onsdag 21. september 2011

Knallgod svart/kvitt med LAB

Svart/kvitt hadde si storhetstid før fargefilmen kom. Likevel er svart/kvitt framleis svært populært. Kva er det med svart/kvitt som er så interessant? Og korleis lagar ein eigentleg god svart/kvitt basert på eit digitalt bilete?

Svart/kvitt tatt med film på Mamiya RB67 6x7 mellomformat (120-film)

Generelt om svart/kvitt
Du har sikkert lagt merke til det. Ta eit nokså middelmådig bilete, gjer det om til svart/kvitt, og brått ser biletet litt betre ut med ein gong. Kanskje skuldast det at du kvittar deg med forstyrrande fargar? Kanskje vert det meir harmoni mellom ulike flater i biletet?
Men uansett kva du gjer, ikkje bruk svart/kvitt funksjonen i kameraet. Då har du ikkje høve til å bruke biletet i fargeversjon. I tillegg vil du kunne oppnå mykje betre svart/kvitt ved å gjere denne jobben sjølv frå grunnen av.

Om LAB
RGB er ein fargemodell som går ut på å definere fargar som additiv kombinasjon av tre fargar (raud, grønt og blått), der kvar "primærfarge" kan delast inn i 256 nivå (ved 8-bits filer). Ved å kombinere desse verdiane, får ein tilgjengeleg ein palett på ca 16.7 mill fargar. Stort sett nok! Ulempen er at denne modellen ikkje er så veldig god til å strukturere fargane slik auget vårt ser dei.

LAB derimot, er ein fargemodell som blir brukt for å definere eit fargerom på ein spesiell måte. Her vert ein farge definert i eit tredimmensjonalt koordinatsystem med A, B og L-akse. A-aksen går frå grønt til raudt, B-aksen frå blått til gult, medan L-aksen er lysstyrka (L for luminance). (RGB er forøvrig basert på LAB, så eigentleg er det LAB som er grunnfargemodellen!)
Kort fortalt, all fargeinformasjon ligg i to aksar, medan den tredje aksen viser lysstyrka og kontrasten.
Ein gråfarge blir dermed ikkje definert med tre fargar, som i RGB, men i kun ein verdi. 
Er dette nuftig med tanke på svart/kvitt?
Ja.
Veldig nuftig!
Ved å bruke LAB-modellen, kan vi kaste A og B-kanalen, og så sitte tilbake med ein kanal som i prinsipppet innheld all svart/kvitt-informasjonen, slik auget registrerer lys og kontrastar!

Kryptisk? Ja, sjølvsagt. Men som min matteforelesar på høgskulen sa det: 
"-Noken ting må me berra godta at SLIK e da... Og dao ekje det grunn til å henga seg opp i kvifor."
Det essensielle her er at vi lærer oss å bruke denne teknikken. Og det er heldigvis ganske så enkelt! 

Så, korleis?
Det enklaste er å bruke industrileiaren innan bilethandsaming, Adobe Photoshop. Andre program har samme funksjonane, men her brukar eg Photoshop som døme:
  • Opne fila i Photoshop.
  • Gå til "Image", "Mode" og endre fargerommet frå "RGB Color" til "Lab Color".

Hmm...
Ingenting skjedde...
Nei, det er fordi vi kun har endra måten fargane blir strukturert på. Det skal sjå likt ut.
  • Gå inn i"Channel"-paletten.
  • Legg merke til at at vi no har kanalane "Lightness", "a" og "b". Trykk på kanalane for å sjå på kva informasjon som faktisk ligg i dei ulike kanalane. Eg trur du kjem til å bli overraska over kor lite informasjon som ligg i fargekanalane, "a" og "b". Mesteparten av bildet ligg faktisk i "Lightness".
La oss difor slette fargekanalane og konsentrere oss om "lightness":
  • Velg "Lightness"-kanalen
  • Gå på "Image", "Mode" og "Grayscale".
  • Bekreft at du vil slette fargeinformasjonen.
  • Biletet er no i grayscale, med kun ein kanal.
  • Om du no vil bearbeide det i RGB (noko som kan vere praktisk med tanke på sluttproduktet), konverterer du biletet til RGB via "Image" og "Mode".
No kan du leite fram kurveverktøyet (CTRL + M), og justere litt på kontrasten slik at du får skikkeleg smell i biletet.


Såg dette vanskeleg ut? Første gangen er det litt uvant, men etterkvart går det leikande lett.
Om du er vant med å lage actions i Photoshop, kan du lage ein action som gjer denne jobben automatisk for deg, men samtidig stoppar opp slik at du kan sjekke kurvejusteringa på kvart bilete.

Dan McCafferty, vokalist i Nazareth, fotografert med Canon 5D.
Svart/kvitt produsert med LAB-teknikken skildra i dette blogginnlegget.
One more thing...
Eit siste tips på tampen; LAB eignar seg godt til å justere kontrast i fargebilete med. Ved å justere kun "lightness"-kanalen med td. kurver, kan du få endra på kontrasten i biletet utan at det går ut over fargane. Ei kontrastjustering i RGB medfører at alle tre fargekanalane vert endra for å oppnå ønska resultat, noko som ofte gjer at du må finstille fargane litt i tillegg. I LAB lar du fargane vere i fred, og endrar kun kanalen som faktisk innheld kontrasten! Ganske smart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar