onsdag 6. juli 2011

Nøkkelholet, gardina og kommoden

Foreldra min har ei hytte i Sunnfjord, og denne hytta har eit soverom med nokre spesielle fotografiske eigenskapar. Dei viktigaste faktorane er nøkkelholet, gardina og kommoden. (-til forveksling lik ei bok av C.S.Lewis). Vindauget i rommet kan avblendes heilt, og rommet har utgangsdør mot aust slik at den låge morgensola nokre tider av året har direkte bane rett inn nøkkelholet. Vel, kva så?

Lyskjegla på veg inn nøkkelholet.

Første gong eg såg det, vakna eg opp og fekk auge på ein stor (5 cm), perfekt sirkel på kommoden. Frå astronomien var eg kjent med okularprojeksjon, så eg forsto raskt at dette var sola som vart avteikna som eit bilete, gjennom nøkkelholet. Eg kunne òg sjå eit par solflekkar på solbiletet. Seinare har eg sett dette fenomenet ved eit par andre anledningar .

No for nokre månader sidan var eg nok ein gong på hytta. Eg vakna opp og fekk auge på det sedvanlige solbiletet. Så skjedde det; brått så eg nokre strukturar på kommoden. Ein åskam, nokre tre og skyer. Opp-ned. Eg kunne sjå skyene bevege seg, og greinene som vaia i vinden. Bileta vart skarpere og skarpere, og eg fann fram kameraet for å forevige fenomenet.

Camera obscura goes kommode in Norwegian cabin!

Nokre av dykk har kanskje høyrt om camera obscura. Mange reknar denne teknikken som forløparen til kameraet. Eit kamera består i hovedsak av ein lystett boks, eit objektiv og eit lyssensitivt medium.

Eit camera obscura består av ein lystett boks (eller rom), eit hol av passande storleik, og ein flate (eller vegg) som motivet vert avbilda på. Legg merke til at ein ikkje brukar linse i nokon grad, kun eit hull! Dess skarpere (eller reinere) kantar holet har, jo skarpere vert biletet. På 16-1700-tallet brukte ein camera obscura for å få korrekte arkitektoniske proporsjonar på teikningar og måleri. Fotografiet vart først skapt då ein klarte å bevare biletet på eit medium som tålte langtids eksponering for sollys utan å forsvinne.

Sjekk Norge sitt største camera obscura her.

Vegen frå camera obscura til pinhole er kort. Klar for å lage ditt eige digitale pinholekamera på 5 minutt? Følg med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar