torsdag 15. september 2011

Smooth, feel & flow

Du har sikkert eksperimentert litt med lang eksponeringstid på rennande vatn. Då har du truleg òg møtt utfordringa med for mykje lys.
Resultatet av ekstrem bruk av fleire eksponeringar. Vatnet ser nesten ut som is.
Utfordringa
Du har funne den perfekte elva/fossen.
Du køyrer ISO så langt ned det går, du vel liten blendar (f/11-f/16).
Du får eit heilt ok bilete, men elva blir liksom ikkje "smooth" nok.
Du får for mykje lys, og biletet blir overeksponert når du brukar lang nok eksponeringstid til at elva vert perfekt.
Du gidd ikkje vente til kvelden (mindre lys), for då startar maratonsendinga med "E39- minutt for minutt"...
ND-filter? Nei, det har du ikkje...

Løysinga
Lang eksponeringstid midt på dagen (gjerne ein varm dag) skapar problem med mykje elektronisk støy.
Om du brukar blendar mindre enn f/16, vert diffraksjonsuskarpleiken så sjenerande at det går ut over sluttresultatet. Ein måte å løyse utfordringa vår på er å ta fleire eksponeringar.
Ta mange, kortare eksponeringar. Lange nok til at du får ei ok effekt, men kort nok til at biletet ikkje vert overeksponert. Kombiner deretter desse bileta i eit bilderedigeringsprogram. (Det seier seg sjølv at bruk av stativ ikkje berre er anbefalt, men påkrevd!)

  • Legg to og to bilete oppå kvarandre.
  • Reduser gjennomsiktigheita (opacity) på det øverste biletet til 50%. Då vil dei delane som ikkje har endra seg framleis sjå like ut, medan områder med rørsler vert meir utviska.
  • Kombinere to og to bilete. Dette gjer du i ein pyramidestruktur (td 16 originalbilete, kombinert til 8 bilete, som igjen vert kombinert til hhv 4, 2 og til slutt eit bilete.

Resultatet
No oppnår du eit bilete der vatnet har vorte heilt utviska og silkemjukt.
Det er forøvrig mange måtar å kombinere dei ulike laga på i Photoshop, dette er berre ein metode som kan brukast. I tillegg til at det rennande vatnet blir smooth, vil òg støyen i biletet verte kraftig redusert. Dette skuldast at støyen varierer frå bilete til bilete, og vil difor bli viska ut når du kombinerer fleire eksponeringar. Smart!
Dette biletet er basert på 8 eksponeringar, tatt midt på dagen i sterkt sollys.
Neste gong skal eg vise ein enkel og grei måte å lage knallgode svart/kvitt-bilete ved hjelp av fargerommet LAB.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar