mandag 1. august 2011

Filming med spegelrefleks - vert DET bra, då?

Canon EOS 7D med filmfunksjon
Då dei store kameraprodusentane introduserte videofunksjon på spegelreflekskamera, var det mange som rista på hovudet. Dette var jo funksjonar som kompaktkamera hadde hatt lenge, men med heller middelmådig kvalitet. Kva var forskjellen no? Og kvifor i alle dagar skulle vi ha bruk for noko slikt?

Nyhenda har revolusjonert marknaden!
Spegelrefleksar har nokon svært nyttige eigenskapar sammenligna med konvensjonelle dedikerte videokamera. To av eigenskapane er stor bildebrikke og høg sensitivitet på sensor.
Stor bildebrikke med store pixlar fører til at forholdet mellom signal (lyset som skal registrerast) og støy (elektronisk støy som kameraet sjølv genererer) aukar. Meir signal, mindre støy! Samtidig samlar store pixlar meir lys pr pixel (grunna større areal), noko som gjer at sensitiviteten aukar. Fleire foton treff kvar enkelt pixel, sammenlikna med ei mindre brikke.
Ei stor bildebrikke gjer det òg mogleg å få snevrare djubdeskarpleik, noko som gjer det enklare å isolere hovudmotivet frå bakgrunnen. Høve for begrensa djubdeskarpleik opnar ein ny, kreativ verden.

Filmfunksjon på spegelrefleks tillet bruk av eit større utval optikk, men kan vere litt uvant sammenlikna med vanlege videokamera. Grunna oppbygginga til spegelrefleksane, bør ein bruke manuell fokus. Ein må tenke litt på bildefrekvens (24, 25, 30, 50 eller 60 bilder pr sek), og videoformat (720x1280, 1080x1920). Kva medium skal eg bruke materialet på? Har eg behov for å kunne lage bra slow motion? Kva kvitbalanse skal eg bruke? Kvifor kan det vere lurt å investere i ND-filter? Korleis får eg betre lyd?

Nokre kamera- og filmingstips:
  • Til bruk på internett, youtube, vimeo etc. så held 720p (720x1280) rikeleg. Video tek mykje plass!
  • Lukkartida bør vere dobbelt så rask som frame rate`n, for å unngå uheldige effektar under panorering og raske rørsler. Td. 1/50s på 24/25 bilete/s, og 1/60s på 30 bilete/s.
  • Tek du opp film med 50 eller 60 bilete pr sek, kan du med eit konverteringsprogram gjere dette om til 25/30 bilete pr sek, og såleis få slow-motion.
  • Bruk fast eller eigendefinert kvitbalanse, slik at denne ikkje endrar seg under opptak som skal vere like.
  • Korte klipp, prøv å hald klippa på 5-10 sekund, med mindre det skjer noko spesielt spennande. Studer gjerne ein spelefilm, og legg merke til kor korte klippa er der!
  • Start filminga ca 5 sek før handlinga startar, og stogg 5 sek etter at handlingen har stogga. Dette gjer det enklere å klippe sammen ulike klipp. Du kan no nemleg velje om du vil bruke starten, heile opptaket, eller kun slutten av opptaket. Det er trasig dersom du kuttar heilt tett inntil handlinga, særlig om du i tillegg ikkje klarer å halde kamera heilt stabilt når du trykker på opptaksknappen. Då er det greit å ha litt ekstra opptak å klippe på.
  • Ikkje følg hovudmotivet slavisk heile tida. Tillat deg å la motivet gå inn eller ut av biletet.
  • Unngå zoom under opptak. Endre heller brennvidda mellom opptaka. Det er slitsomt å sjå zooming og overdriven panorering.
  • Bruk ulike utsnitt. Store oversiktsbilete (Total), nære utsnitt (Nær) og små detaljar (Ultranær). Ved å veksle mellom ulike utsnitt, får du ein video som er meir behageleg å sjå på. Igjen; studer ein spelefilm, og legg merke til den bevisste bruken av utsnitt.
  • Røde Video Mic
  • Stor blendar (lågt blendartal) gjev den minste djubdeskarpleiken. Utandørs på dagtid kan det ofte vere problematisk med FOR mykje lys om du ynskjer å bruke stor blendar, sjølv med ISO 100. Då kan det vere kjekt å ha eit nøytralt gråfilter (ND-filter) eller polaroidfilter som "tek" lys.
  • Kjøp ein ekstern mikrofon med hotshoe-kontakt. Den innebygde mikrofonen vil fange opp støy frå kamera, f.eks. zoom-mekanikk, bildestabilisator, fokusering og handrørsler. I tillegg er mikrofonen av heller laber kvalitet. Ein anbefalt modell er den eksterne mikrofonen Røde Video Mic. Denne har 3.5mm plugg, og gjev deg ei heilt ny lydoppleving.
  • Planlegg opptaka. Tenk på dei ulike klippa du treng for å skape resultatet du ynskjer. Sørg for å få nok representative opptak.
  • Gå gjennom råmaterialet, og slett dårlege opptak FØR du startar redigeringa. Då er det lettare å få oversikt, og du slepp å fylle harddisken med opptak som ikkje skal brukast. 
Neste gong skal vi sjå litt meir på lyd!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar