mandag 23. januar 2012

Nordlysfotografering for dummies

Den siste tida har det vore forholdsvis lav nordlysaktivitet sør i Noreg, sjølv om solsyklusen eigentleg burde tilseie noko anna. Natt til mandag 23.januar fekk vi derimot vere vitne til eit naturleg fyrverkeri. Å fotografere nordlys er faktisk ikkje så vanskeleg, her er ei kjapp oppskrift.


Canon 7D, 24mm, 1600 ISO, 10 sek lukkartid, blendar f/3.5
Stativ
Sidan vi opererer med lange lukkartider, må vi bruke stativ eller legge kamera på eit fast underlag. Du treng ikkje ha det mest stødige stativet på marknaden, alt er betre enn å halde kamera med handa.

Utløysar
Det er ein fordel, men ikkje krav, med fjernutløysar på kamera. Då står du friare til å komponere biletet, sette opp faste innstillingar, og observere showet med eigne auge medan du eksponerer med tommelen. Det er ikkje eit sjakktrekk å trykke direkte på kamerautløysaren med fingeren, då rørsla er nok til å gjere biletet uskarpt med så lang lukkartid.

Kamera
Spegelrefleks er best, men kompaktkamera med manuelle funksjonar fungerer òg bra.

Brennvidde
Ingen grunn til å bruke lange brennvidder. Sats på vidvinkel eller ultravidvinkel. Då får du dekka ein større del av himmelen, og slepp å stille på stativhovudet heile tida. I tillegg bidrar den korte brennvidda til å gjere rørslene litt mindre tydelege i biletet. Minst 24mm (135-film ekvivalent) er passeleg, men gå gjerne for enno kortarte brennvidder om du har.

Blendar
Du kan sjølvsagt bruke svært raske blendarar til nordlys (td f/1.4), men då vert det kritisk med fokuseringa. I tillegg yt ofte ikkje objektiva maksimalt på slike store blendarar. Eg brukar rundt f/2.2 - 3.5, alt etter kva objektiv eg brukar. Då har eg eit godt kompromiss mellom lysstyrke og bildekvalitet.

Lukkartid
Nordlyset har ofte ganske raske rørsler. Målet er å halde lukkartida så kort som mogleg, men likevel så lang at du får med nok lys. Start med 10 sek, og gå kortare om du ynskjer å fryse meir av rørsla (du bør då kompensere med auka ISO). Du må ofte eksperimentere litt for å finne den optimale eksponeringa.

ISO
Bruk høg ISO. Moderne kamera har så lågt støynivå at du kan bruke 1600-3200 ISO utan store problem. Om det er kaldt ute, bidreg dette òg til å kjøle ned bildebrikka. Då blir det mindre støy. Start på 1600 ISO, og sjå om du treng meir etterkvart.

Fokus
Fokus er kritisk. Ikkje gjer tabben med å stille kameraet på uendeleg og så tru at fokusen vert perfekt! Dei fleste objektiv har eit uendeleg-punkt (stjernefokus) som ikkje samsvarar med uendeleg-teiknet på objektivet. Bruk gjerne live-fokus, og fokuser manuelt på eit lyspunkt som ligg langt unna. (Sterk stjerne, gatelys langt unna). På ein liten kameraskjerm ser ofte bileta veldig skarpe ut, men det skal ikkje mykje til før stjernene vert skiveforma.

Komposisjon
Tenk gjerne litt kreativt under fotograferinga. Ikkje ta berre bilete av himmelen, men få med litt terreng, busetnad eller andre element. Dette gjer mykje for biletet. Om du legg på ein blitz i tillegg, kan du få med  personar i framgrunnen (desse vert skarpe pga blitzen) og nordlyset i bakgrunnen.

Og nordlys; kva er det?
Kort fortalt så er det partiklar frå sola som vert styrt inn mot polane pga jorda sitt magnetfelt, og som eksiterer atom i atmosfæren slik at dei sender frå seg monospektralt lys i ulike bølgelengder (avhengig av kva gass som vert eksitert).

Kort oppsummert:
- vidvinkel
- stativ
- fjernutløysar
- 10 sek lukkartid
- blendar f/3.5
- 1600 ISO
- fokus på uendeleg
- idyllisk komposisjon

5 kommentarer:

  1. Eit fantastisk bilde!! Eg tok meg den fridom å legge det ut på profilen min på facebook,samt på Auds Cottages på same, har tatt med fotografen sitt namn altså... Mange av gjestene/ turistane mine er så fasinert av nordlyset. Såg seint i gårkveld, men ikkje noko då, heldt meg ikkje vaken så lenge. Men det var kanskje i natt og, var i allfall klårt i dagtidleg. Fin blogg du har! Helsing Aud

    SvarSlett
  2. Takk, takk! Berre hyggeleg! Det var antydningar til nordlys i natt òg, men på ingen måte samanliknbart med natt til mandag. Tok ein kort timelapse-video, som viser litt av nordlyset. Videoen vart teken frå småbåthamna.
    http://youtu.be/zIHC7UWLjGo

    SvarSlett
  3. Grei innføring i nordlysfotografering:)
    Min erfaring tilsier at det går fint å stille objektivet til uendelig. Har aldri opplevd å få uskarpe nordlysbilder med den innstillinga.Bruker et Tamron 17-50 f2,8.

    SvarSlett
  4. Hei Beate!
    Takk for kommentar!
    Ja, det går stort sett bra, men det spørs kor stor maksimal blendaropning du brukar, og alt etter korleis kvar enkelt objektiv er satt opp mtp uendeleg fokus. Eg brukar å stille fokus ved hjelp av live-view, og då brukar eg stjerner som fokuspunkt. Som regel vert stjernene skarpast når fokusen ikkje er køyrt heilt til uendeleg. Men det er jo alltids eit spørsmål om kva som er skarpt nok! Om du brukar f/1.4 som største blendar, er fokusplanet så snevert at stjernene fort blir uskarpe. Brukar du f/3.5 eller f/4, vil djupteskarpleiken som regel sørge for at stjernene er i fokus, sjølv om skarpetsplanet ikkje ligg på stjernene. Eg brukar som oftast f/1.4 optikk, som eg så blendar litt ned (til f/1.8-2) for å få litt ekstra ytelse frå objektivet. Dei fleste objektiv yt best når dei er litt nedblenda frå største blendar.

    SvarSlett
  5. Mange fine råd og gode tips for en uerfaren amatør som etter mange år har gjenopptatt litt fotografering (nyanskaffet Nikon D3200 med 18-55mm og 55-300mm). Jeg lurer litt på hvordan man kan ta gode nattbilder. Ikke nødvendigvis nordlys, men f. eks. måneskinnsbilder. Så bl. a. et flott bilde på FB

    http://www.facebook.com/photo.php?fbid=164251417053891&set=pb.100004071014126.-2207520000.1355585614&type=3&theater

    Har du noen tips om hvordan man får til noe sånt?

    SvarSlett