frå bildebrikka. Prosessoren i kameraet prosesserer så denne informasjonen etter beste hensikt, og lagrar informasjonen til minnebrikka som ei jpg-fil. Den originale råfila blir då ikkje brukt vidare. Om du har eit kamera som let deg lagre biletet som råfil, kan du sjølv prosessere fila og endre på alle parametera ein raw-konverter FØR du lagrar resultatet ut som ei jpg-fil. Dette gjer at du kan sette deg sjølv meir i førarsetet på korleis bileta skal sjå ut.

Korleis få korrekt fargetemperatur
Ein enkel måte å få korrekt fargetemperatur på, er å ta bilete i råformat. Då kan du nemleg sette fargetemperaturen i etterkant! Til dette kan du bruke eit kvitbalansekort. Dette er eit kort (ofte grått på farge) som har ei overflate som er laga av eit materiale som er svært spektrometrisk reint. Dvs at overflata er kalibrert til å gjengi ein viss farge, med stor grad av nøyaktighet. På mange av desse får du opplyst om RGB eller Lab-verdien på fargen. Då har du eit genialt hjelpemiddel!
Når du skal bruke dette kortet, tek du kort og godt bilete av det! Du opnar så biletet i raw-konverteren, og trykker på kortet med eit kvitbalanseverktøy. Då definerer du at gråfargen på dette kortet skal brukast som referanse, og at gråfargen er heilt nøytral. Raw-konverteren stiller så på fargane slik at dette kortet vert heilt nøytralt grått. No er det berre å bruke desse innstillingane på andre bilete tatt under tilsvarande lysforhold, og bileta vert heilt nøytralt justert.
Her stod kvitbalansen dessverre på lysstoffrør...
Heldigvis var det med eit kvitbalansekort på biletet!

Eit klikk på gråfargen med kvitbalanseverktøyet, og vips er biletet nøytralisert!
Av og til ynskjer du likevel naturlegvis å overstyre fargane litt. Bruk td. ikkje kvitbalansekort om du ynskjer stemningsfulle solnedgangsbilete. Mange likar i tillegg å legge på litt varm tone på portrett. Dette er individuelle vurderingar som du må gjere. Men eit kvitbalansekort er genialt til å fjerne uønska fargestikk. Legg merke til at begrepa gråkort og kvitbalansekort vert brukt litt om kvarandre.
Eit gråkort har tradisjonelt sett ein fast, grå farge, men denne gråfargen er svært ofte ikkje rein nok. Då kan det gi eit litt dårleg resultat. Gråkort brukar ein for å få korrekt eksponering, eit kvitbalansekort brukar ein for å få korrekt kvitbalanse.

mandag 23. januar 2012

Nordlysfotografering for dummies

Den siste tida har det vore forholdsvis lav nordlysaktivitet sør i Noreg, sjølv om solsyklusen eigentleg burde tilseie noko anna. Natt til mandag 23.januar fekk vi derimot vere vitne til eit naturleg fyrverkeri. Å fotografere nordlys er faktisk ikkje så vanskeleg, her er ei kjapp oppskrift.


Canon 7D, 24mm, 1600 ISO, 10 sek lukkartid, blendar f/3.5
Stativ
Sidan vi opererer med lange lukkartider, må vi bruke stativ eller legge kamera på eit fast underlag. Du treng ikkje ha det mest stødige stativet på marknaden, alt er betre enn å halde kamera med handa.

Utløysar
Det er ein fordel, men ikkje krav, med fjernutløysar på kamera. Då står du friare til å komponere biletet, sette opp faste innstillingar, og observere showet med eigne auge medan du eksponerer med tommelen. Det er ikkje eit sjakktrekk å trykke direkte på kamerautløysaren med fingeren, då rørsla er nok til å gjere biletet uskarpt med så lang lukkartid.

Kamera
Spegelrefleks er best, men kompaktkamera med manuelle funksjonar fungerer òg bra.

Brennvidde
Ingen grunn til å bruke lange brennvidder. Sats på vidvinkel eller ultravidvinkel. Då får du dekka ein større del av himmelen, og slepp å stille på stativhovudet heile tida. I tillegg bidrar den korte brennvidda til å gjere rørslene litt mindre tydelege i biletet. Minst 24mm (135-film ekvivalent) er passeleg, men gå gjerne for enno kortarte brennvidder om du har.

Blendar
Du kan sjølvsagt bruke svært raske blendarar til nordlys (td f/1.4), men då vert det kritisk med fokuseringa. I tillegg yt ofte ikkje objektiva maksimalt på slike store blendarar. Eg brukar rundt f/2.2 - 3.5, alt etter kva objektiv eg brukar. Då har eg eit godt kompromiss mellom lysstyrke og bildekvalitet.

Lukkartid
Nordlyset har ofte ganske raske rørsler. Målet er å halde lukkartida så kort som mogleg, men likevel så lang at du får med nok lys. Start med 10 sek, og gå kortare om du ynskjer å fryse meir av rørsla (du bør då kompensere med auka ISO). Du må ofte eksperimentere litt for å finne den optimale eksponeringa.

ISO
Bruk høg ISO. Moderne kamera har så lågt støynivå at du kan bruke 1600-3200 ISO utan store problem. Om det er kaldt ute, bidreg dette òg til å kjøle ned bildebrikka. Då blir det mindre støy. Start på 1600 ISO, og sjå om du treng meir etterkvart.

Fokus
Fokus er kritisk. Ikkje gjer tabben med å stille kameraet på uendeleg og så tru at fokusen vert perfekt! Dei fleste objektiv har eit uendeleg-punkt (stjernefokus) som ikkje samsvarar med uendeleg-teiknet på objektivet. Bruk gjerne live-fokus, og fokuser manuelt på eit lyspunkt som ligg langt unna. (Sterk stjerne, gatelys langt unna). På ein liten kameraskjerm ser ofte bileta veldig skarpe ut, men det skal ikkje mykje til før stjernene vert skiveforma.

Komposisjon
Tenk gjerne litt kreativt under fotograferinga. Ikkje ta berre bilete av himmelen, men få med litt terreng, busetnad eller andre element. Dette gjer mykje for biletet. Om du legg på ein blitz i tillegg, kan du få med  personar i framgrunnen (desse vert skarpe pga blitzen) og nordlyset i bakgrunnen.

Og nordlys; kva er det?
Kort fortalt så er det partiklar frå sola som vert styrt inn mot polane pga jorda sitt magnetfelt, og som eksiterer atom i atmosfæren slik at dei sender frå seg monospektralt lys i ulike bølgelengder (avhengig av kva gass som vert eksitert).

Kort oppsummert:
- vidvinkel
- stativ
- fjernutløysar
- 10 sek lukkartid
- blendar f/3.5
- 1600 ISO
- fokus på uendeleg
- idyllisk komposisjon

tirsdag 17. januar 2012

Portrettfotografering - val av objektiv

I utgangspunktet fungerer dei fleste objektiv til portrettfotografering, i allefall til ei viss grad. Likevel snakkar vi gjerne om "portrettobjektiv". Kva er det som kjenneteikner eit portrettobjektiv, og kva er det som gjer slike betre eigna til denne type fotografering?
Eit heilportrett, tatt med 50mm fastoptikk med blendar f/1.2.
Legg merke til den svært avgrensa djupteskarpleiken.
Det vert feil å kategorisk dømme eit objektiv som "mindre eigna" til portrettfotografering enn andre. Det finst mange ulike typar fotografar, med svært ulike fotografiske uttrykk og preferansar. Nokon køyrer forutsigbart etter klassiske reglar og prinsipp, medan andre eksperimenterer meir og bryt grenser. Innan fotografi er det meste lov, og vi som betraktar eit fotografi kan godta ganske mykje om fotografen gjev inntrykk av å ha ei djupare meining bak. Ei rekkje med ikoniske og historiske portrettfoto er tatt med ordinært utstyr. Berre tenk på det legendariske biletet av Che Guevara, reprodusert på millioner av t-skjorter verden over. Av og til har historisk betydning større effekt enn det reint kameratekniske.

Likevel. Om ein er ute etter eit forutsigbart resultat, er det nokre prinsipp og retningslinjer som kanskje kan vere til hjelp. Dette gjeld spesielt for dei som jobbar profesjonelt, eller har større krav til eit forutsigbart sluttresultat.

Brennvidder
Tradisjonelt sett er brennvidder på rundt 85mm reknar som gode portrettobjektiv. Dette avheng sjølvsagt etter kva utsnitt ein er ute etter. Ofte er gode portrettbilete eit resultat av kommunikasjon mellom fotograf og modell, og dette legg såleis ei viss føring på komfortabel avstand mellom desse.
For nær avstand medfører ofte at ansiktsproporsjonar vert fordreidd og lite flatterande, samt at den korte avstanden ofte kan gjere modellen litt usikker og nervøs.
For lang avstand gjev kanskje meir korrekt avteikning av modellen, men samstundes mister ein nærleiken og intimiteten som er med å forme eit godt portrettfotografi.
Til heilfigur er brennvidder på rundt 35mm godt eigna. 50mm gjev gode halvportrett, medan 85mm gjev eit tettare utsnitt. Nære portrett med kun skuldrar og ansikt oppnår ein lett med 100-150mm brennvidde eller meir. Men brennvidde er ikkje alt. I tillegg kan ein regulere utsnittet med fysisk avstand til modellen.
85mm objektiv er flott til nære og tette portrett. Dette portrettet av
mi bestemor (her 98 år) er tatt med naturleg lys som kjem inn eit vindauge.
Zoom- eller fastoptikk?
Klassisk kjelde til konflikt. Kva er best? Fastoptikk eller zoomoptikk? Ingen fasit, då begge har sine styrker. Personleg brukar eg hovudsakleg fastoptikk, sjølv om eg godt kan forstå at nokon føretrekk zoom. Her er mine argument for fastoptikk:

  • enklare og lettare konstruksjon
  • færre linseelement , betre bildekvalitet (generelt mindre sjanse for linserefleksjonar)
  • oftast meir lyssterke, med til dels stor blendaropning (f/1.4 til 1.2)
  • svært god optikk for pengane
  • DU MÅ BRUKE FØTENE MEIR (og ja, dette er positivt).

Hovudgrunnen til at eg brukar fastoptikk, er at det krev litt meir av meg. Eg kan ikkje lengre stå stille på samme plassen og håpe at utsnittet kjem til meg. Eg må fysisk flytte på meg for å endre utsnitt. Dette medfører at eg får sjå modellen frå fleire vinklar, og såleis kanskje finn ein vinkel som passar litt betre. Om ein brukar zoomoptikk, vert ein gjerne litt blind på dette om ein ikkje har det i bakhovudet. Dette gjeld ikkje spesielt portrettfotografering, men eigentleg generelt innan fotografering. Ein mister sjølvsagt fleksibiliteten med å kunne zoome inn og ut, men ein kjem som regel godt ut av det ved å ha to kamerahus tilgjengeleg med ulike brennvidder på.

50mm f/1.4, blenda ned eit par steg, tatt i gangfart.
Kanskje ikkje eit heilt standard portrett?
Blendar
Om ein jobbar i studio med hovudsakleg kunstig lyssetting, får ein sjeldan bruk for store blendarar. Det vert rett og slett for mykje lys! Ofte ligg ein i området f/8-16. I slike tilfeller kan ein klare seg godt med god zoomoptikk. Om ein jobbar mykje med naturleg lys, er stor blendaropning derimot ein fordel. God fastoptikk har ofte største blendar på f/1.4 eller f/1.2. Om du ikkje har brukt så store blendarar før, kjem du til å oppleve ei ny verd; ei verd med svært avgrensa djupteskarpleik.  Legg merke til at god fastoptikk med så stor blendaropning gjerne kostar ein god slump. Men dette er objektiv du har lenge, og brukar mykje! Personleg har eg mine favorittar i Canon 35mm f/1.4L, 85mm f/1.2L og 200mm f/2 L IS. Om eg har desse tre objektiva på eit oppdrag, har eg som oftast det eg treng. Desse objektiva ligg dog i den øvre prisklassa... (Andre objektivprodusentar har sjølvsagt sine eigne objektiv med tilsvarande kvalitet).

Ein fordel med gode portrettobjektiv er at dei ofte har blendar med avrunda blendarlameller. Dette gjer at blendaropningen får ei nærast perfekt sirkulær form. Dette gjev størst resultat på kvalitet og utsjånad på uskarp bakgrunn, kalla bokeh på fagspråket. Eit objektiv med god bokeh, gjev ein herleg, jamn og diffus uskarp bakgrunn på stor blendar (sjølvsagt avhengig av avstand til bakgrunnen). Dårleg bokeh viser td. lyspunkt i bakgrunnen som uregemessige skiver, noko som sjeldan er veldig flatterande for biletet.

Stor blendaropning krev dog stødig fokuskontroll. Fokusplanet er ofte berre på nokre få mm, og det er ikkje store rørsla som skal til for at motivet vert uskarpt. I tillegg må ein gjere eit meir beviss val om kva som skal vere i fokus. Heldigvis, fordelen med fastoptikk er at du har høve til stor blendaropning. Men det ER lov å blende ned for å få meir djubteskarpleik! Bruk riktig blendar til riktig føremål!

Prøv sjølv!
Heldigvis finst det billige og gode alternativ for deg som ynskjer å prøve fastoptikk. Dei fleste produsentar har td. 35mm f/250mm f/1.4 og 85mm f/1.8 i sitt sortiment. Prøv desse, og oppdag ei ny verd!

fredag 6. januar 2012

Når tryggleik er viktigast

Som nokre kanskje har fått med seg, har vi på nordvestlandet i romjula hatt besøk av eit kvinnfolk med sinne og krefter. Ruskevér og ekstreme hendingar er tradisjonelt sett attraktive fotoobjekt. Det kan både vere motiva i seg sjølv, samt sjølve tilhøva rundt som skapar utfordringa. Men av og til bør ein kaste inn handkledet og innsjå at tryggleiken trass alt har prioritet.
Dyster stemning i etterkant av orkanen Dagmar.
I løpet av dei siste åra har eg dekka ei rekkje med natur- / trafikkhendingar for ulike media. Enten det har vore snakk om lokale overflaumingar, skred, brann, vindskadar, haglstormar, kollisjonar eller snøkaos. Av og til dukkar ein opp i situasjonar når ein er på vegen, medan andre gongar vert ein ringt opp og må oppsøke skadestaden. Heile tida bør ein ha tryggleik i bakhovudet. Kor langt er ein villig til å gå for å få bileta ein ynskjer? Når bør ein trekke seg attende? Kva type bilete forventar oppdragsgjevar?
Bilete tatt på oppdrag frå media; resultat av ryddig kommunikasjon med skadestadsleiar.

Generell førstevurdering
  Sikring av skadestad
Godt råd ved sterk vind.
Det første ein bør gjere, er å ta ei rask vurdering av lokaliteten. I kva retning ligg næraste trussel, og kor enkelt er det å trekke seg attende? Er personar skada? Kan andre personar kome i skade ved at du posisjonerer deg (ev.bilen) på skadestaden? Er det lett for ev. andre bilistar å oppfatte situasjonen i god tid? Er det andre tilstades på staden? Set gjerne ut ein varseltrekant/naudblink, eller få andre til å gjere det.

  Varsling
Om du har fått førespurnad frå media, er som oftast redningspersonell (politi, ambulanse, brannvesen) underretta allereie. Er du førstemann til skadestaden, skal hjelp tilkallast om det er behov for det. Om det er fleire tilstades, er det lurt å delegere ansvaret rundt slik at ting skjer raskast mogleg. Om ingen andre tek kommando, ta kommando! Det verste er når ingen tek ansvar, og ein mister verdifull tid.

  Handling
Om personar er skada, start behandling. Fotograferinga har alltid mindre prioritet.

Oppførsel på skadestad
Om situasjonen er under kontroll, er det på tide å gjere jobben. Media ynskjer som oftast eit mms/e-postbilete så raskt som mogleg. Kampen mellom ulike media er stor! Ta gjerne kontakt med oppdragsgjevar for å oppdatere denne om situasjonen. Om du ynskjer å få fleire oppdrag seinare, ikkje send til fleire media samtidig! Då vert det med denne eine gongen; media ynskjer eksklusivitet!
Gjer deg kjend for redningspersonell/skadestadsleiar, og følg instruksjonane/begrensingane frå denne. Det er viktig at du ikkje går i vegen, då endar du opp med å bli forvist frå staden og oppdragsgjevar får seg ein smekk.

Etter at mms/e-postbilete er sendt, bør du sikre deg nokre oversiktsbilete og nokre nærbilete. Du veit aldri når du må trekke deg tilbake, og då gjeld det å ha eit representativt utval. Spar dei krevande og meir spesielle bileta til etterpå. Unngå stilliserte bilete ("mann framfor hus"), prøv å få med handling ("fotografere verb").

Lokalt store øydeleggingar i Loen sentrum.
Kva med Dagmar?
Orkanen Dagmar slo laust på nordvestlandet litt ut på kvelden 1.juledag. Eg var ute ein tur på kvelden for å sikre nokre lause gjenstandar, og erfarte raskt at fotografering vart uaktuelt. Når det bles så mykje at det er vanskeleg å trekke pusten, og vindkasta kastar store gjenstandar opp i lufta, er det lurast å søke tilflukt innandørs. Når furustammar med 30 cm diameter knekk tvers av i vinden, er det uansvarleg å bevege seg utandørs, sjølv med bil som framkomstmiddel. Som familiemann og småbarnsfar var det uansett uaktuelt å forlate familien. Utan straum, vatn og kommunikasjon vert kvardagen litt endra, og ein lyt ha andre prioriteringar.

Morgonen etter hadde vinden løya nokonlunde, og eg kunne ta meg ein tur utandørs. Heldigvis var det kun moderate skadar i vårt nabolag, samanlikna med stadar der vinden verkeleg hadde tatt godt tak. Ein biltur innover i fjorden avslørte kor tilsynelatande vilkårleg vinden hadde råka. Det var lett å sjå kvar vindkulene hadde herja.

Det er lett å la seg rive med når det skjer dramatiske og spennande hendingar, men det er fort gjort å sette seg sjølv i farlege situasjonar. Ein bør difor ha tryggleiksvurderinga i bakhovudet til ei kvar tid.

torsdag 1. desember 2011

Måneformørking 10.desember - finn fram ditt teleskop!

Når månen, jorda og sola står høveleg plassert i verdensrommet, kan vi oppleve ei total måneformørking. Under gode forhold er hendinga både vakker og surrealistisk. Under mindre gode forhold forsvinn månen ut av syne. 10.desember skjer det igjen. 
Er du klar? Finn fram ditt teleskop og kamera!


Måneformørking
Total måneformørking fotografert i 2003, av underteikna.

Måneformørking for dummies
  • Sola lyser på jorda.
  • Jorda kaster skugge.
  • Månen går inn i jorda sin skugge, og vert formørka.

Måneformørking for folk flest
Månen roterer rundt jorda, og jorda roterer rundt sola. Når sola lyser på jorda, kaster jorda sin skugge ut i verdensrommet. Alle objekt som fell inn i denne skuggen vert ikkje lenger opplyst av sola. Dette ser ein td. på satellittar, som ein kan sjå som saktegåande lyspunkt som bevegar seg over himmelen. Om du følgjer ein slik frå horisont til horisont, vil du ofte sjå at den brått forsvinn ut av syne. Då passerer den gjennom skuggen til jorda, og vert ikkje lenger synleg.

Sidan månen går rundt jorda, vil den til tider òg passere gjennom skuggen til jorda. Dette skjer riktignok ikkje så ofte, for månen er 300.000 km unna, og på den avstanden er ikkje jordskuggen si kjegle så veldig stor. Som oftast passerer månen under eller over skuggen, og vi merkar ingenting.

Av og til, når geometrien i verdensrommet spelar på lag, passerer månen gjennom skuggen. Det er ikkje alltid at heile månen går gjennom skuggen, då vert formørkinga delvis (partiell). Men stort sett er formørkingane totale. Sjølv om månen går inn i skuggen til jorda, vert den ikkje heilt svart. Kvifor?
Noko av lyset når fram til månen, fordi lyset frå sola vert brote i atmosfæren til jorda. Det er kun det raude lyset som vert brote nok til at lyset treff månen. Det fungerer akkurat som ved solnedgang/soloppgang, der lyset vert raudt pga lysbrytinga i atmosfæren.

Idyllisk nok kan ein seie at lyset som treff månen under ei måneformørking er summen av alle soloppgangar og solnedgangar over heile jorda. Vakkert! Men i motsetning til solformørkingar, kan ei måneformørking sjåast av alle delar av jorda som har natt (nattsida av jorda). Dette er såleis ei hending som svært mange kan få med seg!

Når formørkinga startar, ser vi jorda sin skugge som sig innover måneskiva. Og skuggen si form er rundt, akkurat som jorda! Det var slik menneske først kom fram til at jorda måtte vere rund! Her ser vi beviset, praktisk talt svart på kvitt!
Men skuggen er ikkje sylskarp. Dette skuldast at lyset som sagt vert brote i atmosfæren. Vi får dermed litt lysbryting (diffraksjon) som gjer skuggen litt ullen i kantane. Men likevel er skuggen rimeleg godt definert, og du er aldri i tvil når formørkinga startar!
Du vil merke at du brått ser mykje meir stjerner enn før formørkinga starta. (Du har vel forstått no at måneformørkingar KUN skjer ved fullmåne). Dette skuldast at månelyset no er mykje svakare, og såleis fører til mindre refleksjonar og lysspreiing i atmosfæren. Det er eit ganske flott syn å sjå ein blodraudmåne avteikne seg nesten tredimensjonalt mot ein mørk, stjernefylt himmel!
Skisse måneformørking
Skisse over ei total måneformørking, laga av underteikna.


Halvskugge (penumbral fase)
Vi har òg eit fenomen som heiter halvskugge, det er dei delane av formørkinga der kun delar av sollyset treff månen. Då kastar jorda ein halvskugge som dempar lyset litt. Fotografisk er dette nokså greit å fotografere, men det er litt meir vanskeleg å oppdage dette visuelt. Når heilskuggen nesten treff månen, er halvskuggen ganske lett å sjå. Denne delen av formørkinga (penumbral fase) kan vere ganske vakker!
Av og til vert formørkinga faktisk berre penumbral, månen passerer kun gjennom halvskuggen. Desse formørkingane er òg vakre, men ikkje så spektakulære.

Penumbral måneformørking
Penumbal formørking 14-15.mars 2006
Under den penumbrale formørkinga i 2006 passerte månen gjennom halvskuggen til jorda. Omlag to veker seinare var det jorda som passerte gjennom skuggen til månen, med ei særdeles vakker solformørking som var synleg i eit smalt 200 km breidt belte som strakk seg frå Afrika og eit stykke nordover gjennom Russland (månen er mykje mindre enn jorda, og kastar difor mykje mindre skugge). Eg observerte den totale solformørkinga frå Tyrkia, og fekk med meg ei av kanskje dei sterkaste naturopplevingane ein kan oppleve. Anbefalast!



Animasjon av måneformørkinga i 2003, laga av underteikna.

Korleis fotografere ei måneformørking
Du treng kamera, objektiv og stativ.
Brennvidda er alt etter formålet. Eg har brukt alt frå 20mm til 800mm brennvidde, og alt fungerer til sitt bruk. Skal du ha detaljerte nærbilete, treng du nok 400mm eller meir. Om du ikkje har objektiv eller eit teleskop i denne storleiken, så kan du heller forsøke å ta bilete av formørkinga der du inkluderer bygningar, personar eller landskap i motivet. Desse kan bli veldig vakre.
Om du treng eit teleskop, får du rimelege og gode teleskop frå Celestron hjå celestron.no.

Når det gjeld innstillingar og eksponering, er det ingen absolutt fasit, for lysstyrka til månen under formørkinga vil variere alt etter amtosfæriske forhold (aske, forureining i atmosfæren etc...).
Prøv 200-400 ISO, blendar rundt f/2.8-4, og ei lukkartid som fangar nok lys utan at månen vert bevegelsesuskarp. Under den mørkaste, totale fasen må ein kanskje opp i 8-10 sek. Om du ikkje har motorisert montering (noko dei fleste ikkje har), ville eg har regulert med ISO slik at ein får ei lukkartid på 3-4 sek. Stativ er ei sjølvfølge!
Heldigvis ser måneformørkingar nokså langvarige, så du har god til til eksperimentering!

Her er eit tidskjema for formørkinga laurdag 10.desember. Tidspunkta kan variere i ulike delar av landet, men oversikta kan brukast som ein peikepinn.

Halvskuggefasen startar:       12:30
Partiell fase startar:                13:45
Total fase startar:                   15:00
Total fase sluttar:                   16:00
Partiell fase sluttar:                17:20
Halvskuggefasen sluttar:       18:30

I dei sørlegaste delane av landet er formørkinga kun synleg når månen er over horisonten mot slutten av formørkinga. I Nord-Noreg kan heile hendinga sjåast i sin heilskap.

Fotokonkurranse
I samband med formørkinga, arrangerer vi ei fotokonkurranse der vinnaren av det beste biletet får eit gåvekort frå dinkikkert.no til ein verdi av 1500,-. Følg med på Japan Photo og Eurofoto sine Facebook-sider for meir informasjon om dette.

Lykke til! Og så får vi håpe at vèret er på vår side!

torsdag 24. november 2011

Teleskop til jul - kva passar best?


Lyst på astronomisk teleskop som julegåve? No har vår spesialbutikk for kikkertar, mikroskop, spottingscope og teleskop, dinkikkert.no, fått inn eit parti med Celestron Astromaster 130 EQ. (Eigentleg skulle vi først ha senka prisen på denne 1.desember, men vi klarte ikkje vente lengre...) Kva type teleskop er dette? Korleis fungerer det? Kva kan eg sjå? Er det vanskeleg i bruk? 

Celestron Astromaster 130 EQ
Celestron Astromaster 130 EQ

Det finst mange ulike typar teleskop. Kort fortalt har vi tre hovudkategoriar. Her skal eg kort prøve å forklare ulikskapane, og kva ein kan forvente å sjå med dei.

Generelt om teleskop
Første spørsmål eg får om teleskop er
-Kor mykje forstørrer det?
Generelt sett kan eg seie at forstørring er av mindre betydning. For eit astonomisk teleskop, som skal brukast til å observere fjerne og svake objekt, er det evna til å samle lys som er av betydning. Dess meir lys teleskopet samlar, dess klårare og lysare bilete får du i okularet. Og dei fleste objekt vert observert med relativ låg forstørring (20-60x forstørring), fordi dei faktisk er nokså store objekt på himmelen.
Jupiter
Jupiter, fotografert med
4.5" reflektor
Du kan studere planeten Jupiter med 500x forstørrelse på både eit linseteleskop med 6 cm opning, og eit spegelteleskop med 40 cm opning. Begge teleskop kan teoretisk sett forstørre like mykje. Men forskjellen ser du når du observerer i okularet. Linseteleskopet vil vise eit grumsete bilete av noko som liknar ei grå spytteklyse. Spegelteleskopet vil vise Jupiter som ei stor skive, med fleire ekvatorialband, stormkvervlar og flekkar. Forskjellen ligg ikkje i forstørringa, men i mengda lys som dannar biletet i okukaret. Med andre ord; total lysmengde betyr nesten alt! Det vert som å stille eit kamera på 1/15 eksponering, og så veksle mellom blendar f/1.4 og blendar 11. Mengda med lys som treff sensoren er som natt og dag!
Merk at eit 60mm linseteleskop ikkje er ueigna til å studere Jupiter, tvert i mot! Men teleskopet tåler ikkje 500x forstørring. Med rundt 150x forstørring ser du mykje detaljar på planetskiva. Evna til å sjå detaljar aukar signifikant når du får meir observasjonserfaring. Erfarne observatørar, som veit kva dei skal sjå etter, ser mykje meir detaljar enn nybegynnerar.


Montering
Ei solid montering er noko av det viktigaste i eit teleskopoppsett. Det nyttar ikkje med god og dyrt teleskop, dersom monteringa ikkje klarer å halde teleskopet rolig. Det er ofte snakk om lange brennvidder, og stabilitet er difor veldig viktig! Den enklaste typen montering er alt-azimut-montering. Dette fungerer som eit fotostativ med betjeningsarm. Opp-ned og høgre-venstre. Desse monteringane er enkle å bruke, men fungerer ikkje om du ynskjer å fotografere med lengre eksponeringstider.
Dobson-montering er av kanon-typen, og vert brukt til store reflektorar. Du vippar teleskopet opp og ned, og side-til-side. Veldig enkle i bruk, peik teleskopet dit du vil sjå. Sjølv små barn klarer å betjene desse.
Ekvatorial-montering er meir avanserte, og nyttar seg av to aksar der den eine aksen peikar mot eit punkt like vel nordstjerna. Dette gjer at du kan følge stjernene kun ved å skru på ein akse. Desse monteringane eignar seg godt til fotografering med lengre eksponeringstider. Dei ser nokså avanserte og vanskelege ut, men ein kjem raskt inn i virkemåten.

Linseteleskop (refraktor)
Refraktor
70mm refraktor med
alt-az-montering
Eit linseteleskop, òg kjent som refraktor, brukar ei konveks linse som fangar lyset og samlar det i eit brennpunkt. Ein nyttar så eit okular til å forstørre biletet i brennpunktet. Ved å bruke ulike typar glas i linsa, kan ein oppnå ulik grad av fargekorrigering. Enkle linser, td akromatiske, består av flint- og kronglas, og er nokså rimelege å produsere. Ulempen med akromatiske refraktorar, er at det blå lyset ikkje har samme fokuspunkt som raud og grønt. Dermed får stjernene ofte eit blått skjær rundt seg, fordi det blå lyset ikkje er skikkeleg i fokus når dei andre fargane er i fokus. Om du vil at alle fargane skal
ha samme fokuspunkt, må du ha ein apokromatisk refraktor. Denne har ofte eit linseelement av fluoritt, og kostar nokså mykje.
Om natta er nattsynet vårt lite sensitivt mot fargar, så akromatiske refraktorar vil som oftast fungere heilt ok visuelt. Ynskjer du å fotografere, bør du derimot velje apokromatisk glas. Linseteleskop med meir enn 100mm opning vert rimeleg dyre. Om du ynskjer å fange mykje lys, bør du vurdere eit anna type teleskop.

Spegelteleskop (reflektor)
Reflektor
10" reflektor med
dobsonmontering.
Eit spegelteleskop brukar ein sfærisk eller parabolsk spegel som samlar lyset og fokuserer det i eit fokuspunkt. Det er lettare og billigare å lage store speglar, så difor gjev spegelteleskop veldig mykje for pengane. I tillegg har dei i utgangspunktet ikkje fargefeil, sidan lyset kun vert reflektert (og ikkje brote i linser). Ulempen er at konstruksjonen krev ein sekundærspegel som er plassert midt i lysgangen. Dette fører til noko kontrasttap. Når opningsforholdet går ned mot f/4, er det samtidig kritisk at opplinjering av speglane er heilt korrekt for å få eit godt bilete. Denne korrigeringsprosessen vert kalla kollimering, og kan vere litt utfordrande første gongen. På teleskop med mindre opningsforhold (f6-8) er kollimering mindre kritisk.
Eit spegelteleskop på td. 5 tommar (130mm) samlar fire gongar så mykje lys som eit linseteleskop på 65mm opning. Prisen er nokså lik. Eit spegelteleskop kan difor vere eit ypperleg førsteteleskop.

Katadioptriske (kombinasjon av linser og spegel)
Meade LX200
Meade LX200,
katadioptrisk teleskop.
Katadioptriske teleskop nyttar ein kombinasjon av linser og speglar for å samle lyset. Konstruksjonen gjer det mogleg å lage teleskop med lange brennvidder (ofte 2000mm eller meir) i ein kompakt konstruksjon. Dette skuldast at lyset vert reflektert fram og tilbake inne i teleskoptuba.
Kollimering er her kritisk for å oppnå optimalt resultat, og konstruksjonen gjer desse teleskopa godt egna til vitenskaplege og fotografisk føremål. Ulempa er prisen, som er nokså høg. Katadioptriske teleskop er best eigna til vidarekomande, og krev òg ei nokså solid montering og stativ pga høg forstørring. Ulempen med katadioptriske teleskop, er at det kan vere vanskeleg å få forstørringa låg nok. Store objekt vert difor for store for synsfeltet. Såleis eignar slike teleskop seg best for små objekt (planetar, galaksar, planetariske tåker etc...)

Fotografering?
Som nybegynnar ville eg har konsentrert meg om visuell observasjon. For å få godt resultat med fotografering, treng du nokså solid (og dyrt) utstyr. I tillegg krev astrofoto mykje bildehandsaming. Ein kjem faktisk langt ved å legge eit vanleg kompaktkamera ned til okularet. Med denne metoden kan du ta flotte bilete av lyssterke objekt, som td. månen.

Så... Celestron Astromaster 130 EQ
Dette er eit spegelteleskop med 5-toms (130mm) opning og opningsforhold f/5, dvs 650mm brennvidde. Teleskopet er montert på ei enkel ekvatorialmontering, og det følger med to okular på 10mm (65x forstørring) og 20mm (32x forstørring). Teleskopet er enkelt å montere, og er nokså kompakt. Lysstyrkemessig samlar det mykje lys, og fleire tusentals galaksar og stjernetåker er innan di rekkevidde. Månen ser fantastisk ut i slike teleskop! Biletet av Jupiter lengre oppe er tatt med eit liknande teleskop med 4.5" spegel. Under gode forhold kan du sjå liknande detaljegrad på planetskiva med Astromaster 130 EQ.
Prisen vi kan tilby no er særdeles konkurransedyktig, vi slår av ein tusenlapp på ordinær pris! Komplett teleskop får du no for kr 1999,- på dinkikkert.no. Dette teleskopet er no på utstilling i dei største Japan Photo-butikkane.
Celestron Astromaster 130 EQ er ei fin gåve til heile familien! Dinkikkert.no har forøvrig personell med høg kompetanse på teleskop, om du treng hjelp til oppsett og generell bruk.

tirsdag 22. november 2011

Orbar - når vitenskap vert galskap

I dag skal eg snakke litt om orbar; desse fantastiske manifestasjonane frå ein annan dimmensjon, der gode krefter snakkar til oss ved hjelp av søte små lysskiver som tilsynelatande dukkar opp på bilete i etterkant. 
Ein "orb", endeleg tatt på fersk gjerning!
Om du likar tanken på at gode krefter kommuniserer via flekkar på bilete, IKKJE les vidare på dette innlegget. Sjå gjerne på TV-Norge FEM sitt program "På den andre siden", og lev vidare i trua.

Om du vil ha ei heilt logisk, vitenskapleg forklaring, les vidare!

Kva nokon trur

Her er kva Marcello Haugen (ein av Noregs mest kjente klarsyne, død i 1967) seier (via kanalisert bodskap) til Tove Kristin Haugen (healer, klarsynt, husrenskar): "Det er en eksistens som er høyere enn våres. Den har utviklet seg og er ikke avhengig av det kroppslige lenger for å forflytte seg. Det er kun energikraften fra det høyere nivå, som nå begynner å åpnes opp for flere av oss. (...) De er her for å gi oss sin informasjon om andre eksistenser, og at det er andre eksistenser som kan forflytte seg raskere enn vi kan fatte."

Eh...vel...ja...fint!

Programmet "På den andre siden" hadde for ei tid sidan eit program som omhandla "orbar", der dei mellom anna hadde alliert seg med ein fotograf som skulle forklare "orbar" frå ein fototeknisk synsvinkel.
Problemet var at fotografen ikkje hadde kunnskap om elementær fototeori, noko som medførte at han måtte innrømme at det var nokre typar orbar som han ikkje kunne forklare (noko som sjølvsagt vart brukt som argument for at "orbar" eksisterer). Flaut for fotografen. Personleg satt eg og reiv meg i håret...

Kort og greit
"Orbar" er skapt av støv, vassdropar eller andre luftborne partiklar.
Lufta er full av støv, sjølv om du ikkje kan sjå det med auget. Mengda og type partiklar varierer basert på mange faktorar, mellom anna klima, vindretning og generell luftaktivitet.
Støv er generelt skapt av mange naturlege og menneskeskapte prosessar, og kan bestå av jord, pollen, vulkanstøv, partiklar frå eksos, røykpartiklar og andre partiklar som er små nok til å halde seg svevande i lufta. "Orbar" er ikkje skapt av partiklar i kamera eller på objektivlinsa, men derimot av partiklar rett framfor objektivlinsa.

Så korleis skjer dette?
Ultrafiolett lys frå kameraet sin blitz lyser opp støvet, og vert deretter fanga opp av kameraet si bildebrikke. Støvet ligg nær det inverterte fokuspunktet, som er det punktet framfor objektivlinsa som eit objekt må vere for å kome i fokus på ei gitt blendaropning. Dess nærare ein partikkel er objektivlinsa, dess større og meir uklåre vert "orbane", medan partiklar som ligg nært det inverterte fokuspunktet vert meir distinkt og tydelege.
Digitale kamera er sensitive for UV og IR-bølgelengder, og er såleis betre rusta til å eksponere "orbar" enn filmbaserte kamera. Men ein treng ikkje nødvendigvis blitz under eksponeringa, så lenge ein har ei sterk nok lyskjelde til å skape lysbrytinga.
Dei fleste digitale kamera med små bildebrikker (td kompaktkamera) har òg større djubdeskarpleik, noko som fører til at luftborne partiklar lettare vert synlege. Ein annan faktor som kan skape "orbar", er noko som på godt norsk vert kalla "circle of confusion". Dette er ein optisk flekk skapt av ei lyskjegle (frå eit objektiv), som ikkje kjem i perfekt fokus ved fotografering av ei punktlyskjelde.

Linserefleks er eit anna fenomen som kan skape "orbar". Eit objektiv har fleire linser som jobbar saman for å fokusere lyset på bildebrikka. Om linseelementa ikkje har tilstrekkeleg overflatehandsaming (antirefleksbelegg), kan ein få interne refleksjonar som syner på bileta som runde flekkar med ulik form.

Litt diffraksjonsteori
Teoretisk diffraksjonsmønster
Diffraksjon er spredning av lys rundt kanten av eit objekt. Denne lysbrytinga skapar mønster som vert kalla diffraksjonsringar.

"Støvorbar" har nokre klassiske karakterisika, mellom anna ei slags kjerne med fleire ringar rundt. Dette er diffraksjonsringane. Ein enkel måte å skildre desse på, er å tenke på ein vassdrope som treff ei vassoverflate. Då får ein ringar i vatnet. Lys oppfører seg på liknande måte, men evna til å sjå ringane er avhengig av oppløysinga på biletet og at "orben" ikkje er for nær objektivlinsa (men derimot nærare det inverterte fokuspunktet).

Interferenslys skapar mørke og lyse band. Nodale punkt opptrer som mørke band (bølgelengdene opphevar kvarandre), medan antinodale punkt opptrer som lyse band (bølgelengdene forsterkar kvarandre). Fiolett lys (med kortast bølgelengde) har minst diffraksjonar, medan raudt lys (med lengst bølgelengde) er mest utsatt for diffraksjon.
Som ein digresjon; ein kan òg sjå diffraksjonar på havet, td der bølger treff ein holme og vert bøygd rundt holmen slik at bølgene endrar retning.
Diffraksjon rundt eit objekt
Sjølve utsjånaden på "orben" vil endre seg alt etter kvar partikkelen ligg i forhold til aksesentrum i objektivet. Fargen på "orben" vil variere litt, alt etter kva type bølgelengder som skapar diffraksjonen.

Prøv i praksis
Om du ikkje forsto bæret av interferensteorien over, ta det rolig...
Du er heilt normal. Dette er hard teori!
Ta ein vanleg linsekikkert (prismeskikkert eller ein stjernekikkert), og sikt på ei punktlyskjelde laangt unna (td ei sterk stjerne eller planet). Still på fokuseringsknappen slik at biletet ikkje lengre er i fokus. Ser du noko kjent?

lørdag 5. november 2011

GoPro - 94 gram action!

GoPro er truleg det mest brukte (og kjente) actionkameraet for ekstremsport. Om du har behov for eit lite, lett 1080p-videokamera som tåler ein støyt, sjå litt nærare på GoPro Hero HD. Bruksområda er mange, men kameraet tilhøyrer kanskje eit anna segment enn du er vant med frå andre videokamera.

GoPro er lite, det veg faktisk i underkant av 100 gram i "naken" tilstand. Du har tilgang til eit utal tilleggsprodukt, mellom anna LCD-skjerm, samt tilkoplingsadapter for dei fleste føremål. Du kan til og med installere to kamera i eit spesielt 3D-hus, og spele inn filmar i ekte 3D.


Enkel betjening
Brukargrensesnittet er veldig enkelt; du betener kameraet med to knappar, og det er ikkje høve til å gjere store endringar i innstillingane. Men det skal seiast; både automatisk eksponeringskontroll og auto-kvitbalanse fungerer overraskande bra.
Fokusen er fast (fokusområde 0.6m til uendeleg), og objektivet har blendar f/2.8.
Kameraet brukar SDHC-kort, og du bør velge eit kort i minst Klasse 4 for å få problemfri lagring av filmen. (Låg skrivehastighet på kortet medfører at kameraet leverer meir data enn det som kan skrivast til kortet. Dette kan medføre feil og hakking under avspeling).
Kameraet er godt beskytta av eit vasstett og robust kamerahus i polykarbonat, og er faktisk vasstett ned til 60 meter.

Kva vel du?
Eg har brukt min GoPro til diverse meir eller mindre nyttige føremål, mellom anna å filme med kameraet i fronten av bilen, samt å filme frå radiostyrt modellhelikopter.
Du kan velge ulike versjonar av kameraet. Dvs, kameraet er det samme, men det følger med ulike mengder og innhald av tilleggsutstyr.
Dei fire hovudversjonane er Naked (kun basisutstyr), Motorsports (mange hurtigfester, samt kraftig sugekoppfeste for bil), Surf (mellom anna fangreim og spesialbrankett) og Helmet (mellom anna hjelmstropp og hodelyktstropp). I tillegg kan du oppgradere med chestmount, ridekit etc. eller sette sammen eit utval etter eige behov. GoPro har òg ein billigversjon med litt redusert oppløysing og ekstrafunksjonalitet, GoPro HD Hero 960.

Her er ein eksempel film eg har laga, som såvidt viser litt av potensialet til GoPro:
Ny utgåve
No er GoPro komen i ny utgåve, med fleire nye funksjonar og forbetra spesifikasjonar. Storleiken er den samme, slik at du framleis kan bruke tidlegare innkjøpt ekstrautstyr. Vi har den sjølvsagt i vårt sortiment.

mandag 17. oktober 2011

Kunsten å fotografere grupper

Er det noko vi likar å ta bileta av, så er det grupper! Berre tenk på bursdagar, konfirmasjonar, bryllaup, kongressar, sosiale samankomstar etc... Men vert det eigentleg så bra? Kvifor ser folk i alle retningar? Kvifor skal det vere så vanskeleg å ta bilete av mange samtidig?

Lang, lang rekke...NEI
Om du har 20 stk i ei gruppe, er det ein heller dårleg idè å stille alle på ei lang rekke. Du får riktignok truleg alle med på biletet om du går langt nok unna. Men du sløsar mykje med plassen, og det vert vanskeleg å sjå kven som er med på biletet. Og ikkje minst; bilete vert ganske så stygt!
Tenk heller på at du har eit utsnitt i 4:3 format (kompaktkamera) eller 3:2 format (spegelrefleks) som skal fyllast ut. Du må dermed stille folk i fleire rekker, gjerne minst tre rekker.

Klassisk vs moderne
Det klassiske gruppebiletet er kjenneteikna ved rektangulært oppsett, sortert på kjønn og farge på kleder, nøytrale ansiktsutrykk, lik plassering av føter og hender.
Biletet vert fint, offisielt, ryddig, strukturert...men litt kjedeleg i nokon situasjonar.
Då er det er lov å tenke litt moderne, ved å sørge for at alle ansikta i allefall er med, og deretter sortere armar og bein slik at folk ser nokonlunde naturlege ut. Prøv gjerne litt henslengt oppsett, der folk støttar seg på skuldrane til kvarandre, ser avslappa ut, og der det går an å sjå at vi har ei gruppe med personar som er trygge på kvarandre.
Vel stil etter kva type gruppe du skal fotografere. Sjølvsagt passar ikkje alle stilar i alle situasjonar.

Begynn heilt nederst
Eit klassisk trekk er å fotografere personar i ei trapp. Det er naturlegvis ganske logisk, sidan vi då får stabla personane i høgda på ein enkel måte. Men mange gjer ein stor feil her. Feilen skuldast ofte at personane stiller seg opp sjølv. Og då vil INGEN stå heilt framme, noko som medfører at folk ofte vert ståande veldig høgt oppe i trappa.
Ta kommandoen, dirigèr folk dit du vil ha dei, og start å plassere personane heilt nederst i trappa; ja faktisk heilt nede på bakkeplan. Kvifor? Det forstår du snart.

Kom deg opp
Har du lagt merke til at dei som skal fotografer ofte automatisk hukar seg litt saman (og ned)? Gjerne med ein fot litt fram i skikkeleg stilreint telemarknedslag? Det som skjer då, er at kameraet kjem lavare ned. Vondt vert då verre.
Kom deg opp! Du har sikkert lagt merke til at røynde fotografar står på ein krakk, stol eller stige. Det er ikkje utan grunn! Det viktigaste med eit gruppebilete er at alle personane sitt ansikt er med på biletet, og at dei er skarpe.
Då treng du:

  • fri sikt til alle ansikt
  • tilnærma lik fokusavstand til alle ansikt

Tenk på tverrsnittet på gruppa. Den er ofte ein rettvinkla trekant, der den lengste sida (hypotenusen) består av hauda til personane i gruppa. Kanskje er vinkelen på denne sida 60 grader. For å få lik avstand frå kameraet til alle hauda, må du kome deg i ein vinkel slik at kameraet siktar mot hypotenusen med ein tilnærma rett vinkel (eller i det minste så bra du får det til). Då forstår du kanskje kvifor det ein idè å kome seg litt opp! Teikninga oppsummerer prinsippet ganske greit.


Når du no kjem deg opp, er det ingen som har ansiktet skjult bak andre personar (hurra!) og alle er skarpe (hurra!) sidan alle står like langt unna kameraet. Du slepp å bruke blendar f/22 for å få alle i fokus...

Siluett og vinkling
Ok, no har alle kome seg opp i trappa og du har funne deg ein krakk å stå på. Då kan du sjekke siluetten, eller korleis den bakerste rekka avteiknar seg mot bakgrunnen. Det ser mest ryddig ut om alle på bakerste rad er nokså like høge. Om høgda varierer ein del (noko den ofte gjer), så plasser dei høgaste i midten, og gradèr høgda utover mot sida. Det ser sjeldan fint ut dersom siluetten ser taggete ut grunna stor ulikskap i høgder. I radene framfor er dette ikkje like synleg, men prinsippet gjeld eigentleg her òg.

I tillegg kan det ofte vere fint om du klarer å vinkle personane litt slik at dei blir ståande med flatsida litt inn mot midten (skulder bak skulder), mot fotografen. Då vert gruppa ramma litt betre inn, og du får plass til enno fleire personar sidan folk no ikkje står skulder i skulder.

Armar og føter
Det ser ein smule uryddig ut om alle held armane på ulik måte, og føtene sprikar i alle retningar. Bli samde om noko som ser fint ut. Alle på samme rad kan i allefall med fordel ha armar og føter stokka nokonlunde likt. Du TRENG ikkje gjere dette, resultatet kan bli skikklege bra likevel, om du berre sørger for at det ser naturleg ut.

Sortering
På meir formelle bilete kan det vere nuftig å stokke om på folk alt etter td. kva farge dei har på kleda.
Om du har to personar med rosa dunjakke, treng dei ikkje stå ved sidan av kvarandre ut mot eine sida. Då vere biletet ubalansert og virkar tungt mot ei av sidene. Ei praktisk eksempel kan vere fotografering av folk i bunad. Desse har ofte ulike grunnfargar, og då kan det vere lurt å stille desse litt opp symmetrisk etter fargar.

Blitz
Om du har ein blitz, bruk den! Både for å få fram blitzrefleksen i auget ("glimt i auget"), for å få lysna opp ev. skuggar i ansiktet, og fordi blitz i seg sjølv er ein indikator for å vise at biletet blir tatt. Det siste høyrest kanskje litt søkt ut, men etter fleire år bak meg i skulefotobransjen, har eg erfart at blitzlyset er med på å skjerpe forsamlinga og få gruppa til å konsentrere seg. Barnehagefoto utan blitz vert ofte litt ukonsentrert, fordi du ikkje får oppmerksomheta til ungane på riktig måte. Når det smell i blitzen, ser dei framover!

Vèr
Solrike dagar fungere sjeldan optimalt til gruppefotografering. Det vert mykje skuggar og hard kontrast.
Sats på overskya dagar, der sola lyser på eit jamnt skydekke og spreier lyset fin utover. Då kjem lyset frå alle kantar, og alle vert korrekt eksponert.

Sjiraff
Om du skal ta bilete av barnegrupper eller vaksengrupper, så er ein liten søt sjiraff frå Biltema uvurderleg! Den har fire lange bein, slik at du kan sette den opp på haudet ditt medan du fotograferer. Sjølvsagt vil sjiraffen ramle ned, til alle si store begeistring! (JA, dette fungerer VELDIG bra på vaksne òg!) Ta sjiraffen ramle ned ein gong først, og ta så biletet når alle følgjer intenst med når du plasserer sjiraffen på haudet igjen. Om du har ei litt stiv og formell gruppe med vaksne personar, skal du sjå at stemninga stig nokre hakk når du leitar fram sjiraffen (min heiter forresten "Sjiraffen Slaraffen").

100 kamera, 40 ulike blikkretningar
Du kjenner truleg til problemstillinga.
Ei konfirmantgruppe der ein skokk med foreldre, tanter og onklar skal ta bilete av 40 forskremte ungdommar samtidig. Alle ropar og skrik, og blikka går i alle retningar. Om du då skal få eit offisielt bilete av god kvalitet, må du rett og slett ta kontrollen. Klapp i hendene, få alle si merksemd, forklar at du skal ta eit offisielt bilete, og at ALLE tantene får ta sine bilete ETTERPÅ. Få fokus på gruppa di, og ver myndig og tydeleg slik at dei veit at det er DEG dei skal sjå på.

Eg kjenner til ein norsk pressefotograf som i lang tid gjekk rundt med ei gul påskefjøyr festa på blitzen sin. Ja, det såg håplaust barnsleg ut, men kven trur du den kjente politikaren såg på? Dei 99 med kamera, eller han eine med ei dustete gul fjøyr på blitzen? Point taken?

Siste tips
Det er mange som er ukomfortable og usikre i gruppefotosamanhengar.
Gjer dei ei teneste ved å ta kommandoen, sei kva du ynskjer, diriger folk rundt (ta tak i dei og skubb dei gjerne rundt!). Folk er stort sett som ein saueflokk, du må vise korleis du vil ha det.
Du får aldri eit bra resultat ved å stå stille med kameraet og håpe at folk stiller seg opp korrekt og ser pynteleg i kameraet. Skal du ha eit bra gruppebilete, må du jobbe for det!

tirsdag 11. oktober 2011

When you wish upon a star...

I starten av oktober kvart år, er meteorsvermen Draconidane aktiv. Normalt er denne svermen nokså middelmådig, men i år vart showet ganske så bra. Då måtte eg sjølvsagt fram med kameraet.

Eit utsnitt som viser ein meteor på veg gjennom atmosfæren.
Meteorsvermar for dummies
Skulda for denne meteorsvermen skal i all hovudsak leggast på kometen 21P/Giacobini-Zinner. P`n i kometnamnet indikerer at dette er ein periodisk komet, dvs at den har ei fast bane rundt sola (i motsetning til kometar som kun streifar innan solsystemet og forsvinn vidare ut i rommet).
Denne kometer brukar omlag 6.6 år på ei runde rundt sola, og legg etter seg eit støvband på si reise. Dette støvbandet har størst tetthet når den nærmar seg sola. På eit gitt tidspunkt kvart år kolliderer jorda inn i denne støvskya, og vi opplever ein meteorsverm. Du kan samanlikne det med å køyre bil i snøvèr. Snøfnugga står stille (relativt sett) i forhold til bilen si frontrute, men likevel ser det ut som om snøfnugga stråler mot ein frå eit punkt framfor bilen. Det samme skjer med jorda; vi kolliderer inn i støvskya, og meteorane strålar tilsynelatande ut frå eit stjerneteikn på himmlen. I dette tilfellet er stjerneteiknet Dragen, Draco, derav Draconidane.
Skjønt, sverm og sverm...
Folk har ofte litt store forhåpningar til meteorsvermar. Ein typisk meteorsverm har ein aktivitet på ca 10-15 meteorar pr time under ideelle forhold (mørk himmel utan dis og måne). Ikkje akkurat spektakulært. Ein rutinert meteorobservatør ser dog erfaringsmessig mykje meir enn ein nybegynnar. Du må vite kva du skal sjå etter.

Men ein meteorsverm kan òg vise kraftige musklar. I enkelte år kan aktiviteten på enkelte svermar vere tildels heftig. Dei kraftigaste utbrota til svermen Leonidane nådde i 1833 faktisk over 100.000 pr time! Det vert nesten 30 meteorar pr. sekund. DÅ regnar det meteorar! Slike hendingar er likevel ganske sjeldne.

Kva med i år?
I år var det bra "meldingar" for Draconidane. Forskarar estimerte timeratar på over 500. Men ein nesten full måne i sør vaska ut kontrasten på himmelen, slik at dei svake meteorane drukna. Likevel vart det eit ok show. På det meste talte eg 5 meteorar innan eit 10 sek. intervall. Fleire gongar såg eg skurar på 3-4 meteorar samtidig. Men det kunne òg gå fleire minutt mellom kvar gong eg såg noko. Slik er det med meteorar, dei er uforutsigbare.

Ein Draconide mot himmelbakgrunnen.
Legg merke til den oransje støvskya som meteoren etterlot seg.
Korleis fotografere meteorar?
Stativ og tråd/fjernutløysar er eit must. I tillegg treng du lyssterk optikk (gjerne f/1.8 eller større), høg ISO (1600++), lang eksponeringstid, moderat vidvinkel (ca 24-35mm og flaks!
Her nyttar det ikkje å sitt med fingeren på utløysar knappen. I det du ser meteoren, er det for seint å trykke på knappen. Trikset er å sette i gang kontinuerlege eksponeringar, slik at lukkaren stort sett er open heile tida. Om du brukar for lang eksponeringstid, risikerer du at himmelen vert for lys. Du må difor prøve deg litt fram.

Under meteorsvermen natt til laurdag brukte eg Canon 7D med Canon 24mm f/1.4L objektiv.
Lukkartida satt eg på 30 sek, ISO var 1600, og blendar f/2.2. Dette gav eit godt kompromiss mellom skarpt bildefelt, høg nok sensitivitet og passe eksponert himmelbakgrunn. Eg brukte ein programmerbar fjernkontroll (Canon TC-80N3) som automatisk eksponerte 30 sek eksponeringar med 2 sek mellom kvart bilete. Då kunne kameraet stå og jobbe sjølv, medan eg observerte meteorsvermen visuelt. Du må rekne med å slette mange bilete, her er det definitivt prøve-og-feile-metoden! Eventuelt "hit-or-miss".
Sjølv ved å bruke 24mm objektiv, er det litt begrensa kva synsfelt ein får på himmelen. Om du brukar ekstrem vidvinkel, får du riktig nok dekka større delar av himmelen, men meteorane blir veldig små. Brukar du større brennvidde, vil du få store, men få meteorar på bildebrikka. Du må difor òg ta eit val sjølv. Og utsnittet er uansett eit sjansespel. Det typiske er sterke meteorar som akkurat IKKJE går inn i synsfeltet på kameraet. Men kven kan vite?


Resultatet
Om du brukar stativ, kan du sette saman fleire eksponeringar med meteorar til eit bilete, og såleis få ein god visuell representasjon av svermen og utstrålingsmønsteret.

Dette biletet er satt saman av 10 bilete, og viser tydeleg at meteorane stråler ut frå eit punkt på himmlen.
Trykk på biletet for ein større versjon.
Neste forutsigbare meteorsverm av betydning er Gemindane rundt 13-14.desember. Den har ein nokså stabil timerate på ca 50-60 (ca 1 pr. min), og har nokså klare og sterke meteorar. I år vil månen øydelegge ein del, men merk deg datoen og gjer klar kamera!