torsdag 6. oktober 2011

To UV or not to UV...

Ikkje for å starte ein større diskusjon, men Eurofoto fekk eit spørsmål på Facebook-sida som eg tenkte at eg skulle utdjupe litt. Spørsmålet gjeld i utgangspunktet UV-filter, og i kva grad desse fungerer saman med polaroidfilter eller ikkje. Eg dreg poenget litt vidare, og skal prøve IKKJE å slå eit slag for UV-filter generelt sett.

Litt UV-historikk
I den tid fotografisk film hadde si storhetstid, vart UV-filter brukt hyppig for å forhindre blåstikk
på bilete pga ultrafiolette bølgelengder (<400nm). Fotografisk film hadde som oftast tre emulsjonar (lyssensitive lag), som kvar for seg var sensitiv for raudt, grønt og blått lys. Det blå laget var dog ikkje kun sensitiv for blått lys, men òg til ei viss grad ultrafiolett. Dette medførte at det blå laget ofte fekk meir eksponering, noko som gav eit blåstikk på bileta. For å forhindre dette, brukte mange eit UV-filter som kutta alle bølgelengder under ca 400nm (nanomenter). Filteret hadde særleg stor effekt på disige dagar, der objekt laaangt vekk i bakgrunnen nesten kunne bli usynleg pga overeksponering av UV-lys.

I dag har digitalkamera UV-filter plassert framfor sensorbrikka, og såleis er det ikkje lenger behov for denne filterfunksjonen i kombinasjon med dagens objektiv. Ok, så UV-filterfunksjonen er ikkje-eksisterande.

Kvifor ikkje?
Men kvifor kjøper så folk UV-filter? Jo, det blir brukt som eit beskyttelsesfilter framfor frontlinsa, i tillfelle ein skulle vere vere uheldig. Grei nok tankegang, men det er nokre svake punkt her:

  • UV-filter vert ofte brukt (og selde) i kombinasjon med billige (og dårlege) kit-objektiv. Med andre ord; gjer eit dårleg objektiv enno dårlegare ved å plassere eit ubrukleg filter framfor. 
  • Dersom du er så uheldig at objektivet går i bakken, og UV-filteret tek støyten; trur du ikkje at frontlinsa uansett ville ha blitt skada?
  • Kva trur du at solblendaren er til, bortsett frå å skugge for sola? La solblendaren stå på konstant.
  • Kvifor risikere strølys, kontrastfall og interne refleksjonar på eit dyr og bra objektiv? Min Canon 85mm f/1.2L har aldri sett eit UV-filter, for å seie det slik!
  • Optikkprodusentar brukar ikkje enorme ressursar på å få perfekt optikk med så få linseelement som mogleg, for at du skal plasser eit stykke med middemådig glas framfor frontlinsa.
  • Dersom du stadig vekk skadar frontlinsa på objektivet ditt, bør du sjå litt på korleis du behandlar utstyret ditt. Etter å ha fotografert tildels mykje i 15-16 år, har eg personleg aldri fått skade på ei frontlinse.

Men...
Eg skal innrømme at eg har opptil fleire UV-filter. Dei har faktisk ein brukandes funksjon. Veldig mange objektiv, som i utgangpunktet har vèrtetting, MÅ kombinerast med filter i front for å få fullstendig beskyttelse mot støv og fuktighet. Dette gjeld òg dei dyrare objektivseriane. Når du fotograferer i støvete omgjevnader, er det greit å kunne skru av filteret etter ein hard dag på jobb, og berre skylle det i vatn for å få vekk støvet.

Polaroidfilter derimot, kan vere stas.
Om ein ikkje vert for ivrig.
Men det får eg sjå på ein annan gong...

3 kommentarer:

  1. Eg kan ikkje seie eg blei så mykje klokere, i.o.m at mitt spørsmål var: Vil eitt UV-filter motarbeide eitt Pola-filter når dei blir brukt saman. Men ellers må eg seie det du skriver her, var veldig greitt å vite :-)
    Mvh
    Linda Johansen (som kom med spørsmålet på FB-sida)

    SvarSlett
  2. Som eg skreiv på FB, så vil ikkje UV-filteret motarbeide polaroidfilteret. Polafilteret vil framleis fungere som normalt. Risikoen er dermed at det blir litt for mange glasflater som kan skape interne refleksjonar, og at kontrasten dermed kan bli svekka. Forøvrig er polaroidfilter eit av få filter som skapar effekt som ikkje kan gjenskapast med stort hell i Photoshop.

    SvarSlett
  3. Tusen takk for tilbakemeldingen....såg dessverre ikkje svaret på FB-sida før etter at eg hadde kommentert her. Linken til bloggen fikk eg tilsendt på sida mi :-))

    SvarSlett