tirsdag 23. august 2011

Månefotograferingslynkurs


Månen fotografert med 540mm brennvidde.
På sommaren står sola høgt på himmelen, og månen står difor tilsvarande lågt. Du har kanskje lagt merke til ein blodraud, lav fullmåne i sør? No utover hausten synk sola lågare, og månen stig på himmelen. Klar for eit kjapt månefotograferingslynkurs?

Månen er eit fasinerande objekt, men mange har problem med å få gode bilete av den. Problemet knyttar seg ofte til lysstyrke og brennvidde. Enten blir den for liten, eller så blir den for lys. 

Eksponering
Kort fortalt er månen ganske lyssterk. Utfordringa er ofte at folk har så låg brennvidde ("forstørring") at månen kun blir ein liten del av bildeflata. Om du ikkje brukar spotmåling, vert dermed lysmålaren lurt til å tru at himmelbakgrunnen ikkje skal vere svart. Kameraet peiser eksponeringa opp, og månen blir overeksponert. Løysing; bruk spotmåling på måneskiva (eller bruk manuell innstilling) og få korrekt eksponerte bilete.
Lukkertida skal vere nokså kort. Som eit utgangspunkt, kan du forsøke ISO 200, f/4, og 1/250 sek. Hugs at det sjeldan er lurt å sette fokusen på uendeleg; bruk manuell fokus slik at du slepp at autofokusen jagar ut og inn i håp om å finne fokus. 

Brennvidde
For å få detaljerte bilete av månen, bør du helst opp i 4-500mm brennvidde. Ein 200mm kan til ei viss grad vise detaljar på måneoverflata, men denne brennvidda fungerer best dersom du i tillegg kombinerer motivet med litt landskap (sjå bilete under). Lengre brennvidder kan du oppnå ved bruk av fast-/zoomoptikk, tele-konverter eller teleskop.

Rørsler
Månen bevegar seg på himmelen. Når du brukar lang brennvidde, er denne rørsla ganske tydeleg. Du må difor rekne med å måtte følge etter månen med stativet. (Handholdt er ikkje anbefalt)

200mm fungerer fint når du kombinerer månen med landskap!
Her ser du den tynne ne-månen, samt den jordopplyste delen
av månen (også kalla askelys). 
Månen kan fotograferast med fleire ulike teknikkar:

Afokalt
Dette betyr at du rett og slett fotograferer gjennom td. ein vanleg prismekikkert (eller spottingscope). Sett kikkerten på eit stativ, eller legg den frå deg slik at du får eit stabilt bilete. (Hugs at månen bevegar seg ganske raskt). Legg objektivet på kameraet (mobil fungerer òg fint!) inntil okularer på kikkerten, og trykk av! Høyrest ut som ei enkel og dårleg løysing... Løysinga er enkel, men den kan faktisk fungere overraskande bra!

Objektiv
Om du har zoomoptikk eller fastoptikk med lang brennvidde (400mm+), kan du bruke dette. Ulempen med zoomoptikk er at du ofte har veldig mange linseflater involvert i konstruksjonen. Dette kan skape problem med intern refleksjon og kontrasttap. Dess færre linseflater, dess betre. Såleis er fastoptikk bedre enn zoom.

Primærfokus
Dette betyr at du koplar kameraet til eit teleskop slik at teleskopet fungerer som objektiv. Har du spegelreflekskamera, får du kjøpt ein overgang som passar til ditt systemkamera. Du treng eit kameraadapter og ein T-ring, og så er du i gang! Då kan du oppnå brennvidder på 4-1000mm forholdsvis rimeleg. Primærfokus er den beste måten å ta bilete av månen på. Astronomiske teleskop er optimalisert for observasjon av svake og kontrastsvake objekt. Difor innheld teleskopa få linseelement (ofte 2 eller 3), men med nokså dyrt og bra optisk glas. Astronomiske teleskop har ikkje autofokus, og er såleis ikkje særleg egna til å fotografere objekt som bevegar på seg, men gir mykje for pengane. Du får ein god linsekikkert med 600mm brennvidde for ein billig penge, spesielt samanlikna med fastoptikk for systemkamera. Ta kontakt med underteikna om du treng hjelp med å velge teleskop, eller sjekk ut Japan Photo sin spesialbutikk for kikkertar, teleskop, mikroskop og spottingscope, dinkikkert.no.
Billig og bra 600mm teleskop!
Kort oppsummering:

  • kamerastativ (fjernutløysar kan vere lurt!)
  • lang brennvidde (400mm+)
  • bruk spotmåling eller manuell eksponering
  • kort lukkartid
  • manuell fokus
  • utgangspunkt: 200 ISO, f/4, 1/250s

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar