Er du klar? Finn fram ditt teleskop og kamera!
Total måneformørking fotografert i 2003, av underteikna. |
Måneformørking for dummies
- Sola lyser på jorda.
- Jorda kaster skugge.
- Månen går inn i jorda sin skugge, og vert formørka.
Måneformørking for folk flest
Månen roterer rundt jorda, og jorda roterer rundt sola. Når sola lyser på jorda, kaster jorda sin skugge ut i verdensrommet. Alle objekt som fell inn i denne skuggen vert ikkje lenger opplyst av sola. Dette ser ein td. på satellittar, som ein kan sjå som saktegåande lyspunkt som bevegar seg over himmelen. Om du følgjer ein slik frå horisont til horisont, vil du ofte sjå at den brått forsvinn ut av syne. Då passerer den gjennom skuggen til jorda, og vert ikkje lenger synleg.
Sidan månen går rundt jorda, vil den til tider òg passere gjennom skuggen til jorda. Dette skjer riktignok ikkje så ofte, for månen er 300.000 km unna, og på den avstanden er ikkje jordskuggen si kjegle så veldig stor. Som oftast passerer månen under eller over skuggen, og vi merkar ingenting.
Av og til, når geometrien i verdensrommet spelar på lag, passerer månen gjennom skuggen. Det er ikkje alltid at heile månen går gjennom skuggen, då vert formørkinga delvis (partiell). Men stort sett er formørkingane totale. Sjølv om månen går inn i skuggen til jorda, vert den ikkje heilt svart. Kvifor?
Noko av lyset når fram til månen, fordi lyset frå sola vert brote i atmosfæren til jorda. Det er kun det raude lyset som vert brote nok til at lyset treff månen. Det fungerer akkurat som ved solnedgang/soloppgang, der lyset vert raudt pga lysbrytinga i atmosfæren.
Idyllisk nok kan ein seie at lyset som treff månen under ei måneformørking er summen av alle soloppgangar og solnedgangar over heile jorda. Vakkert! Men i motsetning til solformørkingar, kan ei måneformørking sjåast av alle delar av jorda som har natt (nattsida av jorda). Dette er såleis ei hending som svært mange kan få med seg!
Når formørkinga startar, ser vi jorda sin skugge som sig innover måneskiva. Og skuggen si form er rundt, akkurat som jorda! Det var slik menneske først kom fram til at jorda måtte vere rund! Her ser vi beviset, praktisk talt svart på kvitt!
Men skuggen er ikkje sylskarp. Dette skuldast at lyset som sagt vert brote i atmosfæren. Vi får dermed litt lysbryting (diffraksjon) som gjer skuggen litt ullen i kantane. Men likevel er skuggen rimeleg godt definert, og du er aldri i tvil når formørkinga startar!
Du vil merke at du brått ser mykje meir stjerner enn før formørkinga starta. (Du har vel forstått no at måneformørkingar KUN skjer ved fullmåne). Dette skuldast at månelyset no er mykje svakare, og såleis fører til mindre refleksjonar og lysspreiing i atmosfæren. Det er eit ganske flott syn å sjå ein blodraudmåne avteikne seg nesten tredimensjonalt mot ein mørk, stjernefylt himmel!
Skisse over ei total måneformørking, laga av underteikna. |
Halvskugge (penumbral fase)
Vi har òg eit fenomen som heiter halvskugge, det er dei delane av formørkinga der kun delar av sollyset treff månen. Då kastar jorda ein halvskugge som dempar lyset litt. Fotografisk er dette nokså greit å fotografere, men det er litt meir vanskeleg å oppdage dette visuelt. Når heilskuggen nesten treff månen, er halvskuggen ganske lett å sjå. Denne delen av formørkinga (penumbral fase) kan vere ganske vakker!
Av og til vert formørkinga faktisk berre penumbral, månen passerer kun gjennom halvskuggen. Desse formørkingane er òg vakre, men ikkje så spektakulære.
Penumbal formørking 14-15.mars 2006 |
Animasjon av måneformørkinga i 2003, laga av underteikna.
Korleis fotografere ei måneformørking
Du treng kamera, objektiv og stativ.
Brennvidda er alt etter formålet. Eg har brukt alt frå 20mm til 800mm brennvidde, og alt fungerer til sitt bruk. Skal du ha detaljerte nærbilete, treng du nok 400mm eller meir. Om du ikkje har objektiv eller eit teleskop i denne storleiken, så kan du heller forsøke å ta bilete av formørkinga der du inkluderer bygningar, personar eller landskap i motivet. Desse kan bli veldig vakre.
Om du treng eit teleskop, får du rimelege og gode teleskop frå Celestron hjå celestron.no.
Når det gjeld innstillingar og eksponering, er det ingen absolutt fasit, for lysstyrka til månen under formørkinga vil variere alt etter amtosfæriske forhold (aske, forureining i atmosfæren etc...).
Prøv 200-400 ISO, blendar rundt f/2.8-4, og ei lukkartid som fangar nok lys utan at månen vert bevegelsesuskarp. Under den mørkaste, totale fasen må ein kanskje opp i 8-10 sek. Om du ikkje har motorisert montering (noko dei fleste ikkje har), ville eg har regulert med ISO slik at ein får ei lukkartid på 3-4 sek. Stativ er ei sjølvfølge!
Heldigvis ser måneformørkingar nokså langvarige, så du har god til til eksperimentering!
Her er eit tidskjema for formørkinga laurdag 10.desember. Tidspunkta kan variere i ulike delar av landet, men oversikta kan brukast som ein peikepinn.
Halvskuggefasen startar: 12:30
Partiell fase startar: 13:45
Total fase startar: 15:00
Total fase sluttar: 16:00
Partiell fase sluttar: 17:20
Halvskuggefasen sluttar: 18:30
I dei sørlegaste delane av landet er formørkinga kun synleg når månen er over horisonten mot slutten av formørkinga. I Nord-Noreg kan heile hendinga sjåast i sin heilskap.
Fotokonkurranse
I samband med formørkinga, arrangerer vi ei fotokonkurranse der vinnaren av det beste biletet får eit gåvekort frå dinkikkert.no til ein verdi av 1500,-. Følg med på Japan Photo og Eurofoto sine Facebook-sider for meir informasjon om dette.
Lykke til! Og så får vi håpe at vèret er på vår side!