torsdag 1. september 2011

Utan ein tråd...

Nakenbilete kan vere ganske eggande...
Beklager, men dette vert ikkje eit blogginnlegg med puppar, lår og andre delar. Derimot skal eg snakke litt om hud, og kva utfordringar som ligg i å fotografere personar med relativt sparsomlege mengder klede. Eg vil tru at flesteparten av folk i parforhold har tatt bilete som kanskje ikkje vert satt i album. Ikkje du? Yeah right...eg høyrer du seier det...

Vi snakkar i prinsippet om ein type portrettfotografering der former, linjer og skuggar spelar ei hovudrolle. Litt av kunsten er å halde på spenninga, utan å nødvendigvis avsløre for mykje. Det er kanskje meir interessant med det ein IKKJE ser, enn det ein ser.
I tillegg lurer du kanskje på kva to egg har med nakenfotografering å gjere. Stikkordet her er struktur, lyssetting, kontrastar og form. Klarer du å ta bilete av egg på denne måten, har du forstått mykje!

Lokaler
Det er ein spesiell setting, så det er viktig at vedkommande kjenner seg komfortabel. Kjente omgjevnader, god temperatur; det er mykje som spelar inn.


Struktur og tekstur
Tenk meir på linjer, former og struktur enn på kroppsdelar. Sjå på korleis linjer kjem inn i og forlet utsnittet. Gå nært (fysisk og med brennvidde), og konsentrere deg i første omgang om delar av kroppen, framfor heilpositur. I starten kan det vere greit å bruke eit utsnitt som gjer at du ikkje får med bakgrunn,. Ev. kan du bruke ein heilt mørk/svart bakgrunn, men det kan vere vanskeleg å få til i eit lite rom med lyse veggar.


Svart/kvitt
Det kan vere ein ide å start med svart/kvitt. Då er det enklare å konsentrere seg om former og skuggar. Som den kjente fotografen Ansel Adams sa det på spørsmålet om kvifor han foretrakk svart/kvitt:
- Those darn colors keep getting in the way.
Ansel Adams var landskapsfotograf, men prinsippet gjeld likeeins for hud. Mange seier faktisk at nakenfotografering minner mykje om landskapsfoto; det handlar mykje om former, linjer og struktur, men i ein annan målestokk og setting.

Lyssetting
Mjukt lys er mykje brukt. Dette betyr at ein nyttar lyskjelder der lyset vert spreidd via ei stor overflate. Ein metode kan vere å sette eit kraftig lys eller blitz bak eit kvitt, tynt plagg som spreier lyset. I studiosamanheng brukar ein reflektor, diffusor eller softboks til dette. Når ein har ei stor lyskjelde, får ein mjuke overgangar mellom lys og skugge, og huda får låg kontrast. Dette skapar eit flatterande lys som skjuler mykje av strukturen i huda. Ulempen kan vere at lyset sprer seg ofte i heile rommet, og det kan vere litt vanskeleg å kontrollere det.
Hardt lys er derimot eit lys som har avgrensa overflate, og som såleis skapar skarpe skuggar. Dette lyset kan fungere veldig god til å skape siluettar. Ved å bruke punktlyskjelder (td blitz utan lysmodifisering, på litt avstand), kan du "male landskapet". Det kan vere ein fordel å ha eit stort, mørkt rom, slik at ein har litt betre kontroll over kvar lyset vert reflektert.
Hud i seg sjølv har ei overflate som spreier lyset, så det er nokså enkelt å få mjuk og flatterande utsjånad. Vindaugslys er ofte det enklaste, dette er effekten du får av lys som kjem inn eit stort vindauge. Overskya vèr gir eit mjukt og flatt lys.

Detaljar
Som sagt; her er det snakk om å ikkje vise for mykje. Det er betre å lage ein bildeserie på fleire bilete, enn å skulle ha med alt i eit bilete. La gjerne vedkommande bruke hender og kroppen til å skjule kroppsdelar. Dette skapar spenning, og lagar i tillegg fleire linjer og former som bryt opp biletet.
Det er sjeldan at fjes er interessant i slike typer bilete. Dette kan vere greit av fleire grunnar, då det er mange som ikkje er komfortable med å kunne identifiserast.

Kontrastar
To bilete av samme motiv kan ha dramatisk ulik utsjånad, alt etter korleis kontrasten vert handsama i bileta. Bruk kontrast for å framheve linjer og sette fokus på spesielle delar av biletet. Naken hud er i hovudsak store homogene flater, så det gjeld å bruke kontrasten aktivt for å skille ulike flater frå kvarandre.

Forøvrig er det mykje å lære av dyktige aktfotografar. Min personlege favoritt er Andreas Øverland. Rådyktig fyr som tek fantastiske aktbilete! Få inspirasjon!

Litt humor på tampen: Om du ikkje har sett denne videoen frå 1998: god fornøyelse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar