søndag 17. juli 2011

f/139 - tilbake til opphavet

Siden vi no veit korleis eit camera obscura fungerer, er det jo freistande å forsøke neste steg. Eit pinholekamera er det enkleste form for kamera vi har. Ein treng ein lystett boks med eit hol i, litt negativfilm og aluminiumsfolie. Aluminiumsfolien vert dekka over hullet, for så å stikke eit lite hol med ein nål (ca 0.2mm opning er fint). Ein brukar aluminiumsfolie fordi det er forholdsvis enkelt å få eit hol med skarpe kantar. Filmen plasserer ein i bakkant av boksen, med emulsjonen mot holet. (Sjølvsagt må filmen ladast i totalt mørke...)

Panorama tatt med pinholekamera, 0.2mm opning og film med 6x12 format.
Legg merke til vignetteringa, som er ganske tydelig på dette biletet.

Men...kan ein ikkje bruke digitalkamera som pinhole?
Jo, i utgangspunktet er det ikkje noko problem, men ein støter på ei lita utfordring. Eit pinhole er jo temmelig lite, og dette medfører at ein gjerne opererar med effektiv blender på rundt 128 eller meir. Med ein so lita opning treng ein lang eksponeringstid. Den begrensa opninga gjer at biletet vert litt uskarpt pga diffraksjon langs kantane på holet. Men er det problematisk? Ikkje i seg sjølv. Pinhole er og blir sjarmerende uskarpt!
Dybdeskarpleiken på blender 128 er derimot temmelig stor, faktisk så stor at alle støvkorna på bildebrikka di vert VELDIG tydelege. Pinhole på digital speilrefleks fungerer, men du må rekne med å bruke mykje tid til å retusjere vekk støv!

Her ser du eit 100% utsnitt frå råfila, med nokså tydelege støvkorn på. 
Desse er ikkje synlege med meir normale blendarar.

Samtidig vil du oppleve at lyset som passerer gjennom holet vil lyse opp midten av biletet meir enn kantane. Om du har stor negativflate (f.eks 6x6 eller 6x12), vert denne effekta veldig tydelig. Du ser det i biletet over. Denne vignetteringa er særlig karakteristisk for pinhole, men rammar samtidig inn motivet på ein fin måte.

Slik lagar du digital pinhole:
- Ta eit kamerahusstøvdeksel (du har vel eit i reserve?), og borr ein 5mm opning i det.
- Lim på litt aluminiumsfolie framfor åpningen, og lag hol i det med ei nål (ca 0.2mm). Pass på at holet ikkje blir for stort!
(Om du ikkje vil øydelegge eit kamerahusstøvdeksel, kan du tape aluminiumsfolie framfor heile opninga).
- Sett kamera på manuell, og forsøk deg fram med ISO og lukkertid. Du kan òg forsøke å bruke lysmålinga til kameraet.
Her ser du eit kamera der eg har brukt enklaste metode.

Dersom du gidd; del avstanden frå holet til bildebrikka, med diameteren på holet, og rekne ut effektiv blendar. No blir det enklare å kalkulere riktig lukkartid.
Td.  27,8mm avstand / 0.2mm opning = f/139.

Og slik kan resultatet bli, med 0.3mm opning og 5 sek eksponeringstid på 200 ISO.

Så då er det berre å finne fram nål, aluminiumsfolie og kamera! Om du er fornøgd med resultatet, send gjerne biletet til runar@eurofoto.no, så kan eg presentere resultatet på denne bloggen.

onsdag 6. juli 2011

Nøkkelholet, gardina og kommoden

Foreldra min har ei hytte i Sunnfjord, og denne hytta har eit soverom med nokre spesielle fotografiske eigenskapar. Dei viktigaste faktorane er nøkkelholet, gardina og kommoden. (-til forveksling lik ei bok av C.S.Lewis). Vindauget i rommet kan avblendes heilt, og rommet har utgangsdør mot aust slik at den låge morgensola nokre tider av året har direkte bane rett inn nøkkelholet. Vel, kva så?

Lyskjegla på veg inn nøkkelholet.

Første gong eg såg det, vakna eg opp og fekk auge på ein stor (5 cm), perfekt sirkel på kommoden. Frå astronomien var eg kjent med okularprojeksjon, så eg forsto raskt at dette var sola som vart avteikna som eit bilete, gjennom nøkkelholet. Eg kunne òg sjå eit par solflekkar på solbiletet. Seinare har eg sett dette fenomenet ved eit par andre anledningar .

No for nokre månader sidan var eg nok ein gong på hytta. Eg vakna opp og fekk auge på det sedvanlige solbiletet. Så skjedde det; brått så eg nokre strukturar på kommoden. Ein åskam, nokre tre og skyer. Opp-ned. Eg kunne sjå skyene bevege seg, og greinene som vaia i vinden. Bileta vart skarpere og skarpere, og eg fann fram kameraet for å forevige fenomenet.

Camera obscura goes kommode in Norwegian cabin!

Nokre av dykk har kanskje høyrt om camera obscura. Mange reknar denne teknikken som forløparen til kameraet. Eit kamera består i hovedsak av ein lystett boks, eit objektiv og eit lyssensitivt medium.

Eit camera obscura består av ein lystett boks (eller rom), eit hol av passande storleik, og ein flate (eller vegg) som motivet vert avbilda på. Legg merke til at ein ikkje brukar linse i nokon grad, kun eit hull! Dess skarpere (eller reinere) kantar holet har, jo skarpere vert biletet. På 16-1700-tallet brukte ein camera obscura for å få korrekte arkitektoniske proporsjonar på teikningar og måleri. Fotografiet vart først skapt då ein klarte å bevare biletet på eit medium som tålte langtids eksponering for sollys utan å forsvinne.

Sjekk Norge sitt største camera obscura her.

Vegen frå camera obscura til pinhole er kort. Klar for å lage ditt eige digitale pinholekamera på 5 minutt? Følg med!

fredag 1. juli 2011

Velkommen!

Hei!

Eg heiter Runar Sandnes, og jobbar i Eurofoto (ei avdeling under Japan Photo Holding Norge AS). Mine arbeidsoppgaver er hovedsakleg marknad, men eg tek òg produktbilete i Eurofoto. I tillegg bistår eg dinkikkert.no (Japan Photos spesialbutikk for kikkertar, teleskop, spottingscope og mikroskop) med kompetanse på teleskop og astronomisk utstyr.

Eg fotograferar mykje, både på hobbybasis og profesjonelt, og likar å eksperimentere med ulike teknikkar og kamera. Noko av det særeste eg held på med, er astrofotografering. Eg tek bilete av objekt på stjernehimmelen, og gjerne med eksponeringstider som er så lange at datamaskinen styrer kamera og teleskop (ja, vi snakkar gjerne om timer). Det er noko spesielt med å fange foton som kanskje har reist i hundretalls millionar år, for så å ha MI bildebrikke (eller netthinne) som endestasjon.

Filmverden har aldri forlatt meg heilt. Det er noko spesielt med å blande kjemi, jobbe med temperatur og framkallingstid, og sitte attende med eit fysisk negativ i handa. Det er like magisk kvar gong. Mitt eldste kamera er eit Kodak Hawkeye lommekamera som er rundt 80 år gammalt. Optikken er kanskje ikkje optimal etter dagens standard, men bileta vert sjarmerande uskarpe og alt fungerer framleis etter 80 år. Problem med å kjøpe passande film? Neidå! Kameraet brukar standard 120-film, framleis i handel etter lansering i 1901! Eg fant forresten ut at min bestefar brukte nøyaktig samme kamera på 1930-talet, noko som set ting litt i perspektiv.

Eg tek òg litt bilete med Mamiya 6x7 mellomformat, 4x5" storformat og div. pinhole. Framkalling av eigne filmar er kanskje ein tungvint prosess, men kvaliteten er upåklageleg. I tillegg synest eg at biletet vert skapt på ein eigen måte. Når filmen kanskje berre har plass til 10 bilder, må ein gjere jobben godt på førehand. Lyset må målast, det må veljast riktig eksponering, og ein må stole på at vala er korrekte. Denne prosessen skjerpar hjernen.

Sjølvportrett teke mot ei bilrute, med E-6 diasfilm framkalla i negativ 
C-41 prosess (kjent som "crossing"). Litt rart, og litt kult!

Tradisjonell film er nok likevel for spesielt interesserte; vi må erkjenne at dagens fotoverden er og forblir digital. Formålet med denne bloggen er å gje nokre smakebitar på korleis ein kan skape betre bilete. (Legg merke til at eg brukar ordet skape om bilete, då prosessen består av fleire element enn å trykke ned ein knapp).

Eg har ikkje tenkt å legge meg særlig bort i spesifikke kameramerker, då dette stort sett er snakk om smak og behag. Fotografering er basert på grunnleggende prinsipp, og desse prinsippa gjeld uavhengig av type kamera. Lærer du desse, kan du bruke dei på alle typar kamera.

Send meg gjerne forslag dersom du ynskjer at eg skal ta opp spesifikke tema.

Lurer du forresten på kva camera obscura er? Følg med...

Ha ei kjekke stund!