fredag 19. august 2011

"Back-button AF" - ein smart funksjon



Nokre funksjonar på spegelreflekskamera er meir opplagte enn andre, og diverre er manualane ofte litt mangelfulle på detaljerte funksjonar. Ikkje alle likar å lese manualar heller, så då må ein bruke prøve-/feilemetoden. Ein svært nyttig funksjon er gøymt litt ned i menysystemet. Vi snakkar her om splitting av eksponering og fokusering. Ofte kalla "back-button AF".  Litt kryptisk? 

Flesteparten brukar eit spegelreflekskamera på denne måten:
  • Ser inn i søkaren.
  • Zoomar.
  • Komponerer biletet (sørger for at både tante Gudrun, onkel Agnar OG kamelen får plass i biletet).
  • Trykker på utløysarknappen.
Det som skjer når du trykker på knappen, er følgande:
  • Kameraet fokuserer og måler lyset i samme operasjon når du trykker knappen halvvegs ned.
  • Kameraet tek biletet når du trykker knappen heilt ned.
Kurrant nok! Du kan finne tante Gudrun i søkaren, trykke knappen halvvegs ned for å fokusere slik at Gudrun blir skarp, og deretter rekomponere motivet slik at Agnar og kamelen får plass i biletet, men IKKJE er i fokus. (Tydelegvis tek kamelen og Agnar seg betre ut litt uskarpe....)


Dei fleste spegelreflekskamera let deg sjølv spesifisere kva funksjonar du vil ha på utvalde knappar. Dette gjev høve for å tilpasse kameraet til eige bruk og behov. På mitt kamera (Canon 7D) har eg valt å splitte default-funksjonar opp på ulike knappar:
  • Når eg trykker utløysarknappen halvvegs ned, måler eg lyset og låser eksponeringa (dvs at kameraet kun måler lyset ein gong).
  • Når eg trykker utløysarknappen heilt ned, tek eg biletet.
  • Når eg trykker på ein knapp bak på kameraet med tommelen, fokuserer kameraet og måler lyset kontinuerleg så lenge du held knappen inne.
(Hugs at du med AF-Drive knappen kan bestemme om kameraet skal fokusere kontinuerleg eller kun ein gong (AI Servo vs One-Shot)).
Mitt val av fokusknapp

    Hmm... Kameraet fokuserer ikkje lengre med utløysarknappen? Kva er vitsen med det?
    Ofte kan det vere ein fordel å splitte fokus og eksponering slik at desse kan utførast uavhengig av kvarandre:

    Enklare å låse fokus
    Om du tek portrettbilete der motivet er utanfor sentrumspunkta (særleg når du har valt fast fokuspunkt i sentrum), kan du fokusere ein gong, og deretter ta så mange bilete du vil utan å måtte fokusere kvar gong. Med normal innstilling vil kameraet fokusere kvar gong du trykker ned utløysarknappen. Sportsfotografar brukar dette ofte, fordi funksjonen gjer det mogleg å stoppe autofokusen når noko uønska kjem inn i (eller passerer gjennom) biletet, UTAN at du treng å stoppe biletetakinga.

    Enklare å ta bilete under kontinuerleg fokus
    Når du fokuserer med kontinuerleg fokus, er det veldig sytalaust å kunne halde fokusknappen på baksida inne heile tida, medan du brukar peikefingeren for å ta bileta når du vil.

    Enklare å overstyre autofokus ved full-time manuell fokus
    Mange objektiv har høve til å fokusere objektivet manuelt, utan å måtte skifte mellom AF/MF på objektivet (overstyre autofokus med fokuseringsringen). Når du flyttar fokuseringa bak på kameraet, vert dette no enklare. No kan du fokusere manuelt, utan at utløysarknappen vil trigge autofokuseringa!

    På Canon 7D kan du endre funksjonen ved å utføre følgande steg:
    • Meny
    • C.Fn IV: Operation
    • Menypunkt 1
    • Shutter butt. half-press: AE lock
    • AE Lock button: Metering and AF start
    Andre modellar kan ha funksjonane liggande i andre menyar. Leit litt rundt, så finn du det!

    Poenget med dette blogginnlegget er å opplyse deg om at du kan endre på funksjonsknappane om du vil. Kva som fungerer best, kan variere frå person til person. Prøv deg litt fram!
    Hugs at det kan vere eit poeng å opplyse dine pårørande om endringane du har gjort. Elles risikerer du at alle andre enn deg får uskarpe bilete med kameraet (personleg erfaring!).

    2 kommentarer:

    1. hmmm, det høres interessant ut, jeg skal prøve! Glad for alle gode tips:-). Hilsen Anne-Lise

      SvarSlett
    2. Ja kanskje dette kan funke bra. Har Canon 7D, så takk for tipset.

      SvarSlett