tirsdag 27. september 2011

Å fotografere verb

Tenk deg litt om. 
Kva fotograferer du? 
Ting? 
Personar? 
Motiv? 
Eg skal gi deg eit bra tips. 
Prøv å fotografere verb!

Uklår, både med og utan hatt.
Ein dyktig fotojournalist lærte meg dette ein gong. Han sådde ein tanke i meg om at handling ofte skildrar ein situasjon betre enn objekt. Av og til er det greit å ta bilete av ting (substantiv). Ganske enkelt fordi ting skildrar ting. Men av og til (faktisk ofte) har det ein tendens til å bli litt statisk. Tenk på alle dei flotte "mann framfor hus"-bileta du finn i norsk lokalaviser. Gjerne der historieforteljaren er ein journalist med kamera (noko som IKKJE må forvekslast med ein fotojournalist). Funksjonen til eit avisbilete er å fange lesaren, få han til å stogge opp på sin veg frå side 1, og gjere lesaren så interessert at han les teksten og saka som ledsagar biletet. Då fungerer sjeldan "mann framfor hus"...
(Fotojournalist Oddleiv Apneseth er eit hederleg unntak. Han er  rådyktig på "mann framfor hus" og "prest framfor traktor"!)

Tenk kor mykje artigare det er å fotografere ting som skjer! Eit bilete der det er ei handling som styrer motivet, og der du faktisk føler at motivet er i rørsle. Då skal du tenke på verb! For verb er noko som skjer! Og noko som skjer er ofte betre enn ting som kun er!

Eg er fast fotograf på ein stor, årleg norsk countryfestival.
Der er det mykje som skjer!
Det er faktisk sjeldan at ting ikkje skjer!
Eit typisk motiv er folk som dansar.
Litt lang lukkartid, ein motiv i konstant rørsle; og så er ein i boks!
Ikkje ein pixel i biletet er skarpt, ikkje ein fot står stille.
Men biletet fungerer likevel.
Fordi det skjer noko!
Difor er lurt å fotografere verb!
Ikkje alltid.
Men oftare.
Enig?

2 kommentarer: