Kva fotograferer du?
Ting?
Personar?
Motiv?
Eg skal gi deg eit bra tips.
Prøv å fotografere verb!
Uklår, både med og utan hatt. |
(Fotojournalist Oddleiv Apneseth er eit hederleg unntak. Han er rådyktig på "mann framfor hus" og "prest framfor traktor"!)
Tenk kor mykje artigare det er å fotografere ting som skjer! Eit bilete der det er ei handling som styrer motivet, og der du faktisk føler at motivet er i rørsle. Då skal du tenke på verb! For verb er noko som skjer! Og noko som skjer er ofte betre enn ting som kun er!
Der er det mykje som skjer!
Det er faktisk sjeldan at ting ikkje skjer!
Eit typisk motiv er folk som dansar.
Litt lang lukkartid, ein motiv i konstant rørsle; og så er ein i boks!
Ikkje ein pixel i biletet er skarpt, ikkje ein fot står stille.
Men biletet fungerer likevel.
Fordi det skjer noko!
Difor er lurt å fotografere verb!
Ikkje alltid.
Men oftare.
Enig?
J!
SvarSlettDet var en god måte å si det på! :)
SvarSlett